Vi er inne i Darwin-året, og då kan det vere litt
interessant å sjå på korleis utviklingslæra har
påverka synet på språk og språklæring.
Innanfor skole og læring hadde ein lenge eit syn der
ein gjekk ut frå at hjernane til barna var tomme frå
fødselen, og at ein berre kunne fylle dei med
kunnskap etter kvart. Ein kalla dette også for
”tabula rasa” – tom tavle, og filosofien kan likne
mykje på Prøysens ”blanke ark og fargestifter til”.
Utifrå dette synet har alle barna dei same
føresetnadene, og ein god lærar ville i teorien
kunne gjere alle barn til levande kunnskapsbankar.
Dette er ei veldig fin tilnærming til læring, og den
gjer seg jo godt i all form for pedagogisk tenking
og likestillingspolitikk. Men dessverre er ikkje
verda så enkel, og det er faktisk relativt lett å
bevise, uansett kor mykje ein måtte ønskje å halde
fast på den fine illusjonen om ”blanke ark”.
Likevel er det først og fremst sidan
nittenfemtitalet at ein for alvor byrja å reflektere
over at det måtte vere noko som var skrive på
”tavla” til barna frå før – noko som ingen vaksne
hadde skrive der – noko som naturen, evolusjonen,
hadde skrive der som eit slags dataprogram.
Det som Charles Darwin var for utviklingslæra, var
på mange måtar Noam Chomsky for språkvitskapen.
Ifølgje Jan Terje Faarlund si bok om Chomskys
språkteori (2005), er Chomsky den mest siterte av
alle nolevande personar, og det seier nok litt om
kor viktig rolle Chomsky har spela og framleis
spelar – sjølv om folk flest ikkje har høyrt om han.
Så kva var det som var så revolusjonerande med
Chomsky si tilnærming til læring og språklæring
spesielt? Det var faktisk ein relativt enkel og
nesten banal observasjon. Dersom det var slik at
hjernane til barna var tomme frå fødselen av,
korleis kunne det då ha seg slik at barna ikkje
berre gjentok kvart ord som foreldra ”skreiv” inn i
hjernen til barna? Ein kan jo spørje seg sjølv:
korfor seier ikkje barn ”dikkedikk” og diverse andre
uttrykk som dei vaksne ofte bruker overfor barn. Og
korfor kan alle barn som har lært å snakke, lage ei
setning som t.d. ”det går ein fiolett froskemann på
taket til skolebussen”, sjølv om dei garantert aldri
har høyrt akkurat denne setninga før?
Chomsky registrerte at barn kunne lage setningar som
dei garantert ikkje kan ha ”lært” etter
input-metoden. I tillegg finst det eit anna fenomen
som er verdt å leggje merke til. Etter kvart som
barn lærer å snakke, byrjar dei å gjere språklege
feil som dei ikkje gjorde før. Dei kan plutseleg
byrje å seie ”eg ledde” eller ”eg syngte” istf. ”eg
lo” eller ”eg song”, sjølv om dei bøygde orda rett
tidlegare. Dette fenomenet, som ein vil kunne
oppdage hos dei fleste barn i ei viss aldersgruppe,
er eit teikn på at dei byrjar å analysere språket i
forhold til eit system. Dei alle fleste verb i norsk
er svake verb, og dei sterke verba er unntak og må
lærast meir eller mindre kvart for seg. Derfor
kallar vi dei ”uregelmessige” verb.
Det finst nokre få døme på barn som blei avstengde
frå språklege inntrykk over lengre tid då dei var
små. Sjølv om dei til slutt blei funne og integrerte
i normale samanhengar, lærde dei aldri å snakke som
andre barn som blei språkleg stimulerte frå dei var
fødde. Som regel hadde desse barna problem med
sentrale delar av språksystemet. Dette viser at det
finst eit punkt i språkutviklinga der det er for
seint å utvikle heile systemet. Språksystemet i
hjernen blir rett og slett ikkje fullt utvikla
dersom det ikkje blir stimulert nok i den kritiske
perioden fram til tidleg i puberteten.
I tråd med Darwin si tenking ser Chomsky på
språkevna som eit biologisk organ som alle menneske
er fødde med, og som utviklar seg etter kvart som
det blir stimulert. Dersom ein batt den eine armen
til ein nyfødd baby til kroppen slik at den ikkje
kunne brukast, ville nok denne armen ikkje vekse og
utvikle seg skikkeleg. Slik er det også med språket.
Men vi kan ikkje sjå språkorganet. Språkevna er
plassert i hjernen på måtar som er vanskeleg å
forske på. Det er likevel mogleg å seie kva for
område i hjernen som er skadde, dersom ein har
bestemte typar språkfeil, t.d. afasi, dvs. tap eller
delvis tap av språkevna etter hjerneslag eller andre
hjerneskadar. I mange tilfelle kan ein trene opp
igjen språkevna etter at den blei skadd.
Vi lever i eit kommunikasjonssamfunn, og vi blir
utsett for tekst og tale frå alle moglege kantar,
som aviser, bøker, film og fjernsyn, tekstmeldingar,
data og Internett, og det er bra. På den måten
byggjer ein opp ein allsidig språkleg kompetanse.
Det gjeld å leggje til rette for at barna heilt ifrå
dei er små blir stimulerte gjennom mest mogleg
snakking og lesing og seinare også aktiv skriving.
Vi sender ungane på fotball- og hockeytrening og
alle slags fysiske aktivitetar for at kroppane deira
skal vekse og utvikle seg. Men også hjernen treng
trening. Øving gjer meister!