|
Europeisk samarbeid om fremmendspråklæring
Jens Haugan, NTNU
Det tyske delstatsinstituttet for skoleutvikling og utdanning
(NLI) i Hildesheim/Niedersachsen har allereie leia to Sokrates Lingua-prosjekt.
Mens dei første to prosjekta omhandla språklæring
i den vidaregåande skolen og i ungdomsskolen, ønskjer
ein no å konsentrere seg om den tidlege språklæringa
og utviklinga av undervisningsmateriell for barneskolelærarar.
Samarbeid om språk-undervisning
Sett i EU-samanheng er dette faktisk litt spesielt, men frå
ein norsk synsstad er det kanskje ikkje så lett å skjønne
korfor det er så spesielt, og kor store skilnader det faktisk
finst på dette feltet i Europa.
Gjennom vårt prosjekt blir ein kjend med undervisningsforholda
på barneskolenivå i Tyskland, Polen, Italia, Spania,
Portugal og Skottland i tillegg til Noreg.
Eg vil med dette absolutt råde alle som på nokon måte
har moglegheit til det, å involvere seg i europeiske samarbeidsprosjekt
fordi ein m.a. også blir mykje meir bevisst på sin eigen
funksjon som lærar (sjå t.d. http://www.siu.no/).
Det må seiast at Brundalen barneskole i Trondheim, som er
den norske skolen i dette prosjektet, har relativt lang erfaring
med å vere i rampelyset på den eine eller andre måten.
Skolen blir gjerne rangert som éin av dei betre i Trondheim
på grunnlag av ulike faktorar, ikkje minst pga. den høge
trivselsfaktoren hos elevar og lærarar. Men alt dette kjem
sjølvsagt ikkje av seg sjølv.
Best i klassen?
I Noreg er vi gjerne best i klassen på alle område;
trur vi alle fall sjølve - eller vi likar å sjå
oss sjølve bli framstilte på denne måten i media.
Når det gjeld akkurat dette prosjektet, så har det faktisk
vore ein einaste opptur for Noreg og Brundalen barneskolen heilt
ifrå starten før prosjektsøknaden blei levert.
Dei tyske prosjektkoordinatorane kom til Trondheim i februar 2003,
og blei så imponerte over Brundalen barneskole at dei valde
å leggje oppstartsmøtet for heile prosjektet til Trondheim
i oktober 2003 like etter at prosjektet blei godkjent i Brüssel.
Dette er faktisk svært uvanleg for slike prosjekt.
Det normale er at prosjektkoordinatoren arrangerer det første
møtet i heimlandet sitt. Sidan eit samarbeidsprosjekt handlar
om motivasjon og det er viktig å komme i gang så fort
som mogleg, meinte ein at Brundalen ville vere ei stor inspirasjonskjelde
for dei andre partnarane.
Det som er spesielt med Brundalen barneskole i europeisk samanheng,
er at Brundalen er ein såkalla open skole. Den norske utviklinga
bort frå klassar til trinn og basisgrupper, er kanskje endå
meir spesiell sett i forhold til dei mest tradisjonelle skolane
lenger sør i Europa.
Dei europeiske representantane var heller ikkje førebudde
på at elevane rundt omkring på skolen ville møte
dei med så stor openheit og interesse og faktisk prøvde
å snakke med dei - på engelsk. På den måten
er eit slikt prosjektmøte arrangert på skolen i seg
sjølv eit positivt or lærerikt bidrag til fremmendspråkundervisninga
og kulturutvekslinga.
Eit norsk nettverk for tidleg fremmendspråklæring?
Sjølv om det blei eit svært inspirerande oppstartsmøte,
er det klart at kvardagen kjem tilbake med full tyngde. Realiteten
er plutseleg at det er to lærarar og ein rektor som har blitt
til brikker i eit europeisk prosjekt.
Det er ei stor og skummel verd "der ute" i Europa, og
det er ikkje mange å prate med for ein barneskolelærar
når det gjeld tidleg fremmendspråklæring. Ideen
er derfor å etablere eit nettbasert forum der ein kan utveksle
erfaringar og idear. I denne samanhengen vil sjølvsagt også
lærarar frå ungdomsskolen og den vidaregåande
skolen kunne komme med forslag og vere med i diskusjonar.
Er du interessert i dette prosjektet, kan du lese meir om det på
http://www.jenshaugan.com/projects/lingua2/
eller skrive til Jens.Haugan@plu.ntnu.no
for å få brukarnamn og passord til diskusjonsplattforma.

Sokrates: Norge regnes som best i klassen derfor kom
alle de samarbeidende nasjoner til Trondheim for å lære
mer.
Foto: P. R. Eknes
|