Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: Noreg - vegen mot nord". Rana Blad, 25.0.5.2012, s. 10-11. [>pdf av denne artikkelen]
Innlegget er ein kommentar til Holger Sjåvik sr. "Navnet NORGE" i Rana Blad 14.05.2012, og Trond Ørjan Møllersen "Norge - Noreg" i Rana Blad 22.05.2012. [pdf av begge innlegga]



Noreg - vegen mot nord
 

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark
________________________________________
 

Nordvegen er vegen mot nord, og Noreg og Norge har akkurat det same opphavet, og er i prinsippet akkurat det same ordet. Så det er ikkje nokon grunn til å leite etter mystiske forskjellar i tydinga. Det at vi har ulike former av dette namnet kjem først og fremst av lydane i ordet og dialektale forskjellar.

Utgangsforma er ”norðvegr”. Her ser vi den gammalnorske lyden/bokstaven ð, også kalla edd. Lyden blei uttalt om lag som engelsk th i ”they”. Midt inne i ordet og før v er det faktisk ikkje så veldig lett å artikulere denne lyden, og ein kan skjønne at denne lyden blei utsett for slitasje. Vi ser elles at denne lyden har falle bort i mange ord i norsk i dag, sjølv om vi framleis skriv ein d der det før var ð, t.d. i ”ord”, ”fjord” og ”bord”, og også ”nord”.

Når det gjeld ordet ”norðvegr”, hadde nok ð-lyden falle bort mykje tidlegare enn i dei andre orda. Dette kan vi sjå av at også engelsk og tysk har formene utan denne lyden, dvs. ”Norway” og ”Norwegen”, som normalt burde vere ”northway” og ”Nordweg(en)”. Lydkombinasjonen ðv i ”norðvegr” kan godt ha forsvunne samtidig i norsk. Det er i alle fall klart at ein allereie i gammalnorsk tid brukte ”Noregr” eller eventuelt ”Norigr” som namn på området som i dag er Noreg. R-en er ei såkalla kasusending, som i dette tilfellet viser at ordet står i nominativ.

Lydkombinasjonen gr er også vanskeleg å uttale. Derfor fekk ein etter kvart inn ein såkalla svarabhaktivokal, ein hjelpevokal. I norsk er det stort sett e som har denne funksjonen, mens ein i islandsk fekk u. På islandsk heiter det derfor ”Noregur”. På islandsk heiter det t.d. også ”Baldur” der vi seier ”Balder”.

I vikingtida var det nok ingen som sa ”Norge”. Den gongen var forma ”Noregr”. Men etter at vi fekk svarabhaktivokalen e, blei uttalen ”Noreger”, eller eventuelt ”Noriger”. Då blei ordet eit trestavingsord i staden for eit tostavingsord, og det var ei ny lydlov som slo inn. Ein har ein tendens til å kutte ut trykklette stavingar inne i ord. Dette blir også kalla for synkope. Ordet ”Noreger” blei derfor samandrege til ”Norger”. I tillegg har vi enda eit lydfenomen over det meste av Noreg, og det er såkalla r-bortall. Dei fleste av oss uttaler ikkje r-en i slutten av ord. Vi seier t.d. ”mange båta” i staden for ”mange båtar”. Når r-en fell bort, sit ein altså igjen med forma ”Norge”.

Dei to ordformene ”Noreg” og ”Norge” er altså relativt lette å skjønne, og det er ingen grunn til å leite etter mystiske forklaringar. Når det gjeld spørsmålet om korfor ein skulle finne på å kalle sitt eige land for ”Nordveg(en)”, var det nok neppe ”nordmennene” sjølve som brukte dette namnet i byrjinga. Det var jo ikkje så mange menneske som budde her, og det var først med Harald Hårfagre at ein fekk eit større rike i nord. Nordvegen var nok eit perspektiv sørfrå; på same måte som språket i nord heitte ”norrønt”, som i praksis tyder ”nordleg” eller ”nordfrå”. Islendingane seier t.d. ”austmenn” om ”nordmenn”. Og det er jo logisk sidan Noreg ligg aust for Island.

Innanfor Noreg brukte ein i gammalnorsk tid også omgrepet ”nord” med perspektiv frå Austlandet mot Vestlandet og nordover. Vestlandet kunne derfor også bli kalla for Nordlandet og vestlendingane for nordmenn.
”Noreg” eller også ”Norge” liknar ikkje mykje på den konkrete ordforma ”Nordveg”. Det har blitt til eit abstrakt ord, og det var derfor mykje lettare å ta det i bruk som eit namn på eit område eller eit land. ”Tyskland” tyder forresten i praksis òg berre ”folkelandet”, av germansk ”þjoð”. Det var område i Europa der ein etter kvart tok i bruk folkemåla i staden for latin. Det kan verke rart at eit land har fått namnet sitt etter at ein snakkar folkespråket. Men namnet skjemmer ingen, og ”Noreg” og ”Norge” er også likestilte former i norsk i dag. Det er same ordet med den same tydinga. Det er først og fremst politiske grunnar til at vi har dei to formene i dag. Men Noreg/Norge er jo annleislandet i nord – på så mange måtar.