Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail@jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: "Framtidshåp for IKT og læring". Universitetsavisa 3-02, 21.02.2002, s. 12. [Originalutgåva: UA 3-02 pdf]

Framtidshåp for IKT og læring

__Jens Haugan meiner at NTNU bruker forsvinnande lite pengar på satsingsområdet IKT og læring.__

I Universitetsavisa nr. 2, 7. februr 2002 [UA 02-02 pdf] skriv Ove Kristian Haugaløkken at eg ikkje har «sakleg grunnlag for å polemisere mot NTNU som institusjon», at talet frå budsjettframlegget eg opererer med, «ikkje [gjev ] eit riktig bilete av situasjonen», og at mitt «grunnlag for klage fører til heilt feilaktige konklusjonar». Dette må eg sjølvsagt kommentere, spesielt sidan Haugaløkken tydelegvis har lese debattinnlegget mitt på ein litt annan måte og på eit anna nivå enn det var tenkt frå mi side. Eg hadde nok ikkje venta å få eit slikt motinnlegg ifrå eigne rekkjer sidan innlegget mitt var meint som ei slags «velkomsthelsing» til den nye universitetsleiinga. Eg håpar at dette ikkje fører til at ein oppfattar miljøet som representerer IKT og læring ved NTNU som splitta, og at ein kan dreie debatten tilbake til det som eg trudde eg skreiv om i det første innlegget mitt.

Sunt med debatt. Då Universitetsavisa 1, 24. januar kom ut, blei eg først litt skremt fordi redaksjonen hadde endra overskrifta til innlegget mitt utan å informere meg og dessutan sett inn underoverskrifter over nokre av avsnitta. Det var ikkje intensjonen min å polemisere mot
NTNU som institusjon, men heller å informere om situasjonen rundt fokusområdet IKT og læring og minne det nye rektorparet om forventningane ein har i fagmiljøet til IKT og læring si framtid. Likevel er det kanskje bra at Universitetsavisa sin redaksjon prøver å spisse enkelte innlegg, sidan ein då i alle fall får sett i gang ein debatt, noko som i mange tilfelle kan vere vanskeleg nok ved NTNU.

Utfordringar til den nye leiinga. Overskrifta mi var opphavleg: «IKT og læring ved NTNU – utfordringar til den nye leiinga». Innlegget mitt blei avslutta med: «Fokusområdet IKT og læring står overfor mange utfordringar,men det er også stor optimisme og pågangsmot i fagmiljøet. Det er berre å håpe at strategidokument og lovnader blir følgde opp av den nye leiinga».
     Eg innrømmer at uttrykket «det er berre å håpe» kanskje ikkje lyder for optimistisk. Dette kjem nok av at ein god del ting innan «satsinga» IKT og læring faktisk ikkje har komme på plass enno, trass i god vilje frå leiinga. Det er dessutan grunn nok til å vere litt skeptisk også i framtida. Når det t.d. gjeld strategiar og lovnader, reklamerte rektorparet i valkampen med ein viserektor for IKT og læring, noko som ville ha gjeve eit enormt løft for heile satsinga og som ville ha stilt NTNU nasjonalt – og kanskje også internasjonalt – i ei svært offensiv stilling på dette området. Men NTNU fekk ingen viserektor for IKT og læring, og ein kan derfor spørje seg om satsinga likevel ikkje er meint å vere så offensiv som ein kunne tru ut frå tidlegare signal.

Stor aktivitet innan IKT og læring. Som det er dokumentert i rapporten om IKT og læring ved NTNU og innlegget til Haugaløkken, skjer det ein god del innanfor området IKT og læring ved NTNU. Det finst mange engasjerte miljø og enkeltpersonar som får sett i gang prosjekt og som er flinke til å skaffe ekstern finansiering. Eitt problem med dette er berre at dei fleste aktivitetane er prosjekt som ikkje varer meir enn eitt semester eller to. Spørsmålet er då om ein kan tale om «satsing» eller «strategi» i denne samanhengen.

Senter for framifrå forsking. Det var absolutt ikkje min intensjon å gje inntrykk av at det ikkje fanst mange prosjekt innanfor området IKT og læring ved NTNU. Det eg er oppteken av, er å diskutere kva det inneber når Kollegiet bestemmer at IKT skal vere eitt av dei fem tematiske satsingsområda ved NTNU, og ein snakkar om «senter for framifrå forsking »på internasjonalt nivå. Slike mål er vanskelege å nå med dei føresetnadene IKT og læring ved NTNU har hatt så langt. IKT og læring er det nyaste fagfeltet, og det er ekstremt tverrfagleg, noko som gjer at det er vanskeleg å organisere. Det er eit mål å få koordinert ein del av aktiviteten, å få synleggjort forskinga og å få laga eit studietilbod på internasjonalt masternivå. Desse utfordringane krev sjølvsagt støtte på leiingsnivå.

Laboratoriet for IKT og læring. L@bIL er éin måte å konsentrere innsatsen innanfor fagfeltet IKT og læring på. Ved L@bIL kan mange hovudfagsstudentar, doktorgradsstudentar og forskarar sitje i eit fruktbart forskarfellesskap. Når det gjeld dei tre forskarane med førstekompetanse som prøver å ta seg av studentane og lage eit undervisnings- og rettleiingstilbod innan IKT og læring, er det snakk om
tidsavgrensa prosentstillingar. Hadde NTNU t.d. valt å gje fem forskarar fem år på å få det nye fagfeltet på internasjonalt nivå når det gjeld forsking og utdanning, kunne ein kalle dette for ei «satsing». I staden er det i praksis ingen som veit korleis verda ser ut til hausten. Forskarane er frustrerte og bruker mykje av forskingstida på å finne såkalla eksterne middel for å finansiere prosjekt som bl.a. det førre rektoratet ikkje ville støtte – fordi ein ville vente til nettbasert læring ved NTNU var betre etablert.
     Det er riktig at NTNU bruker mykje pengar på IKT-relaterte aktivitetar. Men fokusområdet IKT og læring skal vere eit forskingsfelt. Det hjelper lite når forskarane ikkje får høve til å studere dei aktivitetane som NTNU sjølv har sett i gang fordi ein vil vente til dette er betre etablert.

Mål, satsing og framtida. Når NTNU sin strategi er å gje berre éin million kroner i såkalla «såpengar» til kvart av dei fem tematiske satsingsområda, og IKT og læring får 350.000 kroner av desse midla, er det forsvinnande lite pengar. Eg veit ikkje om det fører til «heilt feilaktige konklusjonar» å referere til denne offisielle satsinga utan å nemne alt det andre som skjer ved NTNU. Poenget mitt er at det
nyaste forskingsfeltet og siste satsingsområdet ved NTNU treng ei anna form for satsing for å nå måla, og at et er spesielt vanskeleg når ein i tillegg får mindre enn dei andre satsingsområda. Eg vil likevel avslutte «klaginga» mi med den same hovudbodskapen som i det første innlegget: vi har fått eit nytt rektorpar, som bl.a. har gått til val med å ville satse på IKT og læring ved NTNU. Det finst mange utfordringar og hindringar, men fagfolka er optimistiske og villige til å gå inn i ein kreativ, konstruktiv og kritisk prosess for å konsolidere og vidareutvikle forskingsfeltet IKT og læring. I denne prosessen håpar ein at ein finn den nødvendige støtta hos den nye leiinga, slik at ein kan realisere det Kollegiet (114/00) kalla «en framtidssatsing med sikte på å bruke NTNUs store bredde på et felt som vil få stor kunnskapsmessig og økonomisk betydning i framtida».

Jens Haugan