Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Den europeiske språkdagen”. Hamar Dagblad, 30.08.2010, s. 2.  [>pdf av denne artikkelen]

Den europeiske språkdagen
________________________________________

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk
Høgskolen i Hedmark
________________________________________
 

Den 26. september var Den europeiske språkdagen, som blei oppretta av Europarådet i 2001, Det  europeiske språkåret.

Språkdagen blei markert fleire stader i Noreg også i år. Utdanningsdirektoratet og Nasjonalt senter for fremmendspråk i opplæringa (Fremmendspråksenteret) er pådrivarar for den nasjonale markeringa, og skolane blei oppfordra til å markere Språkdagen med lokale tilstellingar og arrangement.

I ein europeisk kontekst er det naturleg at ein har fokus på fremmendspråk. Det å lære meir om språket og kulturen til landa i Europa, er eit viktig grep for å sikre toleranse og demokrati. I Noreg lærer elevane engelsk som fremmendspråk, og som regel skal ein også lære minst eitt fremmendspråk til.

I pressemeldinga frå Europarådet 2009 blir Gabriella Battaini-Dragoni, Europarådets koordinator for interkulturell dialog, sitert: ”Høvet til å snakke med andre menneske på deira eige språk bryt ned språklege og kulturelle barrierar. Gjennom språkopplæring aukar vi medvitet om andre kulturar, og det kan òg hjelpe oss å ta eit skritt tilbake og sjå vår eigen kultur i eit nytt lys.”

Målet med markeringa av Språkdagen er bl.a.: ”å vise allmenta verdien av å lære språk og å bidra til fleirspråklegheit i samfunnet, å auke medvitet om det språklege og kulturelle mangfaldet i Europa, å motivere europeiske innbyggjarar til å lære fleire språk, å informere om språklæring, å støtte opp om og oppmuntre til livslang læring av språk, å synleggjere moglegheitene som ligg i fleirspråklegheit, å bidra til mobilitet i Europa”.

Nordmenn flest er svært språkkunnige. Dei fleste av oss snakkar rimeleg godt engelsk. Dette har bl.a. å gjere med den massive påverknaden gjennom engelskspråklege filmar og musikk. I tillegg kan mange også anten litt tysk, fransk eller spansk, eller eventuelt andre språk som ein har lært på skolen eller i andre samanhengar. Prinsipielt må ein kunne seie at nordmenn flest oppfyller Europarådets ambisjon om at alle skal ha litt kunnskapar om minst to fremmende språk.

Tradisjonelt har nordmenn også vore flinke til å forstå svenskar og danskar, og desse såkalla ”nabospråka” er også ein del av skolepensumet. På den måten kan ein seie at vi er flinke her oppe i nord til å oppfylle Europarådets visjon om fleirspråklegheit.

Når ein byrjar å sjå litt nærmare på dette idealistiske biletet, er situasjonen kanskje likevel ikkje så mykje å skryte av. Påverknaden gjennom angloamerikansk språk og kultur etter krigen har vore så stor at mange er redde for at norsk faktisk kan forsvinne som språk. Det finst til og med dei som meiner det hadde vore greitt om alle berre snakka engelsk. Unge i dag er dårlegare til å skjønne svensk og dansk, og sidan alle kan engelsk, er det lett å ty til engelsk som hjelpespråk. Når det er sagt, så er svenskane og danskane ofte enda dårlege til å skjønne oss enn omvendt. Dei nordiske landa har no sett i gang tiltak for å betre situasjonen, slik at nordmenn, svenskar og danskar lettare skal kunne bruke morsmålet sitt når dei kommuniserer.

Sjølv om mange nordmenn forstår svenskar og danskar dårlegare i dag enn før, har dei norske dialektane fått ein heilt annan status sidan 1970-talet. I dag kan ein stort sett bruke sin eigen dialekt i alle samanhengar, offentleg og privat. Men norske dialektar kan nokre gonger faktisk vere meir forskjellig innbyrdes enn norsk og dansk eller svensk. Likevel går det stort sett bra, og det har bl.a. med haldningar å gjere. Når ein veit at den andre faktisk snakkar ein norsk dialekt, trur ein jo gjerne at ein burde skjønne kva den andre seier. Identifiserer ein språket til den andre som svensk eller dansk, tur ein kanskje at ein ikkje skjønner den andre fordi han snakkar eit ”fremmendspråk”. Då prøver ein kanskje heller ikkje eingong å forstå. Det at ein ikkje forstår den andre, handlar nokre gonger ikkje om språklege og kulturelle barrierar, men om barrierar i hovudet til den enkelte.

Som Europarådets koordinator sa, ”Gjennom språkopplæring aukar vi medvitet om andre kulturar, og det kan òg hjelpe oss å ta eit skritt tilbake og sjå vår eigen kultur i eit nytt lys.” I Noreg lærer ein ikkje berre engelsk og eit anna fremmendspråk, ein lærer også to norske skriftspråk på skolen, bokmål og nynorsk (nokon lærer også samisk). Mange elevar som har bokmål som hovudmål, påstår at dei ikkje skjønner nynorsk. Dei klassifiserer nynorsk nærmast som eit fremmendspråk. Det interessante er bl.a. at dei fleste lærer engelsk på skolen heilt ifrå første klasse, mens dei ikkje får lære nynorsk før sju-åtte år seinare. Og etter fem-seks år med nynorsk på skolen er det framleis svært mange som påstår at dei ikkje kan nynorsk.

Mange nynorskmotstandarar meiner nynorsk er vestnorsk, og har ingenting med austnorsk (bokmål) å gjere. Dei meiner det er greitt å lære engelsk, mens det er ”bortkasta” å lære nynorsk. I den eine augneblinken er nynorsk uforståeleg, i den andre augneblinken er det så likt at ingen skjønner vitsen med å ha to skriftspråk. Begge argumenta kan gjerne brukast om kvarandre av dei same personane. Kampen mellom dei to målformene har føregått i rundt 150 år i Noreg, og den har til tider vore svært bitter.

Den europeiske språkdagen kan vere grunn til å reflektere over sitt eige språk og sin eigen kultur. Korleis skal ein kunne bevare fred i Europa og verda når ein ikkje klarer å ha språkleg toleranse i sitt eige land eingong? Noreg er eit fleirspråkleg land på mange måtar og har vore det i lang tid. Kanskje det er på tide å akseptere og respektere det i staden for å kjempe imot det.