Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Gakk hen og bli likare”. Hamar Dagblad, 17.02.2011, s. 19.  [>pdf av denne artikkelen]

Gakk hen og bli likare
________________________________________

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk
Høgskolen i Hedmark
________________________________________
 

Det var kanskje ei litt merkeleg overskrift. Men har du òg av og til lurt på ordforma ”gakk” i bibelsitatet ”gakk hen og gjør likeså”? Då er du ikkje åleine. Eg fekk nettopp spørsmålet om eg kunne forklare ordet ”gakk” og i denne samanhengen også ”gikk/gjekk”, som jo er like rare – eller avvikande – i denne samanhengen.

Slår ein opp i Bokmålsordboka, finn ein ut at ”gakk” er eit lydhermande ord. Gåsa seier t.d. gakk eller gakk-gakk. Slår ein opp i Nynorskordboka, ser ein at ”gakk” ved sida av å vere eit lydord også kan vere bydeforma av [gange]; gange er då såkalla klammerform av gå. I sitatet ”gakk hen og gjør likeså” er jo dette relativt klart og eintydig, og sitatet er vel framleis levande i samanhengar der ein ønskjer å komme med ei mild – og kanskje litt munter – oppmoding om å gjere noko i same stil.

Som verbform er nok ”gakk” litt morosam i dag. Det er ikkje så mange som kan bruke dette ordet i vanleg tale utan at det ville verke veldig markert. Men ordforma var heilt vanleg i eldre tider, og forklaringa er relativt enkel. I norrøn tid og ei god stund framover hadde ein ei rekkje systematiske lydreglar som gjorde at visse lydkombinasjonar endra seg. Den eine lyden påverka den andre, og anten blei den eine lyden meir lik den andre, eller så kunne også begge lydane bli meir like og treffast på midten. Når to lydar påverkar kvarandre, kallar vi dette for assimilasjon, som er latin for å gjere likare.

Éin lydregel i gammalnorsk gjorde at lydkombinasjonen nk blei til kk. Mens vi har ”trinken” og ”drink” i tysk og engelsk, hadde vi ”drekka” og seinare ”drikke” i norsk og i resten av dei nordiske landa. På same måte har vi ”danken” og ”thank”, mens norsk hadde ”þakka” og seinare ”takke”. Lydendringa var altså systematisk.

Verbet ”gå” var i gammalnorsk ”ganga”, som vi framleis kan ha som såkalla klammerform i nynorsk. Verbet ganga var tydelegvis utsett for lydleg ”slitasje” slik at den nasaliserte lyden ng mellom to vokalar forsvann og ein sat igjen med gaa, som så blei til gå. Men det er ei anna sak. Det finst framleis dialektar der ein seier at ein skal ganga/gange, og det finst òg dialektar der ein seier at ein skal ga.

Det interessante for oss er derimot fortidsforma og bydeforma av ganga. Fortidsforma er framleis ”gikk” eller ”gjekk”, mens bydeforma er ”gå”, men altså også eventuelt ”gakk”. I gammalnorsk var bøyinga ”ganga – gengr – gekk – gengit”, mens vi i dag har ”gå – går – gikk/gjekk – gått”. Mens vi i moderne norsk har ein klar stemd uttale av ng i t.d. ordet ”gjeng”, må vi rekne med at g-en blei uttalt mykje meir markert i gammalnorsk og dermed blei ustemd i slutten av ordet. Ein fekk (fekk, ja, same fenomen) då truleg uttalen nk, som i neste omgang blei assimilert til kk. Dette gjaldt då bydeforma ”gang”, som altså blei til ”gakk”, og fortidsforma ”geng”, som blei til ”gekk”. Så det er ingen grunn til å sprekke (>springe) av latter av desse formene. Gakk hen og høyr etter om du òg har nokon fine lydreglar i dialekten din.