Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Språklæring, Darwin og Chomsky”. Østlendingen [nettartikkel], 22.09.2009, s. 2. [>pdf av denne artikkelen]

Språklæring, Darwin og Chomsky
________________________________________

På side 2

Jens Haugan
Førsteamanuensis i norsk,
Høgskolen i Hedmark
________________________________________
 

I samband med Darwin-året og Forskingsdagane kan det vere litt interessant å sjå på korleis utviklingslæra har påverka synet på språk og språklæring.

Innanfor skole og læring meinte ein lenge at hjernane til barna var tomme frå fødselen, og at ein berre kunne fylle dei med kunnskap etter kvart, også omtalt som «tabula rasa» - tom tavle; ikkje så ulikt Prøysens «blanke ark og fargestifter til». Barna har stort sett dei same føresetnadene, og ein god lærar ville i teorien kunne gjere alle barn til levande kunnskapsbankar. Dessverre er ikkje verda så enkel, og det er faktisk relativt lett å bevise, uansett kor mykje ein måtte ønskje å halde fast på den fine illusjonen om «blanke ark».

Likevel er det først og fremst sidan 1950-talet at ein byrja å reflektere over at det måtte vere noko som var skrive på «tavla» til barna frå før - noko som ingen vaksne hadde skrive der - noko som naturen, evolusjonen, hadde skrive der som eit slags dataprogram.

Det som Darwin var for utviklingslæra, var på mange måtar Noam Chomsky for språkvitskapen. Chomsky gjorde ein relativt enkel og nesten banal observasjon. Dersom det var slik at hjernane til barna var tomme frå fødselen av, korleis kunne det då ha seg slik at barna ikkje berre gjentok kvart ord som foreldra «skreiv» inn i hjernen til barna? Korfor seier ikkje barn t.d. «dikkedikk» eller andre uttrykk som dei vaksne ofte bruker overfor barn? Og korfor kan eit barn lage ei setning som t.d. «det går ein fiolett froskemann på taket til skolebussen», sjølv om det aldri har høyrt akkurat denne setninga før?

Barn kan altså lage setningar som dei garantert ikkje kan ha «lært» etter input-metoden. I tillegg finst det eit anna fenomen som er verdt å leggje merke til. Etter kvart som barn lærer å snakke, byrjar dei å gjere språklege feil som dei ikkje gjorde før. Dei kan plutseleg byrje å seie «eg ledde» eller «eg syngte» istf. «eg lo» eller «eg song». Dette fenomenet er eit teikn på at barna byrjar å analysere språket i forhold til eit system. Dei aller fleste verb i norsk er svake verb, og dei sterke verba er unntak og må lærast meir eller mindre kvart for seg. Derfor kallar vi dei «uregelmessige» verb.

Det finst nokre få døme på barn som blei avstengde frå språklege inntrykk over lengre tid då dei var små. Sjølv om dei til slutt blei funne og integrerte i normale samanhengar, lærde dei aldri å snakke som andre barn som blei språkleg stimulerte frå dei var fødde. Som regel hadde desse barna problem med sentrale delar av språksystemet. Dette viser at det finst eit punkt i språkutviklinga der det er for seint å utvikle heile systemet. Språksystemet i hjernen blir rett og slett ikkje fullt utvikla dersom det ikkje blir stimulert nok i den kritiske perioden fram til tidleg i puberteten.

I tråd med Darwin si tenking ser Chomsky på språkevna som eit biologisk organ som alle menneske er fødde med, og som utviklar seg etter kvart som det blir stimulert. Men vi kan ikkje sjå språkorganet. Språkevna er plassert i hjernen på måtar som er vanskeleg å forske på. Det er likevel mogleg å seie kva for område i hjernen som er skadde, dersom ein har bestemte typar språkfeil, t.d. afasi, dvs. tap eller delvis tap av språkevna etter hjerneslag eller andre hjerneskadar. I mange tilfelle kan ein trene opp igjen språkevna etter at den blei skadd.

Vi lever i eit kommunikasjonssamfunn, og vi blir utsett for tekst og tale frå alle moglege kantar, som aviser, bøker, film og fjernsyn, tekstmeldingar, data og Internett, og det er bra. På den måten byggjer ein opp ein allsidig språkleg kompetanse. Det gjeld å leggje til rette for at barna heilt ifrå dei er små, blir stimulerte gjennom mest mogleg snakking og lesing og seinare også aktiv skriving. Vi sender ungane på fotball- og hockeytrening og alle slags fysiske aktivitetar for at kroppane deira skal vekse og utvikle seg. Men også hjernen treng trening. Så snakk og skriv i veg. Øving gjer meister!