Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: "Språkåret - God vin til ein god ven" i Hamar Dagblad, 17.10.2013, s. 17. [>pdf]
Også publisert som:
"Språkåret - God vin til ein god ven" i Gudbrandsdølen Dagblad, 18.10.2013, s. 39. [>pdf]
Også publisert som: "God vin til ein god ven" i Hamar Arbeiderblad, 21.10.2013, s. 28. [>pdf]


Språkåret

God vin til ein god ven
________________________________________

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk
Høgskolen i Hedmark

Hamar dialekt- og mållag
________________________________________

Det mange som har eit godt forhold til vin, og når det står i Håvamål: «Veiztu, ef þú vin átt, þann er þú vel trúir…», kunne det jo kanskje tyde: «Veit du, om du har ein vin, som du trur er god…». Men det gjer det ikkje. Det gammalnorske ordet vin(r) er rett og slett ven eller venn på moderne norsk.

Den korte i-blei senka til e i talespråket, og i moderne norsk markerer ein gjerne kort vokal med dobbel konsonant. I nokre dialekter blei derimot vokalen lang, og vi har derfor både ven og venn i nynorsk skriftspråk i dag. Den alkoholhaldige druesafta er eit ord med lang i (vín), som ein fort ser når ein samanliknar med tysk og engelsk der lang i blei diftongert til ai, dvs. Wein/wine. Den gode gamle ven(n)en hadde altså ein kort i i gammalnorsk.

Håvamål seier: «Vin sínum skal maðr vinr vera, þeim ok þess vin; en óvinar síns skyli engi maðr vinar vinr vera.» Her har ein mykje vakkert bokstavrim. Dette verset tyder noko sånt som: Venen sin skal ein vera ven med, med han og hans ven; men med sine uveners vener burde ingen mann vere ven».

I tillegg til ordet ven(n), som er eit substantiv, har vi også ordet ven, som er eit adjektiv. Adjektivet tyder vakker, fager, fin, pen, og det kan jo ofte passe på ein god ven(n). Men dei fleste vil nok protestere dersom ein påstår at desse to orda har noko med kvarandre å gjere. Det har seg likevel slik at orda kan følgjast tilbake til eitt felles opphav.

Den gamle germanske ordrota er *weni- og hadde med elske og like å gjere. Ein likar jo gjerne ven(n)ene sine. Dette tydingsinnhaldet finn ein også i ordet von, gammalnorsk vón og ván, håpet eller forventinga som gjerne er knytt til noko ein likar. Det er gammalnorsk ván som blir til vænta, altså vente eller vone, og vænn, det som gjev von eller håp, som er lovande, god, vakker, ven.

Og kva heiter kjærleiksgudinna igjen? Jo, Venus. Dette kan vi like. Veneriske sjukdommar vil vi derimot helst ikkje vere ven(n) med. Elles høyrer faktisk også ordet venstre, gammalnorsk vinstri, med i denne samanhengen. Venstresida blei visstnok i eldre tider sett på som den betre eller gunstigare sida.

«Veiztu, ef þú vin átt, þann er þú vel trúir, ok vill þú af hánum gótt geta, geði skaltu við þann blanda ok gjöfum skipta, fara at finna oft.» – Veit du, om du har ein ven, som du trur er god, og du ønskjer å få godt av han, tru deg heilt til han og gje kvarandre gåver; far og besøk han ofte.

Då har vi det klart: det kan vere godt med ein god vin, men enda betre med ein god ven(n). Men ein kan ein jo gjerne gje vin i gåve eller dele ei flaske god vin med ein god ven(n).