Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Språkåret - Menneske og språk i Noreg". Hamar Dagblad, 30.05.2013, s. 16. [>pdf av denne artikkelen]
Også publisert som "Språkåret - Menneske og språk i Noreg" i Hamar Arbeiderblad, 30.05.2013, s. 31. [>pdf]


Språkåret -
Menneske og språk i Noreg

 

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark / Hamar dialekt- og mållag
____________________________________________________________

Sekretariatet for Språkåret 2013 heldt nettopp eit møte for alle som er opptekne av det språklege mangfaldet i Noreg. Blant deltakarane var òg representantar for nordsamane, romfolket og romanifolket. Det blei delvis gripande meiningsutvekslingar og faktisk ei og anna tåre.

Det er sikkert interessant å observere Noreg frå utlandet, der ein ofte kranglar om bokmål eller nynorsk. Nynorsk er eit minoritetsspråk i Noreg, sjølv om det er godt over ein halv million brukarar, og dei alle fleste har hatt opplæring i det på skolen.

Samtidig kan ein ikkje unngå å høyre slagord som «Noreg for nordmenn!», «Snakk norsk!», eller debattar der ein snakkar om «etniske nordmenn» vs. «dei andre». Dessverre finst det framleis dei som trur at å høyre til ein nasjon har mest å gjere med rase, språk eller geografisk plassering.

Historia har vist oss at nasjonale grenser ikkje er absolutte. Polen er eitt av landa som har fått flytta grensene sine mange gonger mellom bl.a. Tyskland og Russland; ofte blei folk jaga bort frå sine heimstader for å skaffe «Lebensraum» til det nye folket, men ikkje alltid. Ein skifta då eventuelt nasjonalitet, men ikkje etnisitet. Kan ein då seie at folk i Jemtland og Herjedalen eigentleg er etniske nordmenn? Er islendingane etniske nordmenn?

Det er snart fire hundre år sidan Jemtland og Herjedalen blei svensk. På 1600-talet (og både før og etter) var det òg mange tyske og nederlandske handverkarar som kom til Noreg. Etterkommarane av desse blir vel rekna som såkalla etniske nordmenn i dag.

Så er det samane da. Dei budde truleg i Noreg lenge før det kom nokon germanarar sørfrå. Men dei hadde jo sine eigne språk og heldt på dei. Dessutan flytta dei gjerne ein del på seg og passa dermed ikkje inn etter kvart som dei germanske folkeslaga hadde lært seg jordbruk og blei meir og meir stadfaste med behov for samfunnsformer og politikk som kunne regulere den nye måten å leve på.

Nordsamane som kom på språkårsforum, omtalte samane i Noreg, Sverige, Finland og Russland som eitt folk. Nordsamane bur i Sameland, som er eit område utan faste grenser, og som kryssar mange politiske/nasjonale grenser. Men dei fleste samane i Noreg er nordmenn. Det har folk flest etter kvart akseptert. Folk flest synest òg det er naturleg at offentlege skilt i samiske kommunar er på to språk. Nordsamane har openberre fordelar. Dei er relativt mange, dei er relativ fastbuande, og dei har Sametinget.

Sørsamane er det dårlegare stilt med. Dei er ikkje i same grad samlokaliserte, og dei fleste snakkar etter kvart hovudsakleg norsk. Ifølgje Wikipedia er det berre ca. 150 av dei som framleis snakkar sørsamisk. Er sørsamane dermed meir norske enn nordsamane?

Ei anna norsk minoritetsgruppe er kvenane. Er det noko poeng å diskutere deira rettar som norske nordmenn frå Noreg ut frå at dei stammar frå folk som flytta frå Finland for fleire hundre år sidan?

Så er det romfolket og romanifolket. Dei har ikkje mange tusen år i Noreg, slik som samane, men har delvis budd i Noreg lenger enn t.d. kvenane. Likevel vil mange ikkje rekne dei som etnisk norske. Det kan vere tankevekkjande at ein meiner at romanifolket opphavleg var etterkommarane etter ariske soldatar og handelsmenn i India, og at dei ikkje byrja å reise før muslimane kom til landet. Ei anna sak er at norsk er eit såkalla indoeuropeisk språk; dvs. på eitt eller anna vis fører røtene tilbake til Asia og India uansett.

Språk er historie, og historie er språk. Mennesket spreidde seg over heile jorda og utvikla fleire og fleire språk. I moderne tid blir det færre og færre språk. Men uansett kva språk ein snakkar, er vi alle menneske, og det kan verken politikk eller nasjonale grenser endre på.