Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Den vakre nynorsken”. Østlendingen, 14.03.2011, s. 28.  [>pdf av denne artikkelen]
Artikkelen er ein kommentar til Marit W Sørlie: Historiebøker nok en gang, Østlendingen 01.03.2011, s. 32: . [>pdf].

Den vakre nynorsken
________________________________________

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk
Høgskolen i Hedmark
________________________________________
 

Marit Wahlstrøm Sørlie (1.3.) meiner at saka om historiebøkene ved Elverum ungdomsskole ikkje er ein strid om bokmål versus nynorsk. Eg er i utgangspunktet einig i at dei formelle omstenda rundt avgjerda om å kjøpe inn nynorske lærebøker ikkje nødvendigvis var som dei burde vere. Men det kom likevel ei rekkje uheldige utsegner frå fleire hald i samband med denne saka etter at den blei gjenstand for debatt i avisa.

Marit W. Sørlie synest t.d. personleg at ”nynorsk er et vakkert språk”, og ho ”leser gjerne bøker på nynorsk” og ”er også glad i nynorsk lyrikk”. Dette er velkjende frasar frå folk som prøver å vere diplomatiske og gje inntrykk av at dei personleg meiner at nynorsk er både likestilt og likeverdig med bokmål. Det merkelege er at ein nesten aldri i nokon samanheng høyrer at bokmål er eit vakkert språk. Det er heller ikkje vanleg å høyre at folk likar å lese lyrikk på bokmål. Anten likar ein lyrikk, eller så likar ein ikkje lyrikk. Den underliggjande argumentasjonen er heile tida at ein prøver å innrømme nynorsken ein viss plass i norsk kultur, men at nynorsk ikkje eignar seg til undervisning og læring eller elles i samfunnet – i alle fall ikkje på Austlandet.

Eit anna retorisk knep ein gjerne bruker i denne diskursen, er å trekkje fram elevar med ei eller anna form for lærevanskar. I staden for å halde tilpassa opplæring og tilrettelegging for enkeltelevar utanfor, er det denne gruppa som skal bere argumentasjonen mot nynorsk i skolen på Austlandet.

Det er mykje fokus på mobbing og diskriminering i skolen og i samfunnet elles. Det er merkeleg at ein ikkje ser korleis debatten om bokmål versus nynorsk i mange tilfelle faktisk handlar om diskriminering. Sjølv om talet på nynorskbrukarar har gått ned sidan krigen, er det framleis svært mange som ser på nynorsk som sitt hovudmål og sin språklege identitet – også på Austlandet. I motsetnad til bokmålsbrukarar vil dei fleste nynorskbrukarar ikkje påstå at dei snakkar nynorsk. Marit W. Sørlie meiner elevane i Elverum snakkar bokmål, og ho meiner dei bør få bøkene på sitt eige ”målføre” (eller til og med på sitt eige ”språk” – eg trudde vi alle snakka norsk).

No er vel skolebøker skrivne på ei ”målform”, som er ein variant av dei to offisielle skriftspråka våre, og ikkje på dialekt. Men eit faktum er at dei fleste i Noreg snakkar ein eller annan dialekt som ikkje nødvendigvis ligg veldig nær verken bokmål eller nynorsk, dersom ein skulle ha eit 1:1-forhold som mål. Å lese fleire variantar av norsk er dermed utviklande og haldningsskapande. Når tilsynelatande nynorskvennlege folk seier at nynorsk er eit vakkert språk og godt eigna til lyrikk, meiner eg at slike utsegner ikkje nødvendigvis er positive – eg meiner faktisk at dei er diskrimerande og stigmatiserande og at dei forsterkar dei negative haldningane mot nynorsk som eit fullverdig bruksspråk på lik linje med bokmål. Eg må vel gå ut ifrå at Marit W. Sørlie er ueinig med meg, men eg kan jo håpe at ho synest det eg skriv, er vakkert i det minste.