Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Målstriden på Batnfjord skule sett frå Austlandet”. Romsdals Budstikke, 12.02.2010, s. 43.
[>pdf av denne artikkelen]

Målstriden på Batnfjord skule sett frå Austlandet

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark
________________________________________
Kronikk
 

Å vere nynorskbrukar på Austlandet er ikkje alltid like enkelt. Eg underviser i norsk og kan dermed skjule meg bak eit slags profesjonelt stempel også utanfor klasserommet. I 2008-2009 førde eg ein lengre debatt i Hamar Arbeiderblad om nynorsk i skolen. Austlendingane meiner gjerne at nynorsk er eit vestnorsk særspråk.

Eg har dialektgrunnlaget mitt frå Nord-Noreg, og det å skrive nynorsk i tillegg, gjer vel at ein blir enda meir malplassert på Austlandet. Det er lite nynorsk å lese i austlandsavisene, derfor er romsdalsavisene nærmast som eit språkparadis å rekne. Her er tospråkssituasjonen levande og reell, og ein skulle tru at dei to målformene levde side om side i fred og fordragelegheit. Derfor var det skremmande og tankevekkjande å lese i RB 2. februar at ein del folk midt i ”tjukkaste nynorskland” vil kvitte seg med nynorsken. ”Den har vi ikkje bruk for.”

Formelt sett ligg dei fleste dialektane nærmare nynorsk enn bokmål, spesielt i Vest-Noreg. Ein kan derfor ikkje utan vidare hevde på formelt grunnlag at nynorsk ikkje er eit passande skriftspråk for elevane på Batnfjord skule. Men det som er interessant i all debatt om nynorsk, er at det gjerne er foreldra som meiner noko. Det er ikkje nødvendigvis kva som er best for barna, som er avgjerande, men først og fremst haldningane til foreldra. I RB 2.2. står det då òg: ”Vi som høyrde til der har alltid forholdt oss til bokmål, det ønskjer vi også no etter at barna våre vart flytta over til Batnfjordsøra.”

I praksis er det alltid foreldra som tek dei ”viktige” vala for barna. Og det er kanskje naturleg? Vi som foreldre veit jo sjølvsagt kva som er best. Elvis var bra, så då bør også ungane våre skjønne det så tidleg som mogleg. Og når vi har lært at berre mann og kvinne kan vere par, så bør vel også ungane ta over dette synet? Akkurat dette har dei fleste foreldra heldigvis innsett no; det er ungane som sjølv må kunne få velje kven dei er og kven dei ønskjer å vere. Korfor skal då ikkje ungane få lære det skriftspråket som ligg nærast dialekten deira? Så kan dei sjølv seinare velje noko anna – dersom dei lèt seg påverke av storsamfunnet i staden for å halde på sin språklege identitet.

Det er nok mange som av ulike grunnar skiftar hovudmål, anten på vidaregåande eller eventuelt når dei byrjar i arbeidslivet. Ein kan sikkert bruke dette som eit argument mot nynorsk. Men det viser at nynorskelevar i praksis er ”tospråklege”. Det er gjerne ikkje noko problem å skifte til bokmål dersom ein ønskjer det. Elevar som har vakse opp med nynorsk, har ein stor språkleg kompetanse som dei fleste elevane på Austlandet ikkje har. Dei fleste lærarstudentane på Austlandet er i praksis svært dårleg kvalifiserte til å undervise i nynorsk. Dette er eit tankekors all den tid vi snakkar om profesjonalitet og yrkesstoltheit.

Det finst gjerne fleire moglegheiter til å løyse ulike problem i samfunnet. Det er mange nok som vil fjerne nynorsken for godt. Per i dag har vi ei mållov, men i motsetnad til dei fleste andre lovene er mange lite opptekne av å faktisk følgje denne lova.

Elevar som veks opp med nynorsk, får det mykje lettare seinare fordi dei utviklar eit aktivt forhold til begge dei norske skriftspråka. Dette er ein konkurransefordel i utdannings- og jobbsamanheng. Men likevel vil altså mange foreldre – fordi dei meiner dei veit best – ta denne moglegheita ifrå barna sine. I neste omgang får utdanningsinstitusjonane enda fleire lærarstudentar som ikkje kan nynorsk, og vi får enda fleire dårleg kvalifiserte lærarar. Ein kan godt skylde på studentane, men eg føler meg freista til å leggje ein del av skylda på foreldra. Vil du det beste for barna dine, gjev dei ei moglegheit til å bli kjende med den rike språklege variasjonen vi har i Noreg, og så kan dei velje sjølv seinare. Noko ein aldri har lært, vil ein heller ikkje velje. Det vi kan gjere som foreldre, er først og fremst å leggje til rette for at ungane faktisk kan velje. La nynorsken leve.