Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Grammatikkens verktøy”. Hamar Dagblad, 28.10.2010, s. 28.  [>pdf av denne artikkelen]

Grammatikkens verktøy
________________________________________

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk
Høgskolen i Hedmark
________________________________________
 

Tema for Forskingsdagane i år er ”forskingas verktøy”. Eg bruker gjerne verktøykassa som metafor for å vise studentane mine heilskapen og enkeltmodulane i grammatikken.

Språk er eit svært komplekst fenomen som ein kan studere frå mange ulike vinklar. Dei fem mest sentrale delane av menneskeleg språk er litt enkelt formulert: lydane, orda, ytringane, tydingsinnhaldet og den praktiske bruken av språket. Desse delane av språket kan studerast isolerte eller i samanheng. I språkvitskapen har vi eigne termar for dei ulike fagområda. I fonologien studerer ein lydar, i morfologien ord, i syntaksen setningsbygging, i semantikken tyding, og i pragmatikken studerer ein korleis språket blir brukt i ulike samanhengar.

Når ein underviser i grammatikk, vil det ofte vere naturleg å starte med dei minste delane i språket, og så utvide verktøykassa etter kvart som ein ser på meir komplekse strukturar. Då mennesket byrja å utvikle språk, fanst det ikkje ordbøker og rettskrivingsreglar. Det fanst ikkje skrift i det heile, anna enn eventuelt teikningar/bilete. I byrjinga var ikkje ordet; i byrjinga var lyden. Språket blei utvikla rundt lydane menneska klarte å lage. Gjennom evolusjonsprosessen utvikla ikkje berre lydrepertoaret til mennesket seg, men også taleapparatet, slik at vi i dag har eit taleapparat som er svært avansert og tilpassa taleproduksjon i motsetnad til t.d. sjimpansane sitt.

Ulike språk kan ha ulike lydar, og lydane kan ha ulike funksjonar i ulike språk. Fonologien er det fagfeltet som konsentrerer seg om å studere alt rundt produksjonen av lyd, til mottak av lyd og funksjonen til enkeltlydar. Ein skil t.d. mellom lydar som har kraft til å endre tydinga til eit ord. Ord som ”rus” og ”lus” vil nordmenn høyre som to ulike ord pga. lydane r og l, mens ein kinesar kanskje ikkje høyrer forskjellen.

Når vi vil studere korleis ord er bygde opp, treng vi andre verktøy. Då må vi sjå på større element enn lydar, og vi må eventuelt også ta omsyn til skrift og skriftnormer. Morfologi er opphavleg ein term som er teken ifrå biologien, der ein såg på ytre former og strukturar til dyr og plantar. Når vi vil studere ordas former og strukturar, er vi t.d. interesserte i forskjellar mellom ord som ”vennelag”, ”vennskap” og ”vennleg”. Alle desse orda inneheld eitt grunnelement ”venn”. Men det første ordet ville ein klassifisere som samansetjing, mens dei andre to orda er avleiingar. Dei første to orda er substantiv, mens det siste ordet er eit adjektiv. Dersom ein delar opp orda, vil ein sitje igjen med røter og avleiingsmorfem, dvs. mindre ordelement som har eit grammatisk eller leksikalsk, dvs. tydingsmessig, innhald.

Når ein kjem opp på ytrings- og setningsnivå, er ikkje lydane og oppbygginga av enkeltorda så viktig lenger. Då er ein interessert i å studere korleis orda oppfører seg i forhold til kvarandre, og ein snakkar om syntaks, som tyder ”samanstilling”. Språkforskaren har då behov for andre verktøy. Ein treng namn på ulike funksjonar i setninga, t.d. subjekt, verbal og objekt, og ein treng å skilje mellom ulike setningstypar; utsegnssetningar, spørsmål, ulike undersetningar osv. I morfologien finn ein ut at eit ord kan ha ulike ordformer. T.d. kan ordet ”grøn” opptre som ”grøne” i fleirtal eller som ”grønt” i inkjekjønn eintal. Slike ordbøyingar spelar derimot ikkje noka rolle før det aktuelle ordet faktisk blir plassert i ei setning saman med andre ord. I ei ordbok finn ein som regel berre sjølve oppslagsordet, t.d. ”grøn”. Men i konkrete setningar kan ein finne: ”Lisa har eit grønt eple” eller ”Studentane har mange grøne eple”.

Tydinga til ord og ordelement er ein del av semantikken, dvs. tydingslæra. Det er t.d. forskjell mellom eple på treet i hagen og augneeple og jordeple. Desse orda har likevel eitt felles tydingselement. Fagspråket til semantikken kan ofte likne på matematisk språk med bruk av mange logiske symbol. Den kjende setninga ”vent ikkje drep han” kan studerast syntaktisk og semantisk. Alt etter kvar ein plasserer kommaet, vil setninga endre tydinga dramatisk. På den andre sida kan ein i syntaksen godt analysere ei setning som ”Ein drungs kom symjande gjennom lufta på fire bein”. Setninga har ikkje noko greitt semantisk innhald, men den oppfyller dei syntaktiske krava til ei grammatisk setning.

I pragmatikken, språkbrukslæra, vil ein kunne studere korfor nokon lukkar vindauget eller døra når ein høyrer setninga ”Det er kaldt”. Ein ser då bl.a. at det kan finnast ei meining ut over den som er knytt til enkeltorda i ei ytring. I praktisk språkbruk er ein interessert i korleis språk kan brukast i ulike kommunikasjonssamanhengar, og ein prøver å finne ut av reglar for kommunikasjon. Semantikk og syntaks vil vere viktige delkomponentar, mens fonologi og morfologi er mindre viktig på dette nivået.

Kan ein litt om alle dei fem verktøya i grammatikken, er ein godt utrusta til det meste. Sei ”a”, og eg kan diagnostisere at du kan uttale ein vokal.