Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail@jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Publisert som / Printed as: "IKT, undervisning og læring". Universitetsavisa 7-02, 14.05.2002, s.16. [Originalutgåva: UA 7-02 pdf]

IKT, undervisning og læring

__Ein studiesituasjon er ein kommunikasjonsprosess som føreset ein «konktrakt» mellom den lærande, læraren og undervisningsinstitusjonen, skriv Jens Haugan.__

Då datamaskina blei tilgjengeleg for fleire, og større nettverk blei etablert, blei det også mogleg å nå ut til mange personar på ein gong uavhengig av stad og tid. Med utgangspunkt i modellar for brevkursverksemd var det då naturleg at ein byrja å ta i bruk datamaskina til
såkalla nettbasert (fjern-)undervisning. Den dominerande framgangsmåten var rett og slett at ein digitaliserte lærestoffet («læreboka på nettet»). I tillegg prøvde ein som regel å lage oppgåver som studentane så skulle sende inn per e-post. I det store og heile består denne undervisningsforma av «brevkurspedagogikk», dvs. at læraren ut frå sin eigen ståstad prøver å formidle lærestoff til studenten gjennom ein kombinasjon av tekst/kjeldemateriale og spørsmål. Éin openberr fordel med IKT-støtta undervisning framfor vanlege brevkurs er at det gjerne går litt fortare å nå ut til studenten og tilbake til læraren,og at lærestoffet lettare kan redigerast og oppdaterast.

FRÅ undervisning TIL læring. Det blei snart klart at teknologien åleine ikkje ville kunne revolusjonere utdanninga. På slutten av 90-talet dreidde vinklinga på debatten seg frå å fokusere på nettbasert undervisning (med fokus på digitalt lærestoff) til nettbasert læring (bl.a. med meir fokus på samarbeidsformer). Denne dreiinga kom etter at mange hadde diskutert kommunikasjonen si rolle i samband med datateknologien, og ein argumenterte sterkt for å endre omgrepet informasjonsteknologi (IT) til informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT). Det kan verke som om denne endringa åleine har ført til at mange fleire har byrja å finne seg ein plass i dette landskapet, ikkje minst humanistar og samfunnsvitarar av alle slag. Men dette har faktisk i sin tur ført til at nokre miljø har byrja å ta i bruk omgrepet IT igjen for å distansere seg frå utviklinga innanfor IKT-feltet. I Noreg har ein på nasjonalt plan elles bl.a. også teke omsyn til den pedagogiske tenkinga ved å endre SOFF sitt namn frå Sentralorganet for fjernundervisning på universitets- og høgskolenivå til Sentralorganet for fleksibel læring i høgare utdanning.

Undervisning OG læring. For tida er det altså tydelegvis mest «moderne» å snakke om IKT-støtta eller nettbasert læring (for ikkje å nemne «e-læring») istf. undervisning. På den andre sida er det ikkje vanskeleg å sjå at denne dreiinga i pedagogisk tenking nok har gått altfor langt. Det er ikkje sikkert at innhaldet og utforminga av dei enkelte nettbaserte kurstilboda i praksis har endra seg så veldig mykje, men bruken av terminologien signaliserer indirekte at læring er noko som skjer meir eller mindre av seg sjølv, berre ein har tilgang til digitale «informasjonsbankar». Det er ikkje utan grunn at K-en kom i tillegg til IT for også å framheve kommunikasjonsaspektet. I utdanningssamanheng er det mildt sagt meiningslaust å snakke om læring utan samtidig å snakke om undervisning.

Sjølvregulert eller strategisk læring. I det utdanningssystemet som vi har, vil det alltid måtte vere ei eller anna form for kommunikasjon mellom undervisningsinstitusjonen og den lærande, om ikkje anna så på eit metaplan. Det er klart at ein kan lære noko utan å bli undervist direkte, men eit organisert utdanningssystem føreset på mange måtar at ein eller annan har definert visse læringsmål og eventuelt metodar for korleis desse kan bli realiserte. Ved å definere seg sjølv inn i ein utdanningssituasjon (t.d. ved å immatrikulere seg eller melde seg på eit fag), definerer ein seg samtidig inn i ein undervisnings- og læringskontekst. I den augneblinken ein som «offisiell» student eller i ei i anna form «bevisst/sjølvvald lærande» har blitt klar over eksternt definerte eller sjølvalde læringsmål, må ein også ta stilling til korleis ein kan nå desse måla; dvs.ein må bestemme seg for å velje visse strategiar. Éin strategi kan då vere å ta imot lærarstyrt undervisning, ein annan strategi kan vere å styre læringa meir eller mindre sjølv ved å «undervise» seg sjølv. Men frå det punktet der ein snakkar om å tileigne seg noko ut frå førehandsdefinerte mål, er det i praksis ikkje tenleg å skilje mellom undervisning og læring. Dersom ein absolutt ønskjer å fokusere meir på læring enn på undervisning, burde ein om ikkje anna snakke om sjølvregulert eller strategisk læring (som også er ei offisiell teoretisk tilnærming). På den måten kan ein synleggjere at studenten faktisk har eit bevisst og aktivt forhold til læringssituasjonen. Det er t.d. ein stor skilnad mellom det å lære eit språk som førstespråk (morsmål) og det å lære eit språk som andrespråk (fremmendspråk). Når det gjeld medvit og eventuelle ønske/krav om å lære, er dette heilt annleis i samband med det første språket enn i samband med eit eventuelt fremmendspråk. Læringa av det første språket er mykje meir styrt av generelle utviklingsprosessar enn den forma for læring ein er oppteken av i den «offisielle» utdanningssamanhengen.

Ansvar for undervisning og læring. På den andre sida er «ansvar for eiga læring» som omgrep heller ikkje noko nytt. Problemet er at det ikkje berre er den lærande som har eit ansvar, men også læraren og undervisningsinstitusjonen. Samtidig som studenten må ha strategiar for å lære på ein best mogleg måte, må læraren ha strategiar for korleis han kan undervise på ein best mogleg måte for at læringa kan skje hos studenten. Det gjev lite meining å snakke om anten undervisning eller læring. Heile studiesituasjonen er ein kommunikasjonsprosess som føreset ein kommunikasjonskonktrakt slik ein kjenner han frå komm unikasjonsteorien. Førelesarane, og undervisningsinstitusjonen på eit overordna plan, stoler på at studentane ønskjer å lære noko,mens studentane stoler på at førelesarane og undervisningsinstitusjonen gjer sitt beste for å gjere dette mogleg. Med denne gjensidige uskrivne avtalen følgjer eit gjensidig ansvar som burde vere eit godt grunnlag for studiekvalitet og ein framtidig reform av denne.

Jens Haugan
Laboratoriet for IKT og læring