Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Nynorske lærebøker”. Østlendingen, 15.02.2011, s. 24.  [>pdf av denne artikkelen]
Artikkelen er ein kommentar til diverse oppslag i Østlendingen, 09.02., 10.02., 11.02. om historiebøker på nynorsk, t.d. [>pdf, pdf].

Nynorske lærebøker
________________________________________

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk
Høgskolen i Hedmark
________________________________________
 

Det er interessant og nesten litt underhaldande å sjå kor sterke reaksjonar det utløyser at ein har kjøpt inn nynorske lærebøker på Elverum ungdomsskole. Det er ikkje akkurat noka hemmelegheit at nynorskmotstanden er stor på Austlandet. Men eg som har delteke i ein del debattar om dette temaet i ulike samanhengar, legg merke til at nynorskmotstandarane gjerne kan bruke dei same argumenta med motsett forteikn. På den eine sida høyrer ein stadig kor dyrt det er å ha to sidestilte målformer. Men no vil ein at skolen/kommunen skal sitje igjen med ein god del bøker som ein neppe får refundert, samtidig som ein skal kjøpe inn nye bøker. Det er vel god ressursbruk, det. Det andre argumentet ein gjerne høyrer, er at ein vil ha nynorsk som ein munnleg del av norskfaget, og at det ikkje er vanskeleg å lese nynorsk. Men no kan det nesten sjå ut som om elevane har fått bøker på gresk. Det er eit faktum at vi har to målformer i Noreg. Dette er også ein del av historiefaget. Ei bok om Noreg på engelsk vil jo heller ikkje nødvendigvis høyre til engelskfaget. Det er litt merkeleg at ein puttar stoff i norskfaget med ein gong noko står på nynorsk. Det kan godt hende at Jon Fosse formelt sett handla litt for raskt her. Motivet hans var i alle fall godt. Korfor ikkje tenkje tverrfagleg og gjere det beste ut av situasjonen? Det står i læreplanen at det skal leggjast til rette for at barn og unge får eit bevisst forhold til språkleg mangfald og lærer å lese og skrive både bokmål og nynorsk. Personleg støttar eg rektor si vurdering. Det er bra med skoleleiarar som tør å tenkje litt heilskapleg.