Hallstein Storvik skreiv eit svært interessant
innlegg i RB 17.2., der han bl.a. peika på dialekt-
og kulturgrenser og oppslutninga rundt nynorsk.
Storvik skriv at nynorsken ikkje ser ut til å klare
seg forbi den vestnorske dialektgrensa, og han
synest det er merkeleg at det er så lite å finne
rundt dette fenomenet i norsk språkforsking.
Eg er ikkje dialektforskar og har ikkje fullt
oversyn over alt som er skrive om dei ulike
dialektane på Nordvestlandet (eg forska på
gammalnorsk). Men eg er sikker på at det finst ein
god del offisielle (hovud-/masteroppgåver og
doktoravhandlingar) og mindre offisielle drøftingar
(skoleoppgåver og mindre studiar) av ulike sider ved
dialektane i Møre og Romsdal. Sidan dette er eit
avisinnlegg, kan eg ikkje leggje så mykje arbeid i å
finne ut kva som faktisk finst av litteratur. Så eg
vil her berre referere til ”standardverka” innanfor
grunnopplæring i norsk dialektkunnskap, som er
skrivne av Helge Sandøy (Norsk talemål, 1993; Norsk
dialektkunnskap 1985).
Det er riktig, som Storvik skriv, at det går nokre
viktige dialektgrenser i Møre og Romsdal, og til ein
viss grad vil desse dialektgrensene nok kunne
forklare korfor ein eventuelt identifiserer seg meir
med vestnorsk (nynorsk) eller austnorsk (bokmål).
Ein opererer gjerne med ei grovinndeling av dei
norske dialektane på grunnlag av dei to største og
mest markerte målmerka, som er jamvekt (også kalla
kløyvd infinitiv) og såkalla tjukk l. Jamvektsmåla
(dialektar med ulike infinitivsendingar: t.d.
skriv(e) vs. lesa; spis(e) vs. eta) kallar vi for
austnorsk, mens dialektar utan jamvekt, dvs. med den
same endinga (eller manglande ending, apokope) i
alle infinitivane, høyrer til vestnorsk. For det
meste er det samanfall mellom dei to målmerka
jamvekt og tjukk l, men ikkje alltid. Grensa for
tjukk l av gammalnorsk l går t.d. på sørsida av
Romsdalsfjorden, mens jamvektsmåla (trøndsk) startar
nord for Fræna og Nesset. Dersom ein vil bruke
jamvekt og tjukk l som hovudkriterium, kan ein altså
argumentere for at nokre av dialektane i det
aktuelle området er meir austnorske enn andre. Men
verken jamvekt eller tjukk l spelar noka rolle når
det gjeld utforminga av dei to offisielle
skriftspråka våre. Kløyvd infinitiv var for så vidt
mogleg å bruke i skrift, men har i praksis ikkje
vore brukt noko særleg. I bokmål bruker ein som
regel alltid e som infinitivsending, og i nynorsk
anten a eller e; men tendensen går nok i retning av
at fleire og fleire bruker e.
Kva er så eventuelt dei mest typiske kjenneteikna på
nynorsk og bokmål? Det er heller ikkje så lett å
svare på i eit avisinnlegg. Eg vil her nemne tre
karakteristiske trekk: bruken av pronomen, uttalen
av gammalnorsk hv og bruken av einstava vs.
fleirstava form av presens av sterke verb. Over det
meste av det norske området utvikla gammalnorsk ek
seg til ulike variantar av eg (æg, æi, æ, e, i). I
det austnordiske området (inkl. Austlandet) fekk ein
ei såkalla ”bryting” av den urnordiske forma eka til
eak, som så blei til jag og
jeg
i svensk og dansk og austlandsk, med
uttalevariantane je, jæ, jæi. H-en i gammalnorske
ord som hvítr og hvalr blei etter kvart over det
meste av det norske området uttalt som k, slik at vi
fekk kvit og kval, mens lyden forsvann i
austnordisk, dvs. på Austlandet, først og fremst i
Oslo, Akershus, Østfold og Vestfold. I mange
tilfelle vil v-en kunne falle bort, slik at ein t.d.
får ka istf. kva. Det siste store trekket er
fordelinga av einstavings- vs. fleirstavingsformer
for presens av sterke verb. Sterke verb hadde ei
einstavingsform i gammalnorsk, eventuelt med –r som
personending, t.d. hann bítr (han bit). I
austnordisk fekk ein ein innskotsvokal mellom t og r
for å gjere uttalen lettare (biter). I vestnordisk
fell r-en som regel bort. Derfor skriv vi på nynorsk
i dag: eg bit, skriv, les, mens vi på bokmål skriv:
jeg biter, skriver, leser
(desse formene kan brukast som klammerform i
nynorsk). I tillegg til desse tre karakteristiske
trekka kan ein eventuelt også nemne orda ikkje og
mykje (uttalevariantar t.d. itj/itte, mytj(i).
Dersom du skulle lese følgjande setning på dialekt:
”eg les og skriv kvar dag” og det blir ”æ/i les/læs
å skriv kvær/kvar dag”, har du nok ein dialekt som
eg vil klassifisere som nærmare nynorsk enn bokmål.
Men, når det er sagt, så skreiv ein jo dansk i
fleire hundre år i Noreg, og dansk var eit slags
overklassespråk som etter kvart påverka dei norske
dialektane, spesielt i kjøpstadene. Det er òg slik
at folk på landet gjerne hadde lågare status enn
folk i byane, og dermed var dialektforskjellar også
klasseforskjellar. Dansk var i fleire hundre år det
einaste skriftspråket i Noreg, og skriftspråket har
som regel ein høgare status enn talespråket. På
1800- og 1900-talet blei dansk litt etter litt
fornorska og blei til bokmål, som på mange måtar
framleis har ein høgare status enn talemåla i Noreg.
Ein får ikkje sagt mykje meir i eit avisinnlegg. Men
eg vil framleis påstå at val av bokmål vs. nynorsk
har meir å gjere med haldningar (kulturforskjellar)
enn med det faktiske grunnlaget i talemålet til den
enkelte.