|
ZuSammen
- Tysklærarar lærer nettbasert undervisning
- saman
Denne hausten arrangerer VOX (Voksen-opplæringsinstituttet)
saman med Goethe Institut eit nettbasert kurs i nettbasert
læring - eller undervisning.
JENS HAUGAN
Forskar, Laboratoriet for IKT og læring, NTNU
og Voksenopplæringsinsituttet (VOX)
_____________________________

Kurset blei marknadsført med bl.a. følgjande
tekst:
"Hyggelig tilbud til alle tysklærere!
Er du nysgjerrig på eLæring? Har du lyst til å
lære deg å bruke Internett-baserte plattformer
for samarbeidslæring? Føler du at du gjerne vil
lære mer om temaet men mangler tid til å gå
på kurs? Vil du helst lære i samarbeid med kollegaer
fra hele landet? Kunne du tenke deg å prøve ut
aktiviteter som du senere kan involvere dine elever i? Da
er dette kurset noe for deg!"
Sjølv om dette må
kunne seiast å vere ein svært hyggeleg invitasjon
der ein legg vekt på samarbeid og fleksibilitet, kom
tysklærarane ikkje akkurat "stürmend und drängend"
for å vere med på denne moderne måten å
undervise og lære på. Det ser ikkje ut til at
den offentlege diskusjonen rundt IKT og læring dei siste
åra, og Kristin Clemet sine visjonar for den moderne
IKT-læraren har klart å vekkje tysklærarane
opp av Dornröschen-søvnen sin. IKT er kanskje
ingen "prins" i denne samanhengen - ung kanskje,
pen kanskje, men å bli kyssa av han, det freistar ikkje
akkurat - ikkje enno i alle fall.
Det kan vere mange årsaker
til dette. Éin grunn kan vere at dei fleste tysklærarane
i dag høyrer til ei aldersgruppe som føler at
dette med IKT i skolen verkar skremmande i staden for spennande.
Ein annan grunn kan vere at det framleis står for dårleg
til med dei grunnleggjande datakunnskapane hos lærarane.
Kven tør vere med på nettbasert undervisning,
når ein er usikker på om datamaskina eventuelt
bit eller ikkje
Kanskje det rett og slett er for tidleg
enno å undervise i nettbasert undervisning? Was weiß
ich?
Konseptet for kurset er det
i alle fall ikkje noko i vegen med. SIMULAB, som undervisningsplattforma
blir kalla (http://oyt.oulu.fi/tsimulab),
er eit pedagogisk konsept for problembasert samarbeidslæring
i språkundervisning. Det blei utvikla gjennom eit europeisk
partnarskap under eit Socrates Audult Education prosjekt
og har blitt tildelt The European Label for Innovative
Language Teaching and Learning.

No har det skjedd utruleg mykje
innanfor utviklinga av såkalla læringsplattformer
(learning management system eller LMS), og SIMULAB
eller TELSI er kanskje ikkje nødvendigvis på
høgde med det som finst av kommersielle produkt, men
det er ikkje så viktig. Som forskarar og "IKT-pedagogar"
har vi vel etter kvart skjønt at det ikkje er teknologien
som er det viktigaste. Med dei IKT-reiskapane vi har i dag,
kan ein lage relativt gode undervisningsopplegg, og det ein
må satse på, er at folk tileignar seg ein generell
IKT-kompetanse som kan overførast til flest mogleg
samanhengar.
Det ein lærer på
kurset, er korleis "ei eller anna" digital læringsplattform
kan fungere, og kva moglegheiter som ligg i nettbasert undervisning.
Det er mogleg å lage
eigne "grupperom" i form av digitale mapper, ein
kan bruke og opprette diskusjonsforum av både formell
(Pädagogische Diskussion) og uformell karakter
(Bierstube), og ein kan kommunisere i sanntid, dvs.
i form av ein pratekanal (chat).
Det er vel ingen av deltakarane
som hadde vore på nokon pratekanal før. No har
alle fått prøvd det. Men det er klart at sanntidskommunikasjon
ikkje er så lett å implementere i eit fleksibelt
nettbasert kurs der nokon helst jobbar om natta. Det er likevel
viktig at lærarane no veit kva chat er for noko. Det
er trass alt noko som dei aller fleste ungdommane har eit
forhold til. Eg personleg meiner dessutan av chat er ein bra
metode i språkundervisninga, noko som eg gjerne kan
komme tilbake til i ein annan samanheng.
Det som fungerer best, er faktisk
det som forskarane tradisjonelt meiner ikkje fungerer, nemleg
diskusjonslistene. Deltakarane har fått i oppgåve
å ta på seg ulike roller på offentleg nivå
i utvalde tyske byar. Ein skriv brev til kvarandre der ein
ber om informasjon eller svarar på førespurnader.
Og deltakarane utviklar ein kreativitet som ein vanskeleg
hadde kunna tenkje seg på førehand. Språket
blir levande og tekstane er farga av eit stort engasjement.
No er det klart at det her
dreier seg om vaksnes læring. Ein kan ikkje utan vidare
rekne med at elevar ville bruke dette mediet på den
same måten. Men det er heilt sikkert positivt at lærarane
opplever at dette er artig og motiverande. Spørsmålet
er jo i neste omgang om det finst noka moglegheit på
dei enkelte skolane til å setje i gang slike prosjekt
med "skikkelege" elevar.
I Danmark finst det ei digital
arbeidsplattform som alle lærarane har tilgang til.
Det same er under utvikling i Noreg. Det er på tide
at lærarane kan finne eit nettbasert forum der dei kan
dele erfaringane sine og få tips om korleis ein kan
bruke IKT i undervisninga.
Eg er sikker på at nokre
av dei vaksne studentane (dvs. lærarane) vil halde kontakten
per e-post ei stund etter at kurset er avslutta, men denne
kontakten vil truleg ikkje vare så lenge. Det ein treng,
er nokon å prate med som arbeider med dei same problemstillingane
som ein sjølv. Nokon som diskuterer tema som er relevante
der og då. Alt dette kan ein få til via nettbaserte
diskusjonslister der lærarar kan komme innom når
dei lurer på noko, eller der ein berre kan halde seg
oppdatert.
Nettbasert undervisning er
sjølvsagt relevant for alle lærarane, ikkje berre
tysklærarane. Nokre didaktiske tilnærmingar vil
vere annleis blant språklærarar enn blant historikarar,
men ein vil alltid ha noko felles.
|