Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Kva er dårleg norsk?". Huskelappen nr. 13, 07.09.2012, s. 27. [>pdf]
Innlegget er ein kommentar til Arnulf Hustad: Spørsmål fra leserne, Huskelappen nr. 12, 24.08.2012, s. 20 [pdf].

Kva er dårleg norsk?

 

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark
______________________________________
 

I førre nummer av Huskelappen (12/12, s. 20) under Språktips kommenterte Arnulf Hustad sine eigne setningar: 1. Og er en konjunksjon som binder sammen like ord, setningsledd eller setninger… og 2. Vi bruker alltid og ved uttrykk som ble liggende og le. Og vi skriver alltid å i preposisjonsuttrykk som disse… Hustad erklærte seg «hjertens enig» med Per Dobloug, som hadde lært på skolen at ein aldri skulle byrje ei ny setning med «og» etter punktum, og som meinte at dette måtte vere «feil». Hustad meinte då at det ikkje var direkte feil slik han hadde skrive, «men bevare meg vel for hvor dårlig norsk det er!!». Hustad lova då å skjerpe seg.

Som språkvitar finn eg det derimot litt merkeleg at Hustad her «legg seg flat» for ein kategorisk regel og kallar desse to setningane for «dårlig norsk». Den første setninga kunne faktisk ikkje ha blitt skrive på nokon annan måte. I denne setninga fungerer ikkje «og» som ein samanbindande konjunksjon. Det er jo faktisk subjektet i den første setninga. Ein kunne eventuelt ha skrive «Ordet og er en konjunksjon…». Men det er ingen grunn til å seie at dette er dårleg norsk.

Når det gjeld den andre setninga, er eg einig i at det er uheldig å bruke punktum her. Løysinga her ville vere å bruke komma. Her er funksjonen til «og» nettopp å binde saman to likeverdige setningar. Det er altså punktumet som er problemet og ikkje konjunksjonen, og det blir dermed ikkje nødvendigvis dårleg norsk.

Å byrje nye setningar etter punktum med konjunksjonen «og» er vel ikkje i seg sjølv «dårleg norsk». Det spørst litt kva ein meiner med «dårleg». Reint grammatisk er det ingenting gale med det, mens bokmål «jeg har sett de» per i dag måtte klassifiserast som «dårleg norsk» sidan ein formelt skal bruke objektsforma av «de» i denne setninga. Når ein likevel meiner at tekstar som inneheld mange setningar som byrjar med «og», er «dårlege», er dette først og fremst eit spørsmål om stil. Det er gjerne slik at barn har ein tendens til å kople setningane sine med «og», t.d. «og så gjorde eg det, og så sa ho, og så gjekk vi, og…». Etter kvart som den språklege bevisstheita utviklar seg, vil dei fleste variere språket meir og finne andre setningskoplingar og byggje opp tekstane på andre – meir «vaksne» – måtar. I skolen er det nettopp eit poeng for norsklærarane å hjelpe barn og ungdom å bli språkleg bevisste og lære om stil og sjanger. Stilistisk sett er det derimot ingenting gale med dei to setningane som Hustad skreiv. Han burde berre formelt sett ha brukt komma i staden for punktum.

Elles kan det vere noko å reflektere over at dei fleste meiner at den gamle sagalitteraturen vår er stor litteratur og stor kunst. Bjørnson og andre prøvde av og til å kopiere sagastilen. Men alle som har lese sagatekstar på originalspråket, dvs. på norrønt/gammalnorsk, vil vite at dei fleste setningane startar med «og» eller «men». Då er det vel berre å konkludere at dette var veldig dårleg norsk.