Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail@jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: "Tidleg fremmendspråklæring - eit SOKRATES LINGUA 2-prosjekt". Språk og språkundervisning 4/03, pp. 22-23.

Tidleg fremmendspråklæring
- eit SOKRATES LINGUA 2-prosjekt

JENS HAUGAN
NTNU
Jens Haugan
Det er ikkje så ofte ein høyrer eller les om tidleg fremmendspråklæring i dagspressa. Til og med i eit fagtidsskrift for språklærarar, som t.d. Språk og språkundervisning, vil ein først og fremst finne artiklar om tema som har å gjere med språklæring hos ungdommar frå ca. 15 år og oppover. Og det er i grunnen ikkje så rart sidan eit forum for språklærarar gjerne vil bestå av lærarar som har studert eitt eller fleire språk litt meir inngåande (eitt år eller lenger). Med den utdanningsbakgrunnen hamnar ein ofte i den vidaregåande skolen eller kanskje i ungdomsskolen (eller i høgare utdanning), men kanskje ikkje så ofte i barneskolen. Korleis er så det med alle dei lærarane som faktisk underviser aktivt i fremmendspråk utan å ha den same faglege bakgrunnen, og som heller ikkje har noko forum der dei føler dei har noko å hente eller eventuelt å gje sjølve - lærarar som underviser barn i alderen 6-10 år?
     Eg vil i denne artikkelen fortelje litt om ei litt annleis undervisningsverd enn den dei fleste lesarane av Språk og språkundervisning lever i til dagleg, men også om moglegheiter og inspirasjon som kan liggje i europeisk samarbeid. Eg håpar på denne måten å gjere tidsskriftet Språk og språkundervisning kjent hos språklærarar i barneskolen, og eg håpar også at eg gjennom dette mediet vil kunne komme i kontakt med folk for å danne eit nasjonalt nettbasert forum for lærarar som er interesserte i tidleg fremmendspråklæring.

EU-samarbeid om språk-undervisning
Det tyske delstatsinstituttet for skoleutvikling og utdanning (NLI) i Hildesheim/Niedersachsen har allereie leia to Sokrates Lingua-prosjekt om såkalla Staging Foreign Language Learning. Prosjektet Materials, Tools and Media for Staging Early Foreign Language Learning er dermed deira tredje og siste i rekkja av språkprosjekt av denne typen. Mens dei første to prosjekta omhandla språklæring i den vidaregåande skolen og i ungdomsskolen, ønskjer ein no å konsentrere seg om den tidlege språklæringa og utviklinga av undervisningsmateriell

Carmen Becker - Bukkane Bruse
Den tyske læraren Carmen Becker demonstrerer korleis ein kan bruke Bukkane Bruse i fremmendspråkundervisninga.

for barneskolelærarar. Sett i EU-samanheng er dette faktisk litt spesielt. Men frå ein norsk synsstad er det kanskje ikkje så lett å skjønne korfor det er så spesielt, og kor store skilnader det faktisk finst på dette feltet i Europa. Gjennom vårt prosjekt blir ein kjend med undervisningsforholda på barneskolenivå i Tyskland, Polen, Italia, Spania, Portugal og Skottland i tillegg til Noreg. Eg vil med dette absolutt råde alle som på nokon måte har moglegheit til det, å involvere seg i europeiske samarbeidsprosjekt fordi ein bl.a. også blir mykje meir bevisst på sin eigen funksjon som lærar (sjå t.d. http://www.siu.no/).
     I dette prosjektet er det Norges teknisk-naturvitskaplege universitet, NTNU, som er den offisielle EU-partnaren. Men eit universitet kan ikkje utan vidare vere ein fullgod partnar åleine i eit prosjekt som handlar om tidleg fremmendspråklæring der det meste av utviklingsarbeidet og piloteringa skal skje i barneskolen. Då eg blei med som norsk prosjektleiar, var det derfor viktig for meg å finne engasjerte samarbeidspartnarar i skolen, og eg er sikker på at eg knapt kunne ha funne nokon betre representant enn Brundalen barneskole, som ligg i gangavstand frå NTNU Dragvoll.

Barneskole og EU-prosjekt?
Det må seiast at Brundalen barneskole i Trondheim har relativt lang erfaring med å vere i rampelyset på den eine eller andre måten, og skolen blir gjerne rangert som éin av dei betre i Trondheim på grunnlag av ulike faktorar, ikkje minst pga. den høge trivselsfaktoren hos elevar og lærarar. Men alt dette kjem sjølvsagt ikkje av seg sjølv. Eg blei møtt med stor interesse for prosjektet frå rektor Kåre Moum si side frå første stund då eg tok kontakt, og Moum har personleg stilt opp på alle møta vedrørande dette prosjektet heilt ifrå byrjinga. Og då dei to lærarane, Hege Asphaug og Solrun Heitmann Størseth, blei med i prosjektet, blei eg endå meir imponert over kor engasjert ein kunne vere utover den vanlege arbeidsinnsatsen. No må det seiast at det ikkje utan vidare er så lett for ein prosjektleiar som har erfaring med europeisk og internasjonalt samarbeid, å gå til ein skole og "presse" på dei eit EU-prosjekt. Men det som imponerte meg mest, var den positive viljen til å gjere ein ekstrainnsats for å gjere sin eigen undervisningspraksis betre og for å lære meir i samarbeid med andre. No er det heller ikkje slik at eit EU-prosjekt genererer ein masse pengar til skolen. Budsjetta til slike prosjekt blir gjerne kutta i alle endane av kommisjonen i Brussel, og det blir ikkje stort meir igjen enn at ein kan reise på dei nødvendige samarbeidsmøta. Likevel er det ein viktig motivasjonsfaktor og ikkje minst ei enorm moglegheit til å lære noko om undervisningspraksisen i andre land for barneskolelærarar som elles gjerne er litt meir stemoderleg behandla i den store konteksten når det gjeld slike prosjekt. - Kor ofte får ein barneskolelærar sjansen til å reise til Tyskland, Polen, Italia, Spania, Portugal og Skottland for å lære meir om undervisningspraksis i Europa?

Eit fremmendt språk for lærarane
Når det gjeld tidleg fremmendspråklæring i Noreg, er det gjerne snakk om engelsk, som elevane i dag har sjansen til å lære frå første trinn. Generelt må ein seie at ungane i Noreg har mykje betre føresetnader for å lære engelsk enn i nokon av dei andre landa som er med i dette prosjektet (bortsett frå Skottland, sjølvsagt). Alle dei andre landa praktiserer såkalla synkronisering eller dubbing av tv- og kinofilmar til deira eige språk. Dvs. at dei fleste ungane (eller vaksne for den saks skyld) faktisk ikkje blir utsette for særleg mykje engelsk (eller andre fremmendspråk) til dagleg, mens ungane i Noreg nesten kan seiast å vekse opp tospråkleg, i alle fall når det gjeld å ha eit passivt ordforråd. Det er klart at dette også gjev mykje betre føresetnader for tidleg organisert fremmendspråklæring i Noreg enn i dei andre landa. Samtidig kan det sjølvsagt også vere ei utfordring for lærarane våre.
     Når det gjeld den gjennomsnittlege barneskolelæraren i Noreg, så har ho (eller han) gjerne ikkje hatt noko særleg mykje opplæring i engelsk utover det nivået dei fleste vaksne har i dag. Sidan ein ikkje såg så mykje på tv før som ungdommen gjer i dag, er ein ofte heller ikkje så trygg på engelsken. Eg skjønner derfor godt at "mine" lærarar var litt uroa for det første prosjektmøtet med dei europeiske partnarane. Det blei to heile dagar (og sosiale kveldar) der ein berre prata engelsk saman, noko lærarane sjølvsagt ikkje var vante til. Og sjølv om ein var i tvil på førehand om kva ein hadde involvert seg i, og om ein ville kunne meistre å vere med i dette prosjektet, var lærarane ikkje berre letta over å ha komme seg igjennom dette prosjektmøtet, dei følte til og med at det hadde vore med på eit intensivkurs i engelsk, som kanskje var meir effektivt enn dei fleste organiserte etterutdanningskursa. Lærarane hadde ikkje berre fått ekstra motivasjon til å jobbe meir bevisst med undervisninga i klasserommet, dei var også blitt meir interesserte i sin eigen kompetanse. Som skoleleiar kan ein vel neppe ønskje seg noko betre resultat heilt i byrjinga av eit slikt europeisk prosjektsamarbeid. Å involvere seg i slike prosjekt vil kunne ha ein relativt omfattande og langsiktig effekt på skolen utan at ein må gjere så veldig mykje meir enn det ein gjer likevel i det daglege skolearbeidet.

Best i klassen?
I Noreg er vi gjerne best i klassen på alle område; trur vi alle fall sjølve - eller vi likar å sjå oss sjølve bli framstilte på denne måten i media. Når det gjeld akkurat dette prosjektet, så har det faktisk vore ein einaste opptur for Noreg og Brundalen barneskolen heilt ifrå starten før prosjektsøknaden blei levert. Dei tyske prosjektkoordinatorane kom til Trondheim i februar 2003 og blei så imponerte over Brundalen barneskole at dei valde å leggje oppstartsmøtet for heile prosjektet til Trondheim i oktober 2003 like etter at prosjektet blei godkjent i Brussel. Dette er faktisk svært uvanleg for slike prosjekt. Det normale er at prosjektkoordinatoren arrangerer det første møtet i heimlandet sitt. Sidan eit samarbeidsprosjekt handlar om motivasjon og det er viktig å komme i gang så fort som mogleg, meinte ein at Brundalen ville vere ei stor inspirasjonskjelde for dei andre partnarane. Det som er spesielt med Brundalen barneskole i europeisk samanheng, er at Brundalen er ein såkalla open skole. Den norske utviklinga bort frå klassar til trinn og basisgrupper er kanskje endå meir spesiell sett i forhold til dei mest tradisjonelle skolane lenger sør i Europa. Dei europeiske representantane var heller ikkje førebudde på at elevane rundt omkring på skolen ville møte dei med så stor openheit og interesse og faktisk prøvde å snakke med dei - på engelsk. På den måten er eit slikt prosjektmøte arrangert på skolen i seg sjølv eit positivt or lærerikt bidrag til fremmendspråkundervisninga og kulturutvekslinga. Trondheim kommune stilte dessutan med kommunaldirektør Jorid Midtlyng og rådgjevar May Johnsen for å sikre at oppstartsmøtet hadde eit visst offisielt preg. Og sjølv om Brundalen barneskole allereie hadde ei høg stjerne i kommunen frå før, var det ikkje utan ei viss stoltheit kommunaldirektøren presenterte skolen og kommunen for dei europeiske representantane - sjølvsagt på engelsk. Alt i alt må ein seie at prosjektet allereie har sett spor etter seg i lokalmiljøet før det er komme skikkeleg i gang.

Eit norsk nettverk for tidleg fremmendspråklæring?
Sjølv om det blei eit svært inspirerande oppstartsmøte, er det klart at

Rolf-Peter Berndt & Jorun Midtlyng
Den tyske koordinatoren Rolf-Peter Berndt overrekkjer kommunaldirektør Jorun Midtlyng ei bok om Hildesheim.

kvardagen kjem tilbake med full tyngd. Realiteten er plutseleg at det er to lærarar og ein rektor som har blitt til brikker i eit europeisk prosjekt. Det er ei stor og skummel verd "der ute" i Europa, og det er ikkje mange å prate med for ein barneskolelærar når det gjeld tidleg fremmendspråklæring. Ideen er derfor å etablere eit nettbasert forum der ein kan utveksle erfaringar og idear. I denne samanhengen vil sjølvsagt også lærarar frå ungdomsskolen og den vidaregåande skolen kunne komme med forslag og vere med i diskusjonar. Er du interessert i dette prosjektet, kan du lese meir om det på http://www.jenshaugan.com/projects/lingua2/ eller skrive til Jens.Haugan@plu.ntnu.no for å få brukarnamn og passord til diskusjonsplattforma.