Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Salongfestivalen”. Østlendingen, 20.06.2012, s. 35.  [>pdf av denne artikkelen]
Artikkelen er ein kommentar til "Balder": "Verdens undergang varsles nå fra 2412 Sørskogbygda" i Østlendingen, 16.06.2012. [>pdf].


Salongfestivalen
________________________________________

JENS HAUGAN
________________________________________
 

Det «å halde salong» er ein tradisjon som går heilt tilbake til Frankrike på 1600-talet. Det var på mange måtar eit teikn på den gryande opplysningstida. Salongane blei haldne av folk frå overklassen. Ein møttest heime hos verten for å snakke om litteratur, kunst og andre kulturformer. Og her var det blant anna også mogleg for kunstnarar å treffe potensielle støttespelarar. Den gongen som no var det ikkje alltid like lett å leve av å vere kunstnar. Overklassen hadde pengane, og dei viste også ofte interesse for kunst – den perfekte symbiose.

Salongane var også staden der ein kunne diskutere politikk. Opplysningstida var tida for opplysning, og det blei etter kvart mogleg å ha eigne meiningar, som var avvikande frå det som blant anna staten eller kyrkja stod for. Det blei lov å tenkje sjølv. Demokratiet i staden for eineveldet og det moderne kunnskapssamfunnet spring ut ifrå tanken om at opplysning av den enkelte fører til betre samfunnsformer.

Verten for desse salongane var som regel ei kvinne. På den tida hadde desse kvinnene som regel tilgang til meir eller mindre uavgrensa med ressursar. Men, som vi veit, bak mange store menn i historia, stod det ei enda større kvinne. Ein hadde slike salongar til 1900-talet, men sidan dei blei sett på som eit overklassefenomen, forsvann dei etter kvart.

Salongtradisjonen har gjenoppstått i form av Salongfestivalen, som også har ei stor kvinne som vert, Snefrid Reutz-Håkenstad – og ein stor mann, Ragnar. Salongfestivalen er ikkje lenger eit overklassefenomen - tvert imot. Det er dei små som driv dette kulturarbeidet. Det er ein evig kamp for det ein trur på med minimalt av ressursar. Desse to vertane har klart å samle saman så mange kunst- og kulturutøvarar under sitt tak dei siste åra at det er rart at ikkje riksavisene og utanlandsk presse har byrja å interessere seg for dette fenomenet. Salongfestivalen har minimalt med pengar, men likevel stiller artistane opp. Bør ikkje dette vere grunn nok til ettertanke? Kven vil ha Plumbo eller Märtha og Ari når ein kan møte kunstnarar som først og fremst er opptekne av kunsten og mindre av inntekta?

I staden for å bøye seg i støvet av respekt for vertane og artistane som held ein lang kultur- og opplysningstradisjon i live laaangt unna Oslo, går journalistane rett og slett ut og meiner at Snefrid og Ragnar bør gje opp heile prosjektet! Balder er ikkje nådig i sin karakteristikk av Salongfestivalen i Østlendingen 16. juni. Det er heilt utruleg korleis ein vel å omtale folk som investerer i distriktet; som bruker alt dei har på å restaurere ei gammal bygning og lagar eit kultursenter som faktisk tiltrekkjer ein del kulturfolk. Det tek nok litt tid før publikum i distriktet skjønner kva dei har fått. Men så langt fungerer det i alle fall som ein møtestad og ein type «workshop» for artistar. Dei fleste konferansane er jo organiserte på den måten utan at journalistane meiner ein bør stikke fingeren i jorda og gje opp å arrangere konferansar.

Det er faktisk lov å støtte dei små og hjelpe dei med litt positiv omtale. Guden Balder burde kanskje ta seg ein tur ned frå trona og besøkje vertane for å danne seg eit meir nyansert bilete?