Ein tidlegare student sende meg
ei tekstmelding mens ho underviste ein klasse i
norsk. Elevane hennar lurte på korfor det heitte
”æser” med ”æ” når det samtidig heitte ”åsheim” med
”å”. Eg som ”språkmann” skjønte ikkje spørsmålet med
det same, men så byrja eg å tenkje på korfor eit
slikt spørsmål i det heile kan vere relevant å
stille.
Den vanlege fleirtalsendinga i
bokmål er –er, t.d. ”gutt/gutter”. I nynorsk kan
fleirtalsendinga også vere –ar, t.d. ”gut/gutar”.
Dei færraste tenkjer truleg noko særleg over at det
også kan vere ein forskjell mellom eintalsformer og
fleirtalsformer som ikkje berre involverer ei
fleirtalsending, men i tillegg også vokalskifte,
t.d.: ”natt/netter”, ”bok/bøker”. Dette vokalskiftet
er resultatet av ein såkalla i-omlyd på eit
tidlegare språksteg, dvs. norrønt og/eller
urnordisk. Låge vokalar som a, o, u og å blir heva
eller skove lenger fram til e, ø, y, og æ der det
tidlegare hadde stått ein i i endestavinga.
Vokalskifte har ein også i verbbøyinga, spesielt
gjeld dette presens (notid) av sterke verb, t.d.:
”fare/fer”, ”gråte/græt”. Ein snakkar då om ”avlyd”
istf. ”omlyd”, men effekten er den same.
Som vanleg språkbrukar veit ein
dette. Det er ikkje mange som går rundt og funderer
mykje over korfor det er slik, og ikkje mange har
høyrt fagtermane ein bruker om dei ulike fenomena.
Ein har berre lært å bruke formene og kan dei. I
språklæringsfasen kan mange barn gjere feil, som
t.d. ”ei bøk/fleire bøker” eller ”ei bok / fleire
boker”. Det som skjer då, er at barna bruker eit
meir regelmessig system og tilpassar den andre forma
etter det dei trur må vere rett. Det er heilt vanleg
å høyre barn i visse aldersgrupper gjere slike
”feil”, som i praksis eigentleg er ei form for
systemtvang. Som regel vil ungane lære å bruke
formene rett etter kvart, mens det i ulike dialektar
kan oppstå former som blir ståande. Eg har t.d. også
høyrt vaksne menneske seie ”ei mor / fleire morer”
(istf. ”mødre(r)”, som er ei uregelmessig form).
Elles er ”mannar” istf. ”menn” ei vanleg form i
mange dialektar.
Korleis er det no med
samanhengen mellom ”åsheim” og ”æser”, som barna på
tredje trinn lurte på? Jo, det første ein må hugse
på her, er at dei fleste tenkjer på eit høgdedrag
når dei høyrer ordet ”ås”. Bøyinga for ordet ”ås”
med tydinga ”høgdedrag” er ”ås/åsar”, dvs. den er
heilt regelmessig. Men ordet ”ås” i ”åsheim” kjem
frå den norrøne gudeverda, der gudane blei kalla
”æser” og budde i ”åsheim”, dvs. i gudeheimen. Ordet
”ås” med tydinga ”gud” er altså knytt til ein veldig
spesiell kontekst som er lite brukt i moderne norsk,
og som barna først må lære om.
I norrønt hadde ein to ord med
grunnforma ”ås”, og dei høyrde til to ulike
substantivklassar. Det eine ordet var ”áss/ásar”,
dvs. ”ås/åsar” med tydinga ”høgdedrag”. Det andre
ordet var ”áss/æsir”, dvs. ”ås/æser” med tydinga
”gud”. Ord som har same form, men ulik tyding,
kallar ein homonym (”homo” = lik, ”nym” = namn). I
norrønt var det ulik fleirtalsending på dei to
variantane av ”áss”. Det er i-en i endinga til
”æsir” som er grunnen til at á skiftar til æ. Sidan
den andre varianten har –ar som fleirtalsending, får
ein ikkje vokalskifte der.
Så no veit vi korfor ”ås” med
tydinga ”gud” blir til ”æser” i fleirtal. Men korfor
heiter det ”åsheim” når alle gudane bur der og ikkje
berre éin? Det har å gjere med den gamle
genitivsforma av ”áss”, som var –a, dvs. ”ásaheim”,
som då tyder ”æsenes heim”. Sidan det ikkje dukka
opp noka i i endinga der, fekk ein heller ikkje
nokon i-omlyd, dvs. ingen æ.
Vokalskifte i seg sjølv er altså
ikkje noko spesielt i norsk. Det er ein arv ifrå
tidlegare tider, men den lever i beste velgåande i
substantiv-, verb-, adjektiv- og adverbbøyinga. Men
det som gjer at elevane på tredje trinn (og for så
vidt også læraren) lurte på samanhengen mellom
”åsheim” og ”æser”, er først og fremst at ”ås” ikkje
er eit særleg frekvent ord i moderne norsk, sidan
ein som oftast berre snakkar om gudar, og dei fleste
tenkjer ikkje mykje over i-omlyd og eventuelt gamle
genitivsformer heller. Vi som har studert språk
derimot, synest at dette er kjempespennande. Det er
berre å håpe at nokre av desse ungane på tredje
trinn vil ta interessa for språk med seg vidare og
stille mange relevante spørsmål også i framtida.