Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Hemmelege språk". Hamar Dagblad, 06.06.2013, s. 17. [>pdf av denne artikkelen]
Også publisert som "Hemmelege språk" i Hamar Arbeiderblad, 06.06.2013, s. 32. [>pdf]
Også publisert som "Hemmelege språk" i Gudbrandsdølen Dagningen, 18.06.2013, s. 38. [>pdf]


Språkåret -
Hemmelege språk

 

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark / Hamar dialekt- og mållag
____________________________________________________________

I samband med undersøkingar om rom og romani snubla eg over ein artikkel med tittelen «Hemmelige språk i Norge» skriven av språkforskaren Ragnvald Iversen i 1947.

Det er interessant å sjå at både politikk og haldningar faktisk har utvikla seg sidan den gongen. Enda meir interessant er det kanskje å sjå kor sakleg og objektivt dette temaet blei behandla – i alle fall i språkvitskapen – allereie på dette tidspunktet.
Iversen diskuterer at ein ofte brukte termen «rotvelsk» som eit felles namn på desse språka, og at dette i ordbøkene gjerne blei forklart som «tatermål» eller «fantemål»; «nemninger som ellers slett ikke bør brukes i fleng», ifølgje Iversen. I Norsk Riksmålsordbok kunne ein den gongen lese «fantesprog ell. tyvesprog». Eit anna ord for «rotvelsk» var elles «kaudervelsk».

Som språkforskar var Iversen først og fremst oppteken av å kunne skilje mellom dei ulike språka, dvs. romani og rodi, som òg blei kalla «døljemål», dvs. hemmelege språk, fordi andre folk ikkje forstod dei.

Ordet «romani» blir forklart som eit ord med indisk opphav. «Rom» blir brukt om «menneske, ektemann, sigøyner», skriv Iversen, og viser til at ordet går tilbake på tydinga «rekefant, vagabond». Mindre greitt meiner Iversen er opphavet til namnet «rodi» eller «rotipa», som ein ved folkeetymologi gjerne oppfatta som «rotespråk», dvs. eit språk som var rota saman av likt og ulikt.

Ordet «roti» finn ein igjen i ordet «rotvelsk», men tydinga ikkje er heilt sikker. Nokon meiner det tyder «flokk» eller «følgje», mens andre meiner det har å gjere med «raudt», «raudhåra», «tjuvaktig», eller også «tiggar». Ordet rotvelsk er visst belagt så tidleg som 1250, og det er ikkje vanskeleg å skjønne at ikkje var eit positivt ord.

Iversen refererer elles til eit arbeid av Eilert Sundt, som var skrive i 1850 og hadde tittelen: «Beretning om Fante- eller Landstrygerfolket i Norge». I samband med Språkåret 2013 er det interessant å sjå at romfolket og romanifolket allereie den gongen i visse samanhengar faktisk blei rekna som ein del av det norske mangfaldet. Dessverre var ikkje dei norske myndigheitene like objektive og fornuftige på Ragnvald Iversen si tid.

Iversen skriv om storfantar og småfantar og historiske, sosiale og psykologiske faktorar som laga skilje mellom språka romani og rodi. Eg må innrømme at eg sjølv ikkje har direkte kjennskap til desse språka, men som språkvitar blir eg straks interessert når eg les at språka, på grunn av den lange historia med reising gjennom mange land, har lånt med seg ord og uttrykk frå dei fleste europeiske språka. På den måten kunne det vere svært tidlege versjonar av esperanto. Men når ein tenkjer på Språkåret og språkleg mangfald, er det kanskje dei mest spennande representantane vi har i Noreg: språklege suvenirar frå alle land samla i eitt språk. Det blir ikkje lett for kjøleskapsdøra med magnetar frå mange land å konkurrere med dette!