Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Språkåret - Kirsten Flagstad-festivalen" i Hamar Dagblad, 20.06.2013, s. 17. [>pdf av denne artikkelen (med feilskrive namn)]
Også publisert som: "Kirsten Flagstad-festivalen" i Hamar Arbeiderblad, 21.06.2013, s. 28. [>pdf]
Også publisert som "På tampen" i Norsk Tidend, 4-2013 (09.09.2013), s. 32. [>pdf]


Språkåret -
Kirsten Flagstad-festivalen

 

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark / Hamar dialekt- og mållag
____________________________________________________________

Kva har Kirsten Flagstad å gjere med Språkåret – eller med språk i det heile? Vel, for det første debuterte Kirsten Flagstad som operasongarinne i 1913 og ein feirar dermed hundreårsjubileum. Ho budde også lang tid i USA og måtte derfor snakke engelsk. I tillegg måtte ho syngje ein del på italiensk, men ikkje minst på tysk.

Kirsten Flagstad blir av mange først og fremst forbunden med Richard Wagner og Der Ring des Nibelungen. Ho har hatt mange ulike roller, men det er kanskje Brynhild som har gjort ho til eit ikon. Den «norske» Brynhild heiter Brünnhilde hos Wagner. Det er inga hemmelegheit at norsk og tysk er i slekt med kvarandre og at desse språka, saman med t.d. også engelsk og nederlandsk og sjølvsagt dei andre skandinaviske språka, har utspring i eit felles urgermansk språk.

På 1800-talet gjekk det ei bølgje med nasjonaltromantiske strøymingar gjennom Europa, der ein skulle finne tilbake til dei ulike nasjonale røtene. Eitt aspekt ved dette var å følgje språka tilbake i tid, og då støyter ein fort på felles kulturgods i form av segner og eventyr. Éi av desse segnene er Nibelungensongen. Svært mange av karakterane og mykje av handlinga finn ein igjen i bl.a. den gammalnorske Volsungasaga og i Edda-dikta.

Segnstoffet er så gammalt at det går tilbake til den munnlege forteljartradisjonen. Det har nok blitt fortalt mange gonger og har dermed endra seg litt etter litt i ulike samanhengar. Då dette stoffet blei med nordover med vikingane, hadde det byrja å leve sitt eige liv.

Det som er litt interessant, er at Wagner, då han skulle byggje sitt eige segnunivers med utgangspunkt i Nibelungensongen, faktisk tok mest stoff frå dei nordiske variantane. Mange tenkjer kanskje på Wagner og Nibelungenringen som «erketysk», og det hjelper kanskje heller ikkje at ein viss annan tyskar seinare blei veldig interessert i Wagners verk og brukte det i samband med sin propaganda.

Historiene om dvergar, riddarar, drakar, skattar og ein magisk ring er svært gamle. J.R.R. Tolkien valde enda meir fritt blant slike motiv og skapte eit kanskje enda større univers. Dei fleste unge kjenner i dag først og fremst til karakterane frå Ringenes herre og Hobbiten, og dei gamle norrøne sogene og mytane blir etter kvart gløymde. Men kanskje kan ein gjennom Kirsten Flagstad-festivalen ta tilbake noko av dette nordiske stoffet – og gjerne på norsk? Eller skal det vere slik at den nye globale mytologien skal vere einerådande – på same måte som det engelske språket? One language to bind us all. Det er jo «kult» med ein forseggjort, dataanimert drake i 3D som heiter Smaug. Men det kan vere litt greitt at ungdommen lærer at «vår» drake heitte Fáfnir eller Fåvne; og Sigurd eller Siegfried var minst like «kul» som Bilbo, Frodo og Aragorn og den «gjengen». Men våre gamle heltar levde først og fremst gjennom den munnlege tradisjonen, så gjennom sogetekstane, og så kom Wagner med sine storslåtte verk, som framleis blir framførde. Kjem Peter Jackson sine filmar til å leve i hundre år? Det vil tida vise.