Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Som seg hør og bør". Huskelappen nr. 2, 27.01.2012, s. 25. [>pdf av denne artikkelen]
Innlegget er ein kommentar til Arnulf Hustad: Schwung, Huskelappen nr. 1, 13.01.2012, s. 28 [pdf av innlegget].
Som seg hør og bør
 

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark
________________________________________
 

Eg vil gjerne komme med nokre tilleggskommentarar til spalta Språktips i Huskelappen 13. januar 2012. Arnulf Hustad hadde ei fin og grundig utgreiing om ordet ”som”, men den kunne dessverre gje inntrykk av at ordet ”som” berre var eitt ord, nemleg ein subjunksjon. Artikkelen handla utelukkande om relativsetningar, og vi snakkar jo også gjerne om ”som” som eit såkalla relativord. Men nettopp i denne siste setninga har ”som” faktisk ein annan funksjon. I frasar  som ”som relativord” eller ”jobbe som lærar” eller ”sjå på som viktig” innleiar ikkje ”som” noka relativsetning og er dermed ingen subjunksjon. Vi analyserer ”som” i staden som ein preposisjon på lik linje med ”i” eller ”på”, jf. ”han jobbar i skolen” og ”han jobbar som lærar”.

Men også i utgreiinga om relativsetningar sneik det seg inn ei litt unøyaktig formulering. Det er riktig at ein tidlegare rekna ”som” som relativpronomen. Men dette har vist seg å vere teoretisk og praktisk problematisk. Pronomen er ei nominal ordklasse, og pronomen kan stå i staden for eit substantiv (nomen). Pronomenet ”han” kan t.d. stå for substantivet ”mann” eller ein heil substantivfrase, t.d. ”den gamle mannen med langt skjegg”.

Poenget med Hustad sin artikkel, slik eg tolka det, var nettopp å fortelje lesarane om den nye analysen av det vesle ordet ”som”. Når ”som” innleiar ei relativsetning, seier vi no at det er ein subjunksjon i staden for eit relativpronomen. Dette har nokon viktige syntaktiske konsekvensar. Ein subjunksjon er eit innleiarord og ikkje eit pronomen. Det kan altså ikkje stå i staden for eit anna ord. Andre subjunksjonar er ”at”, ”fordi”, ”viss” og også infinitivsordet ”å”. Slike ord står i det såkalla innleiarfeltet i undersetningar; dei er eigne setningsledd, og dei står ikkje i staden for eit anna setningsledd. Dei er ikkje proord.

Når Hustad skriv at ”som” kan ha funksjon som subjekt eller objekt eller utfylling til preposisjon, er dette altså ikkje heilt korrekt. Det Hustad meiner, er at korrelatet i oversetninga er identisk med det leddet som er stroke i relativsetninga. Når det står ”Her er den boka som handler om 2. verdenskrig” har ”som” som funksjon å binde saman to sjølvstendige setningar: ”Her er den boka” og ”Den boka handler om 2. verdenskrig”. Det er ikkje slik at subjunksjonen ”som” erstattar subjektet i den andre setninga. På same måte som heller ikkje subjunksjonen ”at” ville erstatte noko i ei setning: ”Han sier at den boka handler om 2. verdenskrig”.

I relativsetningar blir det leddet som er identisk med eit ledd i oversetninga, rett og slett stroke eller utelate. Dette tyder i praksis at ein får ein tom plass i relativsetninga. I ein grammatisk analyse vil ”som” stå på den same plassen som andre subjunksjonar, dvs. i innleiar-/forbindarfeltet eller på S’, alt etter kva type analyse ein eventuelt bruker.

Hustad nemner også nokre setningar med ”hva”, ”hvilket” og ”kven” og skriv at dette er ”andre ord enn som i starten av relativsetninger”. Dette er for så vidt riktig. Men igjen er det viktig å passe på at det finst fleire definerte plassar i setninga. Såkalla hv- eller kv-orda er vanlegvis pronomen eller spørjeord, som nettopp kan erstattast med svaret til det ein spør etter: ”Veit du kven” + ”Det er kven”, som kan bli til: ”Veit du kven det er?”. Dette er i praksis relativsetningar utan ”som”. Men det er elles riktig at ein i meir arkaisk norsk (dansk) kan finne konstruksjonar som liknar meir på t.d. tysk, der relativordet er eit pronomen og ikkje ein subjunksjon som i moderne norsk.