Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail@jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: "Når kjem satsinga på IKT og læring". Universitetsavisa 1-02, 24.01.2002, s. 12. [Originalutgåva: UA 1-02 - pdf]

[Kommentar: Universitetsavisa er ansvarleg for inngressen, overskrifta og mellomoverskriftene (utheva). Endringane blei gjorde utan mi godkjenning. Mi opphavlege overkrift på det innsende manuskriptet var:
IKT og læring ved NTNU
Utfordringar til den nye universitetsleiinga
.]

Når kjem satsinga på IKT og læring?

__ Jens Haugan ventar spent på at det nye rektoratet skal innfri løfta sine frå valkampen om å satse på IKT.__

IKT og læring er eit såkalla «fokusområde» under det femte tematiske satsingsområdet: Informasjons-og kommunikasjonsteknologi (IKT) ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet. Informasjons-og kommunikasjonsteknologi er det siste av dei fem tematiske satsingsområda som blei vedtekne av Kollegiet i 1999/2000, og fokusområdet IKT og læring har nok vore vanskelegast å organisere sidan dette på mange måtar er eit nytt forskingsfelt.

Meir heilhjarta satsing i Oslo og Bergen. Trass i ein del praktiske problem og til dels motstridande signal frå ulike miljø ved NTNU har det i 2001 vore mogleg å etablere Laboratoriet for IKT og læring (L@bIL) ved NTNU som eit velfungerande tverrfagleg forskarfellesskap som har potensial til å realisere fleire av NTNU sine offisielle satsingar og strategiar.
     Det kan vere interessant å merke seg at svært mykje av innsatsen i oppbyggingsprosessen så langt har komme frå engasjerte personar i fagmiljøa og i mindre grad frå universitetseiinga. Det er dessutan òg viktig å vere klar over at t.d.den tilsvarande satsinga på InterMedia ved Universitetet i Oslo (og Bergen) har komme mykje lenger og verkar å vere mykje meir heilhjarta enn ved NTNU. Slike forhold vil fort kunne svekkje statusen og forventningane til NTNU som nasjonal teknisk-naturvitskapleg IKT-høgborg.
     På oppdrag frå Kollegiet blei det våren 2001 levert ein rapport der fokusområdet IKT og læring ved NTNU var blitt kartlagt og problematisert. Rapporten har så langt ikkje blitt behandla på leiingsnivå eller ført til konkrete reaksjonar,sjølv om rapporten tek opp fleire viktige problemstillingar som burde avklarast for å ikkje bremse den vidare satsinga på IKT og læring ved NTNU. Bl.a. ville det vere svært
viktig så snart som råd å bli einig om ein definisjon og ei praktisk organisering av fagfeltet IKT og læring.

Vil forventningane bli innfridd? Som fokusområde innanfor dei strategiske satsingsområda blei det gjennom ulike offisielle dokument dei siste åra bygt opp visse forventningar til IKT og læring si stilling ved NTNU i framtida, og retorikken i samband med rektorvalet i fjor haust forsterka inntrykket av at NTNU faktisk meinte alvor når det gjaldt framtidig satsing på IKT og læring.
     Kollegiesakene 258/99 og 114/00 la vekt på at NTNU skulle bli internasjonalt leiande innanfor hovudprofilen, som bl.a. skulle bli styrka gjennom å peike ut tematiske satsingsområde. Desse områda skulle på sikt kunne bli såkalla «senter for framifrå forsking». I K-sak 114/00 sa ein om IKT og læring ved NTNU: «For øyeblikket er neppe dette området en kandidat til senter for fremragende forskning, men en framtidssatsing med sikte på å bruke NTNUs store bredde på et felt som vil få stor kunnskapsmessig og økonomisk betydning i framtida». Dette må forståast slik at NTNU tenkjer å satse aktivt på området for å få det opp på internasjonalt nivå. Det står også i notatet til K-saka
at: «I forbindelse med universitetets budsjettprosess for 2001, bør de tematiske satsningene få prioritet. Ved tildeling av doktorgradsstipend, post.doc.stipend med mer som skjer gjennom året fra departementet, bør også de tematiske områdene få prioritet
[…] Universitetets ledelse må også ta hensyn til de utvalgte temaområder […]».

Store ord og lite pengar. Fokusområdet IKT og læring sende inn ein søknad på strategi-og omstillingsmiddel i 2001 og fekk avslag frå det førre rektoratet med grunngjevinga at ein ønskte å vente til nettbasert læring ved NTNU var betre etablert. Dette er mildt sagt ei svært merkeleg form for satsing og prioritering frå NTNU si side, spesielt sidan dei oppgåvene som ein ville kunne ha gjort vha. ei slik øyremerkt tildeling, ville ha støtta alle dei offisielle strategiane ved NTNU.
     I Budsjettforslaget for 2001 stod det t.d. at «NTNUs hovedprofil skaper en forventning om at dette universitetet er dyktig og ledende når det gjelder å utvikle og legge til rette for IKT-støttet undervisning og læremetoder». Spørsmålet er om NTNU ventar at dette skjer av seg sjølv, og om «tematiske satsingsområde» er område der ting har størst potensial for å skje av seg sjølv utan direkte støtte frå NTNU. Budsjettforslaget sa elles at: «For å møte de utfordringene dette gir, prioriterer NTNU å skape et sterkt forsknings-og utviklingsmiljø innenfor utvikling av nye, fleksible læringsformer». Det er per i dag vanskeleg å sjå at NTNU prioriterer å satse på å bli leiande i Noreg innanfor IKT og læring. For 2002 er NTNU sitt budsjettforslag til fokusområdet IKT og læring på 350 000 kroner. Eit slikt beløp liknar verken på prioritering eller satsing.

Vi har no fått eit nytt rektorpar som har brukt IKT som eitt av dei viktigaste tema i valkampen sin. NTNU har bl.a.blitt lovt ein såkalla viserektor for IKT og læring. Spørsmålet er om dette er ei ny satsing på eit administrativt nivå utan kontakt med grasrota, eller om NTNU no tenkjer å vise konkret at fagfeltet IKT og læring ved NTNU kan utviklast til å bli eit senter for framifrå forsking gjennom målretta satsing og prioritering. Fokusområdet IKT og læring står overfor mange utfordringar,men det er også stor optimisme og pågangsmot i fagmiljøet. Det er berre å håpe at strategidokument og lovnader blir følgde opp av den nye leiinga.

Jens Haugan
Koordinator for IKT og læring