Vi trur gjerne at nissen er noko
særnorsk, og at den norske julenissen er heilt
forskjellig ifrå den amerikanske Santa Claus. Eg har
ikkje tenkt å skrive så mykje om kulturhistorie, men
eg er jo veldig oppteken av ord, og eg er spesielt
interessert i korleis orda har utvikla seg
forskjellig i dei germanske språka, dvs. først og
fremst i norsk, engelsk og tysk.
Når det gjeld julenissen, heiter
han altså Santa Claus på engelsk, mens han berre
heiter Weihnachtsmann på tysk, ”julemannen” (eller
eigentleg ”heilagnattsmannen”). Ordet ”santa” er det
same som ”sankt” (sanctus), som tyder ”hellig”, mens
Claus er ei kortform for Nikolaus, som opphavleg var
eit gresk namn med tydinga ”siger” og ”folk”. I
Tyskland har St. Nikolaus sin eigen dag, 6.
desember, som også er namnedagen for Nikolaus.
Akkurat som julenissen kjem også St. Nikolaus med
gåver til barna. Dersom det altså er den same
”julenissen” det dreier seg om her, kjem han faktisk
to gonger i Tyskland. Men ”der Weihnachtsmann”
heiter berre julemannen og ikkje St. Nikolaus.
Mange av dei gamle namna med
fleire stavingar fekk etter kvart kortformer i dei
ulike språka som lånte inn namnet. Nikolaus blei
bl.a. til Nikolas/Nicolas/Nicholas, Nichlas og
Necklas, og også Nikolai, Nick og Nils. Elles kunne
ein òg få variantar der berre den andre delen av
namnet blei igjen, t.d. Klaus/Claus, og
Klas/Clas/Claes. Clas Ohlson har då kanskje det
rette namnet til å vere ein julegåvebutikk.
Ifølgje Wikipedia finn ein
Nikolaus som namn i Sverige for første gong i 1455.
I ettertid fekk ein då alle kortformene. Akkurat som
ein fekk Lars og Lasse av Laurentius, fekk ein
Nils/Niels og Nisse av Nikolaus i Norden. Men namnet
Nils og Nisse på gards- eller fjøsnissen, som vi
likar å rekne som utgangspunktet for den nordiske
julenissen, er ikkje norsk. Det er lånt frå dansk,
der han heitte Niels Gårdbo. Ordet nisse var
visstnok først og fremst brukt i Skåne i Sverige og
på Austlandet i Noreg. Tradisjonen med
julemannen/julenissen, som kom frå Tyskland via
Danmark til Noreg, er jo heller ikkje så veldig
gammal.
Men gards- eller fjøsnissen er
sjølvsagt mykje eldre. Andre namn er ifølgje Falk &
Torp si etymologiske ordbok tomte,
tomtegubbe, tunkall, gardvord og
tunvord. Ordet gardvord finn ein også
i gammalnorsk som garðvQrðr,
som sjølvsagt er den som vaktar garden. Elles hadde
ein også tussar (þursar/þussar) og troll i
gammalnorsk. Men nissen, han er altså eigentleg ein
liten danske. Denne nissen har gjort strekar her i
landet heilt sidan det gammalnorske språket blei
utsett for Svartedauden slik at danske embetsmenn
kom hit og ville passe gardane og ta skattar og
verdiar – som dei ikkje delte ut blant norske barn.
Det var nissestrekar, det.