Det har vore ein liten debatt i
RB i det siste om stadnamnet Møre. Debatten har
ikkje alltid har vore like sakleg. Eg vil derfor
prøve å gje noko språkleg og historisk
bakgrunnsinformasjon frå ein språkvitar sin ståstad.
Ifølgje boka «Namn i Noreg» og
også «Norsk stadnamnleksikon» femnde Møre i tidleg
mellomalder om kystnamnet frå Stad og heilt opp til
Namdalen. Nordmøre og Sunnmøre grensa til kvarandre,
og det var også dei to fylka ein skilde tidlegare.
Romsdal var opphavleg først og fremst namnet på
dalføret med Rauma, mens namnet Møre går tilbake på
ei gammal dativform av eit ikkje belagt ord «*Mœrr».
Ola Stemshaug kan fortelje at ordet» Mœrr» blei
brukt som namn i dei gamle skaldekvada, men at det
gjekk tidleg ut av bruk. Sjølv om ein ikkje er heilt
sikker på opphavet, meiner ein at ordet heng saman
med gammalnorsk «marr» som tydde hav eller sjø, jf.
latin «mare». Det har altså ingenting å gjere med
«mareritt», som kjem av gammalnorsk «mara». Sjølv om
det er rimeleg å tru at Møre kan tyde «kystlandet»,
meiner Stemshaug at det også er mogleg å tolke
namnet som «myrlandet», som er den vanlege bruken av
ordet «mœrr» i gammalnorsk, jf. også tysk og engelsk
«Moor»/ «moore».
I Norrøn ordbok finn ein «Mœri»
som hokjønnsord og stadnamn og «mœrir» som namnet på
møringane. Elles har ein «Mœrafylke», «Mœrajarl»,
jarlen hos møringane, og «Mœraskáld», som var
skalden hos møringane, Tord (Þórðr). Det som
kan vere interessant i denne samanhengen, er at
skalden også finst skriven «mavra-» eller «mauraskáld».
Dette kan sjølvsagt vere ei forvansking av namnet,
men det kan òg tyde at namnet kanskje likevel går
tilbake på eit anna ord enn hav. Ordet «mœrir» finst
elles også som poetisk uttrykk i skaldekvada for
«sverd».
Adjektivet «mœrr» eller «mærr»
har elles samanheng med «mjor», som vi har som «mjå»
i moderne norsk, med tydinga «smal», «trong». Det
kan jo tenkjast at namnet Møre, sidan det opphavleg
dekte eit relativt stort kystområde, rett og slett
viste til alle dei lange og smale fjordane som
kjenneteiknar heile Vestlandet. Personleg synest eg
dette ville vere ei rimelegare tolking enn å vise
til hav eller myr, som kan verke litt vel generelt.
Når det gjeld Romsdalen, kan ein
lese i Norsk stadnamnleksikon at også det var eit
fylke allereie i gammalnorsk tid, Raumsdælafylki,
som seinare blei len, futedømme og amt. Den
gammalnorske forma var «Raumsdalr», noko som
språkhistorisk er spesielt sidan elva heiter
«Rauma». Som eit svakt substantiv kan ikkje få nokon
s i ei samansetjing her. Ein trur at elva Rauma
først har gjeve namn til fjorden, som då eventuelt
blei «Raumr», og at namnet etterpå blei brukt på
dalen og heile landskapet.
I soga om Olav Tryggvason kan
ein elles lese om «Sunn-Moeri ok Raumsdal ok
Norð-Moeri», og i Egilssaga kan ein lese at kong
Harald fór frå Trondheim sørover til Møre der han
gjekk til krig mot kong Huntjov og tileigna seg «Norðmœri
ok Raumsdal».
Konklusjonen må vere at alle i
Møre og Romsdal kan kalle seg før møringar om dei
vil; og alle romsdalingar som ikkje vil vere
møringar, kan også få lov til det.