Tidens Krav skreiv 28.1. om ”Folkeavstemming om
målform” på Batnfjord skule. Eg sjølv er
nynorskbrukar på Austlandet, og det er ikkje alltid
like enkelt. Eg underviser i norsk og kan dermed
skjule meg bak eit slags profesjonelt stempel også
utanfor klasserommet. I 2008-2009 førde eg ein
lengre debatt i Hamar Arbeiderblad om nynorsk i
skolen. Austlendingane meiner gjerne at nynorsk er
eit vestnorsk særspråk.
Eg har dialektgrunnlaget mitt frå Nord-Noreg, og det
å skrive nynorsk i tillegg, gjer vel at ein blir
enda meir malplassert på Austlandet. Det er lite
nynorsk å lese i austlandsavisene, derfor er avisene
i Møre og Romsdal nærmast som eit språkparadis å
rekne. Her er tospråkssituasjonen levande og reell,
og ein skulle tru at dei to målformene levde side om
side i fred og fordragelegheit. Derfor var det
skremmande og tankevekkjande at ein del folk midt i
”tjukkaste nynorskland” vil kvitte seg med
nynorsken.
Formelt sett ligg dei fleste dialektane nærmare
nynorsk enn bokmål, spesielt i Vest-Noreg. Ein kan
derfor ikkje utan vidare hevde på formelt grunnlag
at nynorsk ikkje er eit passande skriftspråk for
elevane på Batnfjord skule. Men det som er
interessant i all debatt om nynorsk, er at det
gjerne er foreldra som meiner noko. Det er ikkje
nødvendigvis kva som er best for barna, som er
avgjerande, men først og fremst haldningane til
foreldra. Dermed blir det i praksis ikkje ei
folkeavstemming, men ei foreldreavstemming, når ein
no prøver å kvitte seg med nynorsken.
I praksis er det alltid foreldra som tek dei
”viktige” vala for barna. Og det er kanskje
naturleg? Vi som foreldre veit jo sjølvsagt kva som
er best. Elvis var bra, så då bør også ungane våre
skjønne det så tidleg som mogleg. Og når vi har lært
at berre mann og kvinne kan vere par, så bør vel
også ungane ta over dette synet? Akkurat dette har
dei fleste foreldra heldigvis innsett no; det er
ungane som sjølv må kunne få velje kven dei er og
kven dei ønskjer å vere. Korfor skal då ikkje ungane
få lære det skriftspråket som ligg nærast dialekten
deira? Så kan dei sjølv seinare velje noko anna –
dersom dei lèt seg påverke av storsamfunnet i staden
for å halde på sin språklege identitet.
Det er nok mange som av ulike grunnar skiftar
hovudmål, anten på vidaregåande eller eventuelt når
dei byrjar i arbeidslivet. Ein kan sikkert bruke
dette som eit argument mot nynorsk. Men det viser at
nynorskelevar i praksis er ”tospråklege”. Det er
gjerne ikkje noko problem å skifte til bokmål dersom
ein ønskjer det. Elevar som har vakse opp med
nynorsk, har ein stor språkleg kompetanse som dei
fleste elevane på Austlandet ikkje har. Dei fleste
lærarstudentane på Austlandet er i praksis svært
dårleg kvalifiserte til å undervise i nynorsk. Dette
er eit tankekors all den tid vi snakkar om
profesjonalitet og yrkesstoltheit.
Det finst gjerne fleire moglegheiter til å løyse
ulike problem i samfunnet. Det er mange nok som vil
fjerne nynorsken for godt. Per i dag har vi ei
mållov, men i motsetnad til dei fleste andre lovene
er mange lite opptekne av å faktisk følgje denne
lova. Elevar som veks opp med nynorsk, får det mykje
lettare seinare fordi dei utviklar eit aktivt
forhold til begge dei norske skriftspråka. Dette er
ein konkurransefordel i utdannings- og
jobbsamanheng. Men likevel vil altså mange foreldre
– fordi dei meiner dei veit best – ta denne
moglegheita ifrå barna sine. I neste omgang får
utdanningsinstitusjonane enda fleire lærarstudentar
som ikkje kan nynorsk, og vi får enda fleire dårleg
kvalifiserte lærarar. Ein kan godt skylde på
studentane, men eg føler meg freista til å leggje
ein del av skylda på foreldra. Vil du det beste for
barna dine, gjev dei ei moglegheit til å bli kjende
med den rike språklege variasjonen vi har i Noreg,
og så kan dei velje sjølv seinare. Noko ein aldri
har lært, vil ein heller ikkje velje. Det vi kan
gjere som foreldre, er først og fremst å leggje til
rette for at ungane faktisk kan velje. La nynorsken
leve.