Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: "Språkåret i Hamar" i Hamar Dagblad, 19.12.2013, s. 16. [>pdf]
Også publisert som: "Språkåret i Hamar" i Hamar Arbeiderblad, 19.12.2013, s. 26. [>pdf]


Språkåret i Hamar
________________________________________

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk
Høgskolen i Hedmark

Hamar dialekt- og mållag
________________________________________

Språkåret er året som aldri tek slutt. Sjølvsagt sluttar ein ikkje å snakke, skrive, lese, lytte eller å ha tankar og meiningar om språk. Men den offisielle nasjonale feiringa byrjar å nærme seg slutten.

Språkåret blei markert over heile landet frå sør til nord og aust til vest på mange ulike måtar. Då kan det vere litt stas å nemne at det nest etter Oslo faktisk var Hamar som hadde flest arrangement i samband med Språkåret.

Det har vore nynorskkafé éin gong i månaden der ein kom saman for å ha det hyggeleg og snakke om språk og kultur, og sjølv om det heiter «nynorskkafé», har det som regel vore like mange bokmålsbrukarar der. Språkkafeane har i seg sjølve vore ei fin markering av det språklege mangfaldet, der ulike skriftspråk var representerte, men ikkje minst mange ulike dialekter.

Hamar dialekt- og mållag arrangerte mange føredrag i Språkåret. Ein kunne høyre om stadnamn, om vikingane sin påverknad på engelsk språk, om engelsk etter at normannarane kom, om den tidlege historia til Hedmark og Austlandet, om færøysk, islandsk og kinesisk, om kvardagen til ein tolk. Det var teaterførestillingar, boklanseringar, utstilling med hedmarksforfattarar på bokmål, nynorsk og dialekt.

Det handla sjølvsagt også om nynorsk. Nynorskstafetten til Noregs mållag var innom Hamar i mars, og i august markerte ein 200-årsdagen til Ivar Aasen med kake og ein eigen song. Men dei fleste arrangementa handla faktisk ikkje om nynorsk. Det var føredrag om haldningar til folk med dialekt eller utanlandsk aksent, og det var føredrag om språkhaldningar generelt, og det var arrangement der minoritetsspråklege fekk presentere sine språk.

Elles var ein også innom folkedans og folkemusikk og musikkuttrykk, og årets skrivekonkurranse for skoleelevar handla om Språkåret. I tillegg kunne ein lese om ulike perspektiv på språk i lokalavisene. Det skjedde altså mykje spennande og variert her i byen.

Det som står igjen etter Språkåret, er at det har vore ein fantastisk dugnadsinnsats, der bidragsytarane har stilt opp meir eller mindre gratis. Gravdahl bokhandel, Tante Gerda, Gregers og Høgskolen i Hedmark har stilt med lokale for arrangementa og lokalavisene med spalteplass. Språk engasjerer!

Det har vore mange ulike folk på dei ulike arrangementa. Ein og annan bokmålsbrukar har teke kontakt i løpet av året og takka for å ha fått ei betre forståing for tospråkssituasjonen. Språkåret skulle bli ei «ei raus, inkluderande og samlande feiring av språklege skilnader og språkleg mangfald». Ein må kunne seie at det blei det. Og mange av tilskodarane blei til deltakarar på ulike arrangement og i avisdebattar.

Det kan godt hende at ein har litt ulike meiningar om det eine og det andre, men kanskje er det nettopp interessa og engasjementet for språket som bind dei saman – alle tilskodarane og deltakarane i Språkåret 2013. Kanskje er det dette som gjer at Språkåret aldri tek slutt.