Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: "Språkåret - Kommunikasjon" i LNK-Nytt, 18.11.2013 [http://lnk.no/kommentar/kommentar/3288-sprakaret-kommunikasjon]
Også publisert som: "Kommunikasjon" i Hamar Arbeiderblad, 20.11.2013, s. 27. [>pdf]
Også publisert som: "Språkåret - Kommunikasjon" i Hamar Dagblad, 21.11.2013, s. 17. [>pdf]


Språkåret

Kommunikasjon
________________________________________

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk
Høgskolen i Hedmark

Hamar dialekt- og mållag
________________________________________

Kommunikasjon er eit ord som møter oss nesten overalt. Vi kommuniserer med kvarandre meir eller mindre kvar einaste dag, vi har kommunikasjonsteknologi, og vi har til og med såkalla kommunikasjonsekspertar.

Men har du nokon gong tenkt over at ordet kommunikasjon faktisk ikkje er norsk? Ein har snakka germansk og nordisk, som er ein variant av germansk, i fleire tusen år, og så bruker ein eit latinsk ord for det å utveksle tankar ved hjelp av språk.

Vi seier jo sjølvsagt også at vi snakkar, pratar eller talar med kvarandre. Desse tre orda tyder først og fremst å bruke språk. Her er det berre det siste ordet som er norsk. Snakke og prate er lånt frå nedertysk via hanseatane. I gammalnorsk kunne ein elles t.d. bruke rœða, som vi framleis har som røde. Men dette ordet blir ikkje brukt så mykje lenger. Elles kan ein jo alltids utveksle nokre ord.

Dei fleste norske eller fellesgermanske uttrykksmåtane handlar altså om å bruke språk på ein eller annan måte. Kva er då så spesielt med ordet kommunikasjon?

Det som er litt interessant når det gjeld ordet kommunikasjon, er at det faktisk i utgangspunktet ikkje nødvendigvis har noko med språk å gjere. Det latinske ordet communicatio tyder først å fremst å gjere noko saman. Ein kan jo snakke, prate, tale, røde så mykje ein vil, og til ein blir blå, men det tyder ikkje alltid at ein gjer noko saman med nokon andre. Ofte kan ein vel føle at nokon pratar og pratar og ein sjølv har meldt seg ut for lenge sidan. Kommuniserer ein då?

Kommunikasjon blir elles òg bruk om samband og samferdsel, dvs. det som fører folk saman. Ein kan då òg tenkje seg at ein sender ein bodskap via eit samband mellom menneske. Innanfor kommunikasjonsteknologien handlar det ofte om å sende  elektroniske «pakker». Då er ein som regel nøgd når kommunikasjonen fungerer reint teknisk. Men når vi menneske kommuniserer med kvarandre, er det gjerne mykje meir som skal til.

Det er ikkje alltid nok å snakke eller forstå det same språket, dvs. dei reint tekniske signala som vi bruker for å pakke inn bodskapen. Menneskeleg kommunikasjon føreset rett og slett eit samarbeid. Ein kan ikkje berre snakke, prate, tale, røde og rekne med at det som kjem ut, også kjem fram. Ein må ta omsyn til mottakaren, og mottakaren må gjere ein innsats for å tolke bodskapen i beste meining. Meininga er eit felles produkt, eit samarbeidsprodukt.

Det er i grunnen litt trist at vi ikkje har eit godt norsk ord for kommunikasjon. Det er noko teknisk over dette ordet, og det er så pass abstrakt at mange ikkje utan vidare vil skjønne heile innhaldet i ordet. Det nærmaste ein kjem, er kanskje ordet samtale, men det har altså ikkje nødvendigvis samarbeidsaspektet i seg. På den andre sida kan ein jo prøve å bli litt meir bevisst på kva ein gjer når ein pratar saman, og då får samtalen kanskje nettopp den tydinga han burde ha.