Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Parverb som heng og sleng”. Hamar Dagblad, 29.10.2009, s. 15. [>pdf av denne artikkelen]

Parverb som heng og sleng
________________________________________

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk
Høgskolen i Hedmark
________________________________________
 

Har du høyrt om ”parverb”? Det er verb som kan sjå like ut, men som likevel kan ha ulik bøying. Mange har ”problem” med desse verba, og det er mange lærarar som ikkje kan forklare forskjellen, og ikkje står det særleg mykje i lærebøkene heller.

Eg slo opp i to meir eller mindre tilfeldig valde læreverk for å finne ut korleis parverb blir presenterte i skolen. I ”Fra saga til CD, 9B” står det: ”Det er lett å blande saman parverb. Merk deg korleis desse blir bøygde”, og så kjem det ei opplisting av ti parverb, dvs. bøyinga av tjue verb. Det hjelper lite med ei slik opplisting når ein ikkje skjønner forskjellen på verba. I ”Signatur 3” står det: "Noen verb har både sterk og svak bøyning. Da er det sterke verbet intransitivt, det kan ikke ta objekt. Det svake verbet er transitivt og kan ta objekt". Dette er alt elevane får, og dette er alt lærarane får.

Når ein tenkjer på at det har blitt mykje ”rot” med parverba i dei ulike dialektane etter kvart, og det generelt står heller dårleg til med grammatikkopplæring i skolen, blir det vel ikkje særleg betre med ei lærebok der ein ikkje finn noka forklaring på fenomenet.

For å seie det sånn, det fleste veit ikkje eingong at dei har ”problem” med parverba, fordi det er så vanleg å høyre og lese ”feil” overalt rundt seg. Det blir t.d. 12.500 oppslag på ”jeg hang den” på Google, og 8.700 på ”jeg slang den”, mens det er 4.030 treff på ”jeg hengte den” og 4.930 på ”jeg slengte den”. Dvs. det er to til tre gonger så vanleg å høyre og lese ”feil” bøying rundt seg. Då er det ikkje rart at ein aldri lærer å bruke formene ”rett”; spesielt når ein ikkje eingong skjønner kva forskjellen går ut på.

Det er ikkje uvanleg at ein endrar skrivemåten på ord etter kvart som talemålet endrar seg. Så, akkurat som det kan hende at svak bøying som ”skjærte/skjerte” og ”bærte/berte” kanskje blir tillatne former i framtida (istf. sterk bøying som ”skar” og ”bar”), kan det hende det blir lov å bøye parverba likt. Men det er det ikkje per i dag, så korleis er det no med dessa parverba?

Den eine læreboka skilde mellom parverba ved å seie at det sterke verbet ikkje kan ta objekt, mens det svake verbet kan ta objekt. Ut ifrå min teoretiske ståstad er eg ikkje direkte einig i formuleringa. Men det som er meir problematisk, er at ein ikkje skjønner kva som er kva, når ein i dialekten ikkje skil mellom ”je hang jakka på knaggen” (med objekt) og ”jakka hang på knaggen” (utan objekt). Dialektane er jo ikkje normerte. Der er det språkbrukarane som bestemmer kva som er ”korrekt” eller ikkje, uavhengig av kva Språkrådet måtte meine. I dialektar der det er mogleg å seie ”je hang jakka på knaggen”, hjelper det lite å snakke om svake verb og objekt når det ikkje finst noka svak form av verbet i det heile.

For å gjenoppfriske definisjonen av sterke og svake verb, så har sterke verb vokalendring i bøyinga i fortid, mens svake verb først og fremst får ein t eller d i tillegg, dvs. ”bere/bære – bar – bore/båret” vs. ”lære – lærte – lært”. Når det gjeld verbet ”henge”, så har det to infinitivsformer i nynorsk ”henge” og ”hengje”. Det første er den sterke varianten av verbet, den andre er den svake. Korrekt bruk blir då ”jakka hang på knaggen” og ”eg hengde jakka på knaggen”. I det første dømet er det ikkje noko objekt, i det andre er det ”jakka” som er objekt.

Subjekt og objekt er såkalla setningsledd, og ”forklaringa” i Signatur er syntaktisk, dvs. basert på funksjonen til ledda i setninga. For å forstå parverba må ein i tillegg sjå på sjølve tydinga, dvs. semantikken. I grammatikken seier vi gjerne av verbet deler ut ulike semantiske roller. To av dei mest typiske rollene er ”nokon som handlar” og ”noko/n som handlinga går ut over”. I ei setning vil den som handlar, som oftast bli subjekt, mens den/det som blir påverka av handlinga, vil vere objekt, t.d. ”eg-subjekt hengjer jakka-objekt på knaggen”. Men det finst verb som ikkje deler ut noka rolle til nokon som handlar. Dette er såkalla ”ergative” verb (som ikkje er det same som intransitive verb). Når det ikkje er noko ”naturleg” subjektrolle der, er det den andre rolla som blir subjekt, og dermed får ein ikkje noko objekt i det heile.

Forskjellen mellom parverba er at det sterke verbet står i setningar utan ein handlande person, mens det svake verbet står saman med den handlande, og den/det som blir påverka av handlinga. Og dét er noko ein kan teste lett: ”eg-handlande hengde jakka-påverka på knaggen” vs. ”jakka-påverka hang på knaggen”; ”eg-handlande brende ned huset-påverka” vs. ”huset-påverka brann ned”; ”eg-handlande slengde føtene-påverka på bordet” vs. ”(eg løp så) føtene-påverka slang etter meg”; ”eg-handlande strekte pengane-påverka så langt eg kunne” vs. ”pengane-påverka strakk ikkje til”.

Veit du no kva du skal seie/skrive neste gong du har hengt jakka ifrå deg ein stad?