Etter å ha studert musikk og tysk studerte eg
nordisk ved universitetet i Trondheim for tjue år sidan, og der
måtte vi lese mykje litteratur, blant anna også Olav H. Hauge. Til
saman hadde vi vel 60-70 dikt på pensumlista, som skulle dekkje
heile litteraturhistoria, frå norrøn tid og fram til moderne tid.
På den tida gjorde ikkje Olav H. Hauge noko spesielt
inntrykk på meg. Eg valde i staden å skrive ei oppgåve om Halldis
Moren Vesaas. Eg var elles meir interessert i språkdelen av studiet
med grammatikk og gammalnorsk, og det var gammalnorsken eg tok med
vidare til hovudfag og doktorgrad.
Ti år seinare hadde eg ein doktorgrad med ei
avhandling om norrøn grammatikk, og etter alle desse åra med studium
var det endeleg tid til å finne tilbake til musikken. For å få utløp
for kreativiteten byrja eg å setje musikk til dikt av norske
forfattarar. På den første heimesnekra CD-en blei det med seks
tekstar av Olav H. Hauge:
Ventetime, Song til stormen,
Seljefløyte,
Fela,
Beint fram
og Til den lærde.
På den andre innspelinga blei det berre med to
tekstar av Olav H. Hauge, Kor livet fell og
Is-soleia. Mens
den tredje økta med 13 komposisjonar blei gjort med utgangspunkt i Under
bergfallet.
Fjorten tekstar av Olav H. Hauge blei tonesette då.
Andre diktarar eg har tonesett, er bl.a. Olav
Nygard, Olav Aukrust, Arne Garborg, Jakob Sande og Halldis Moren
Vesaas, men det er nok Olav H. Hauge som har utfordra meg mest som
tonesetjar. Eg ser gjerne på songane mine som barna mine. Dei er
svært forskjellige, og dei blir fødde som dei er, med alle sine pene
sider og mindre pene sider. Songane som blei fødde i møte med Olav
H. Hauge, er gjerne meir spesielle enn andre songar eg har skrive
(eller fødd).
Olav H. Hauge har eit eige språk, som i meg fødde
ein eigen type musikk, kanskje den til og med er litt sær i nokre
tilfelle. Olav H. Hauge leidde meg på ein veg; min veg, berre eg
skulle gå han, og det var uråd å snu – ut i det ukjende – ut i det
blå. Ja, eg tonesette ein god del dikt til Olav H. Hauge. Eg las dei,
men skyna snart at eg las anns manns brev; at ordi var til ein og
ingen andre. For Olav H. Hauge fanst det ikkje annan veg, han måtte
skrive. Eg blei éin av dei fekk som orda hans; ein som las. Sidan
orda hans smelta saman med melodiane mine, blei orda ein del
av meg, musikken min og livet mitt.