Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Nesten til å grine av”. Hamar Dagblad, 23.09.2010, s. 12.  [>pdf av denne artikkelen]

Nesten til å grine av
________________________________________

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk
Høgskolen i Hedmark
________________________________________
 

Skal ein gråte eller le når ein høyrer ordet ”grine”? Dei fleste av oss vil nok forbinde ”grine” med å gråte eller å lage eit surt andlet. Bokmålsordboka viser berre til tydingar i samband med misnøye, mens Nynorskordboka også har med ei mogleg tyding ”(hån)le”. Når danskane seier ”grine”, meiner dei derimot helst ”le” eller ”flire”. Det same gjer engelskmennene når dei seier ”grin”. Dei som har sett filmen ”Grinchen”, hugsar kanskje det svært markante fliret til den grøne. Så korleis kan det ha seg at det same ordet har motsett tyding i nokre av nabospråka våre?

I ei svensk-norsk ordbok fann eg ”grine, flire; gjøre grimaser; gråte” som forslag til ”grina”. I svensk kan ein tydelegvis ha begge tydingane i ulike kontekstar. Nøkkelen er nettopp det å gjere grimasar. Det gammalnorske ”grína” tydde å vri på munnen slik at ein kan sjå tennene. Grunnen til at ein gjer dette, kan jo vere både glede eller sorg eller også vreide. Den indogermanske grunnrota til ”grine” var ifølgje Falk & Torp *grhí, som berre tydde ”å vere open”. Her ser det altså ut til at danskane var litt meir positive og valde å tolke skeive munnar som smil, mens vi lenger nord var meir skeptiske og negative og tolka andletsrykkingane som sure miner. Ein dansk ”grinebider” er visstnok ein som ler ved første og beste høve, mens ein norsk ”grinebitar” ikkje er så lett å ha med å gjere. Her er det ikkje hestane som bitst, og ikkje to sure naboar, men ein blid og ein sur nabo – ikkje rart folk ikkje skjønner kvarandre.

I tysk ser det ut til at dei ulike tydingane etter kvart resulterte i ulike ordformer. Ein lang germansk i blei vanlegvis til ei i høgtysk (jf. is – Eis). I moderne tysk har ein no to former, ”greinen” og ”grienen”, dvs. éi regelrett form der i-en blei til diftongen ei, og éi form der den lange i-en heldt seg. Den regelrette forma ”greinen” tyder å gråte eller klage, mens ”grienen” tyder å smile (jf. ”grinsen”). Nedertysk fekk ikkje lydendringa í > ei, og der har ”grienen” den same tydinga som ”greinen”, dvs. å gråte. Engelsk skil mellom ”grin” og ”groan”, der ”grin” som sagt er å flire, mens ”groan” er å stønne eller klage.

Det er vel sånn at ein ikkje berre bør passe på kva ein seier, ein bør òg passe på kva veg ein trekkjer munnvikene sine. Går munnvikene i ulike retningar, går også tolkingane i ulike retningar. Sukk og stønn; språk kan vere til å grine av nokre gonger, også for ein språkforskar.