For
ei stund sidan var eg på ein bensinstasjon i
nærheita og klarte på ein eller annan måte å miste
pengeboka mi utanfor kortautomaten utan å merke det.
Men ikkje mange minutt etter at eg var kommen heim,
var det nokon som ringde meg på mobilen og
informerte meg om at dei hadde funne pengeboka mi.
Det var ein del kontantar i pengeboka og eit godt
utval med plastkort, så eg var nok heldig at det
ikkje var nokon andre som fann den.
Med
dette ønskjer eg enda ein gong å takke Randi og
Einar for å ha levert pengeboka tilbake til meg.
Samtidig vil eg nytte høvet til å skrive litt om
språklege fin(n)urlegheiter igjen. Ordet ”finne” er
for så vidt relativt greitt, og vi har også dei to
”finnarane” våre, sjølv om dei ikkje ville ha
”finnarlønn”. Men dersom finnarane hadde levert
pengeboka hos politiet, hadde den blitt lagra der
som ”hittegods” og ikkje som ”finnegods” eller
”funn”, som ein kanskje skulle kunne vente. Verbet
”hitte” er derimot ikkje mykje brukt av folk flest.
Det er meir vanleg i svensk eller dansk. Svenskane
kan ”hitta sig själv”, og danskane kan ”hitte noget
på nettet”. I begge tilfella ville vi på norsk som
regel bruke ”finne”.
Verba
”finne” og ”hitte” kan vere synonym. Dvs. at dei kan
tyde nokolunde det same, bl.a. kan dei også tyde
”treffe” eller ”møte”. Elles finst både ”finne” og
”hitte” som ”find” og ”hit” i engelsk, men der vil
dei nok ikkje kunne fungere som synonym. ”Find” har
meir eller mindre same bruksområde som ”finne” i
norsk”, mens ”hit” tyder ”treffe”. Mens ein i
nordisk kan hitte ein person for å ha det hyggeleg
saman, ville det nok ikkje bli mykje hyggeleg i
England om ein ”hit a person”; for då ville ein ha
slått vedkommande med noko.
Korleis kan det ha seg at det same ordet kan ha så
ulik tyding i nordisk og engelsk? I grunnen er ikkje
tydinga så ulik, den har berre blitt forskove litt.
Langt tilbake i indogermansk hadde ordet ”finne”
også tydinga ”søkje” (jf. ”skal vi prøve å finne den
forsvunne katten?” = leite etter). Dermed kan ein
sjå ein slags tydingsskala der ein beveger seg frå
”søkje” til ”finne” til ”treffe”. ”Treffe” er
forresten også eit interessant ord. Det er nemleg
lånt frå tysk, som så mange andre ord i norsk. Men
det som er mest interessant med ”treffe”, er at vi
hadde akkurat det same ordet frå før, nemleg
”drepe”.
I
gammalnorsk tydde ”drepa”, ved sida av den tydinga
vi har i dag, bl.a. å slå, støyte, stikke. Dvs. det
hadde meir eller mindre den same tydinga som ”hit”
har i engelsk i dag. Germansk d i framlyd blei
gjerne til t i tysk, og p i innlyd kunne bli til f.
Derfor utvikla ”drepan” seg til ”treffen” i høgtysk.
Når ”drepe” etter kvart konsentrerte tydinga rundt
”å ta livet av”, var det fritt fram for det tyske
”treffe” å finne ein plass på tydingsskalaen søkje –
finne – treffe – drepe. Dette blir reine
hit(te)paraden. Men den største ”hit-en” er dei to
ærlege finnarane, som eg var så heldig å treffe
etter at dei hadde funne pengeboka mi, som eg ikkje
eingong rakk å leite etter.