Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Det er schwung over svingen". Huskelappen nr. 6, 08.04.2011, s. 42. [>pdf av denne artikkelen]
Innlegget er ein kommentar til: Red: Schwung, Huskelappen nr. 5, 25.03.2011, s. 12 [pdf av innlegget].
Det er schwung over svingen
 

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark
________________________________________
 

Redaksjonen til Huskelappen lurte litt på ordet ”schwung” i nr. 5/2011. I ordbøkene finn ein synonyma fart, flukt og liv. Det står òg at ordet er lånt frå tysk, og det har sjølvsagt samanheng med ”svinge”.

Ordet svinge er opphavleg eit sterkt verb, og i tysk er bøyinga schwingen – schwang – geschwungen. Substantivet som er avleia av schwingen, er altså Schwung. Tydinga er ein rask, kraftig bevegelse i ein boge (sving).

Ordet inngår også i ei rekkje idiomatiske uttrykk, t.d. Schwung holen, etwas in Schwung halten, in Schwung kommen, in etwas kommt Schwung o.l. Det er sjølvsagt schwung over desse uttrykka, men det er i grunnen ikkje særleg mykje behov for å låne inn eit ord frå eit anna språk når ein kan seie det same på norsk (sjølv om ordet svinge i utgangspunktet også blei lånt frå tysk). Men av ein eller annan grunn er vel schwung meir elegant enn sving eller fart, akkurat som maile kanskje er finare enn å skrive e-post?

Det var fint å lese korleis redaksjonen koste seg med ordet schwung. Det førde tydelegvis til mykje positiv energi og glede. Sånn sett er det kanskje likevel ein god grunn til å låne inn ord som får det til å svinge litt i livet.