Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: "Språkåret - Aasen i Hedmark" i Hamar Dagblad, 10.10.2013, s. 17. [>pdf]
Også publisert som: "Språkåret - Aasen i Hedmark" i Hamar Arbeiderblad, 10.10.2013, s. 27. [>pdf]
Også p
ublisert som: "Språkåret - Aasen i Hedmark" i Østlendingen, 12.10.2013, s. 34. [>pdf]


Språkåret

Ivar Aasen i Hedmark
________________________________________

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk
Høgskolen i Hedmark

Hamar dialekt- og mållag
________________________________________

Ein høyrer ofte påstanden om at Ivar Aasen ikkje brydde seg om Austlandet og austlandsmåla. Det finst òg dei som hardnakka påstår at Ivar Aasen ikkje har vore innom Hedmark i det heile.

Sanninga er at Ivar Aasen var innom Hedmark fire gonger på innsamlingsferdene sine. Uansett kva ein måtte meine om arbeidet til Ivar Aasen, bør ein innimellom kanskje reflektere litt over kor mykje og kor langt Ivar Aasen faktisk reiste gjennom meir eller mindre heile landet, og at det ikkje var snakk om buss, tog eller fly. Ivar Aasen gjekk for det meste til fots, og det fanst nok ikkje mange – om nokon – på 1800-talet som har sett – og høyrt – så mykje av Noreg, som nettopp Ivar Aasen.

11. september 1847 kom Ivar Aasen frå «Hov til Oos i Tolgen», som han sjølv skreiv i dagboka si. Det gjekk sakte, og Aasen hadde god tid til refleksjon. 12. september gjekk det vidare frå «Oos til Enge i Tyldalen», og han hadde «Gode Veie og godt Veir. Agre og Kornavl træffes ikkje før i Tønset, som er en temmelig vakker Egn.» Frå Tønsæt/Tynset hadde han litt selskap på vegen av ein Mortensen, og seinare på kvelden var han saman med svigerfaren, Peer Tangen. Det var nok éi og anna historie å høyre på desse ferdene.

Den 13, gjekk det frå «Engen til Aakre», og Ivar Aasen noterte at det var langt mellom gardane. Han må ha følt seg einsam innimellom og lurt på kva han gjorde på desse lange turane. 14. september gjekk det vidare til Storelvdalen og seinare over Glomma i Kopangsund, «hvor man deels færger og deels kjører. Regn og Uveir.» Den 15. gjorde han seg på veg til Ophuus og blei hos Gjæstgiveren Anders i tre dagar. Aasen noterte at han «samlet endeel Oplsyninger om Østerdalsmaalet». Han skreiv også ned kjenneteikn på hus og folk.

Den 20. gjekk det vidare til Aasæt, så til Grundsæt, Elverum, Løiten, Romedal, og den 22. september gjekk han frå Gaustad til Minne i Eidsvold. Den 24. kom han så til Kristiania. Det tok Ivar Aasen ca. ti dagar å krysse Hedmark, og dette var altså den første av fire turar han hadde gjennom dette lange fylket.

Ivar Aasen skreiv dagboka si på dansk, og paradoksalt nok – vil nokon kunne seie – skreiv han også grammatikken for det nye landsmålet på dansk. Men han skreiv altså på det offisielle skriftspråket ein hadde i Noreg på den tida. Resultatet av mange år med vandring og innsamling blei eit dynamisk samspel mellom to skriftspråk som utvikla seg som nysådde frø og voks seg store og grøne og levande med mange greiner og blad.

Begge skriftspråka har endra seg svært mykje sidan Aasen si tid, men det finst ikkje éin enkeltperson som bokstavleg talt har gått så langt for å gje folket eit norsk skriftspråk. Uansett kva ein måtte meine om nynorsk, må ein kunne seie på litt ungdommeleg anglonorsk: respekt!