Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Korfor fungerer såkalla søppelpost?”. Hamar Dagblad, 25.11.2010, s. 32.  [>pdf av denne artikkelen]

Korfor fungerer såkalla søppelpost?
________________________________________

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk
Høgskolen i Hedmark
________________________________________
 

Svært mange bruker e-post meir eller mindre kvar dag. Før eller seinare vil ein få e-post frå nokon ein ikkje kjenner, med eit innhald som ein i beste fall er svært lite interessert i. Det er som å få uadressert reklame i posten. Ein har ikkje bede om det, men ein får det lell. Mange av oss ser likevel igjennom uadressert reklame, og det hender at det er noko som fangar vår interesse – og det kan vel hende at vi faktisk kjøper noko til slutt.

Mens ein i dei fleste tilfella kan ”stole” på avsendaren til reklamen ein får i postboksen sin utanfor huset, er det svært mange useriøse aktørar ”der ute” på nettet; dei prøver rett og slett å lure folk. Sjølv om dette som regel er relative openbert og mange e-postprogram markerer denne typen e-post som søppelpost eller ”spam”, skjer det igjen og igjen at nokon lèt seg lure. Det er derfor relevant å spørje seg korleis dette i det heile kan skje.

Eg held for tida på med eit kurs i språkbruksanalyse, også kalla pragmatikk. På dette kurset skal studentane lære ein del viktige kommunikasjonsprinsipp. I ein litt enkel kommunikasjonsmodell snakkar vi gjerne om ein sendar, ein bodskap og ein mottakar. No er det jo sånn med reklame og uønskt e-post, dersom eg som adressat ikkje er interessert i reklamen, vil eg ikkje lese han. Eg vil rett og slett nekte å ta på meg mottakarrolla, og dermed når ikkje avsendaren fram til meg med bodskapen sin. Dersom eg ikkje les eller tek stilling til teksten/bodskapen, vil det heller ikkje skje nokon kommunikasjon.

Kommunikasjon er eit lånord frå latin, og grunntydinga til ordet er ”å gjere noko saman”. Dersom eg som potensiell mottakar nektar å samarbeide med avsendaren, får vi altså ikkje i stand nokon reell kommunikasjon. Vi kan setje ein lapp på postkassa vår og informere postbodet om at vi ikkje ønskjer uadressert reklame. Når det gjeld e-posten vår, er det gjerne eit såkalla ”spamfilter” som lukar ut det meste. Men likevel er det eit og anna slikt brev som når ut til folk, og likevel er det altså ein og annan som blir lurt. Korfor er det slik?

Filosofen Jürgen Habermas sette opp tre ”gyldigheitskrav” for språkleg samhandling (kommunikasjon). Desse tre krava kan langt på veg forklare korfor nokon blir lurt gjennom eit falskt e-brev. Dei tre kommunikasjonskrava til Habermas er: subjektiv gyldigheit, objektiv gyldigheit og sosial gyldigheit. Kravet om subjektiv gyldigheit går ut på at avsendaren oppriktig må meine det han eller ho seier. Kravet om objektiv gyldigheit går ut av at det som blir sagt, er i samsvar med verkelegheita, dvs. dei faktiske forholda. Kravet om sosial gyldigheit handlar om at det er ein eller annan sosial relasjonen mellom kommunikasjonspartnarane som bestemmer rollene dei kan ha. Det nyttar t.d. ikkje å be mannen eller kona om å få ta fri ifrå jobben. Det er berre arbeidsgjevaren eller ein annan person med administrativ makt som kan innvilge eit slikt ønske.

Eg fekk nettopp eit slikt ”søppelbrev” igjen, som eg har fått i mange variantar før. Brevet er på engelsk, og det er kanskje nettopp derfor dei fungerer. Ein hadde vel ikkje trudd på det dersom nokon ifrå Noreg prøvde seg på noko slikt.

Brevet startar med ”dearly beloved”, noko som kan føre til at eg føler at avsendaren vendar seg til meg personleg. Så kjem det eit avsnitt om Gud og tru som har som mål å etablere eit grunnlag for den subjektive gyldigheita. Du ville vel ikkje tru at eit gudfryktig menneske ville sende deg ein e-post for å lure deg? Samtidig som det subjektive perspektivet blir festa, blir ein også utfordra på det medmenneskelege planet. Gudstrua blir her brukt som eit meir eller mindre legitimt ”krav” om å måtte hjelpe eit anna menneske i nød.

Den stakkars ”dama” som sende meg brevet, har etter tjue års ekteskap mista mannen sin, som jobba for eit stort oljeselskap og etterlét seg ein stor sum pengar, som enka no sit åleine med sidan dei ikkje fekk nokon barn. No har denne stakkars personen sjølv fått kreft og ligg på sjukehuset, så ho kan dessverre ikkje reise til Europa for å ta imot pengane etter mannen sin. Alle vennene og slektingane har vist at dei ikkje kan ta vare på pengar, så no er det opp til meg å ta meg av desse pengane og fordele dei til gode formål. Alt dette høyrer til det såkalla ”objektive” gyldigheitskravet. Dessverre kan vi jo ikkje sjekke fakta her. Og sidan dama er langt borte og i tillegg ligg på sjukehuset, vil det vere vanskeleg å verifisere det ho skriv. Men dersom ein tek kontakt, vil ein advokat ta seg av formalitetane.

Her har ein altså også den sosiale gyldigheita ”på plass”. Mannen er død, det finst ingen barn, og kvinna held òg på å døy. Det er berre å komme og ta imot pengane. Det er jo ingen som har krav på dei. Sidan det er ein ”ordentleg” advokat som blir kopla inn her, er det vel trygt. Så eg tek kontakt og gjev dei  alle opplysningane dei vil ha, slik at dei får tilgang til meg og livet mitt, og plutseleg sit eg der ikkje berre med masse uadressert reklame, men også med skjegget i postkassa i tillegg.