Dette er vel ei fin overskrift?
Men teksten handlar verken om galne folk eller sex,
sjølv om det ”sel” best i media (det var kanskje
derfor du byrja å lese denne teksten?). Eg likar
ord, og eg likar ordspel, og denne gongen har eg
tenkt å skrive litt om galne, galande gaukar.
Gauken er ein typisk vårfugl.
Sjølve namnet meiner ein er lydhermande, dvs. at
fuglen rett og slett fekk namnet sitt etter lydane
han lagar. Det gammalnorske ordet var ”gaukr”, der
r-en er ei kasusending som seinare fall bort. Det
norske namnet har altså ikkje endra seg i det heile
sidan gammalnorsk. Ordforma ”gjøk” er nok påverka av
dansk, men lydendringa er lett å forklare. Den gamle
diftongen (tvilyden) ”au” blei gjerne monoftongert,
dvs. gjort til ein enkel vokal, i austnordisk
(svensk og dansk og på Austlandet), derfor fekk vi
austnorske ordformer som t.d. ”grøt” og ”bløt” av
”graut” og ”blaut”. Ein g framfor høge vokalar kunne
gjerne få ein j-lyd i tillegg, og derfor fekk vi
”jente” (tidl. gjente) av ”genta” og ”gjere” og
”gjøre” av ”gjera” og ”gøra”. Så ordet ”gjøk” passar
også inn i det norske språkmangfaldet ved sida av
”gauk”.
Sjølv om det blir sagt at ordet
”gauk” er lydhermande, var det nok ikkje dei gamle
vikingane som fann på namnet til denne fuglen. Dette
skjønner ein lett når ein ser på det latinske namnet
til gauken, som er ”cuculus canorus”. Den første
stavinga til det latinske namnet er ”cuc”, og dersom
u-en etter kvart t.d. blei lang i germansk, kunne
den lett bli diftongert til ein au, og c-en (k)
kunne bli svekt til ”g”. Engelsk ligg jo som regel
nærmare latin enn norsk, og der er namnet ”cuckoo”,
dvs. ein har halde på ei staving meir (cucu-lus).
Tysk har ordet ”Kuckuck”, som tilsynelatande også
ligg relativt nært det latinske ”opphavet”. Men her
har ein nok teke opp igjen den første stavinga, og
det lydhermande aspektet kjem dermed betre fram: ”ko
(k) ko (k)”.
Men allereie før vikingtida
hadde ein i det gammaltyske språkområdet namnet ”Gauch”,
og det liknar jo til forveksling på ”gauk”. Den
felles germanske forma meiner ein var ”gauka-”. I
gammalengelsk blei den til ”geac”. Nokre engelske
dialektar har framleis forma ”gowk” (men den forma
kan godt vere lånt frå vikingane). Ordet ”Kuckuck”
kom inn i tysk i løpet av det 13. hundreåret, og er
altså rekna for enda meir lydmålande enn ”Gauch”.
Den galne gauken blei kanskje stadig meir koko.
I gammalnorsk hadde vi elles
ordet ”geyja”, som er ”gøy” eller ”gjø” i moderne
norsk og refererer til hundar som bjeffar. Opphavleg
var tydinga til ordet ”å skjelle ut” eller ”å
spotte”, og det er nok ein tydeleg samanheng mellom
dette verbet og substantivet ”gauk”. I dag er det
berre hundane som gøyr, mens gauken gjel (galer).
Det norrøne verbet er ”gala” og betydde å gale,
skrike, hyle, eventuelt berre å snakke, men også å
syngje trollord (galder). Og her finn ein også
sambandet til ordet ”galen”. Ein som er galen
(gammalnorsk ”galinn”), er rett og slett fortrolla
og dermed kanskje vill og rasande. Kallar ein naboen
sin for gauk, blir han kanskje også galen. Ein skal
passe seg for at det ikkje går troll i ord.