Det har ikkje vore noka hemmelegheit akkurat at
Høgre (og FrP) er imot sidemålet i skolen. Med
”sidemålet” meinte og meiner ein helst nynorsk,
sjølv om det finst ein god del nynorskbrukarar også
innanfor desse partia. No søndag 8. mai skulle visst
vere den store frigjeringsdagen frå sidemålet, for
då bestemte Høgre seg for å vedta at det skulle vere
frivillig for elevar i ungdomsskolen å lære seg
nynorsk.
Det er jo visse parti som har det med å gå for
lettvinte løysingar og det som ”folk flest” ser ut
til å ønskje seg på eitt bestemt tidspunkt utan at
ein tenkjer særleg mykje over konsekvensane. Når det
gjeld språksituasjonen i Noreg, har dei raud-grøne
jobba ut ifrå eit langsiktig strategidokument
utarbeidd av Språkrådet i 2005, ”Norsk i hundre”,
eit dokument på heile 192 sider. Som eit resultat av
dette fekk ein Stortingsmelding 35, 2007-2008, ”Mål
og meining. Ein heilskapleg norsk språkpolitikk” på
266 sider, der norsk språkpolitikk er grundig
diskutert.
No er det ikkje slike dokument ”folk flest” har for
vane å lese og setje seg inn i. Som regel er det
lettare å finne ei eller anna sak som verkar grei og
stemme over den for så å sjå korleis det går. Sidan
mykje av politikken i Noreg blir utarbeidd med
hovudbase i Oslo, blir det lett å gløyme at det
finst folk utanfor bygrensa, og at landet er både
langt og variert på alle måtar, ikkje minst språkleg
og kulturelt.
Romsdals Budstikke er ei avis der det språklege
mangfaldet blir teke på alvor. Det er ei av dei
svært få avisene i landet der redaksjonelt stoff
faktisk kjem på begge målformene, og der det som
regel ikkje er noka tydeleg diskriminering av
nynorsk. På den måten er Romsdals Budstikke ei avis
som aktivt tek stilling til at det finst ein god del
lesarar som faktisk har nynorsk som sitt hovudmål,
og som også knyter sin språklege og kulturelle
identitet til nynorsk. Ei avis som nektar å godta at
nynorsk framleis har ein viktig posisjon i Noreg,
vil ikkje kunne vere ei god avis for alle, heller
ikkje for dei som jobbar i avisa. Aviser som nektar
journalistane sine å bruke nynorsk, driv med aktiv
diskriminering av enkeltpersonar og -grupper, noko
som gjer at desse avisene faktisk blir mindre
truverdige når dei prøver å framstå som om dei
engasjerer seg for dei svake og undertrykte i
samfunnet.
For ei
avis, som har språk og kommunikasjon som sitt
viktigaste verktøy, og som ønskjer å nå ut til flest
mogleg lesarar, kan det faktisk vere eit poeng å
gjere det heilt klart at ein ikkje diskriminerer
enkelte lesarar på bakgrunn av målforma deira.
Romsdals Budstikke bør ha ros for dette! I mai er
det jo mange nok flaggdagar frå før, men Romsdals
Budstikke valde å tone flagg og markere at ein tek
avstand frå alle politiske vedtak som går ut over
det språklege og kulturelle mangfaldet vårt.
Det er
verdt å sitere frå leiaren 9. mai: ”Vi tror
det er godt for det norske samfunn at vedtaket fra
Høyre ikke får gjennomslag. Vi er derfor enig med
partileder Erna Solbergs stemmegivning. Gjennom
språket, både bokmål og nynorsk, tar vi vare på vår
arv. Vårt tredelte språk, bokmål, nynorsk og samisk,
er en del av vår identitet som nasjon. Vi
gjør ikke deler av et fag frivillig fordi et
flertall av elever ønsker det. Det ville åpne for en
underlig skolereform. Romsdals Budstikke har i sine
spalter begge målformer, og vet at det er en viktig
del av vår identitet som talerør for hele
distriktet.”
Eg vil
gratulere Romsdals Budstikke som ein god målberar i
dobbel forstand.