Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Språkåret - Gamle kjenningar". Hamar Dagblad, 08.05.2013, s. 17. [>pdf av denne artikkelen]
Også publisert som "Gamle kjenningar" i Hamar Arbeiderblad, 10.05.2013, s. 34. [>pdf]


Språkåret -
Gamle kjenningar

 

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark / Hamar dialekt- og mållag
____________________________________________________________

Du trudde kanskje eg skulle skrive om nokre personar eller menneske eg kjenner, men det skal eg ikkje. Eg skal ikkje skrive om personar eller menneske – i alle fall ikkje direkte. Eg skal derimot skrive om ord som kan stå i staden for andre ord, det vil seie ein type synonym eller erstatningsord.

Synonym er ord med same eller nesten same tyding som eit anna ord, t.d. kan «person» og «menneske» tyde meir eller mindre det same i nokre samanhengar. Dei gamle vikingane hadde ein type poetiske synonym som dei kalla for «kjenningar» (kenningar) eller «heiti». I begge desse orda kjenner vi igjen grunntydinga som har med å kjenne og å heite å gjere. Det dreier seg altså om ord som vi bruker for å kjenne igjen nokon eller noko, utan å bruke det eigentlege namnet.

Som regel er vanlege synonym relativt lett å skjønne eller forstå. No brukte eg «skjønne» og «forstå» med same tyding. Ein annan type erstatningsord er metaforar. Dei kan vere vanskelegare å forstå sidan dei gjerne har ei overførd eller biletleg tyding. Nynorskordboka nemner t.d. «spegel» i staden for «vassflate». Dersom ein kjenner til tingen eller omgrepet «spegel», kan ein godt førestille seg korleis ei vassflate kan sjå ut. Ein får altså litt ekstra assosiasjonar ved å bruke metaforar.

Når ein lærer eit framandt språk, kan det ofte vere litt vanskeleg å lære seg slike faste uttrykk som metaforar kan vere, sidan dei i stor grad er kulturelt forankra. Dei gamle norrøne diktarane, skaldane, var meistrar i å lage og bruke metaforar, som dei altså kalla «kjenningar» eller «heiti». Det kan derfor vere svært vanskeleg å lese og tolke dikt frå den tidlege mellomalderen.

Guden Odin blei til dømes òg kalla Allfader (noko som kan samanliknast med forholdet mellom Gud og Den allmektige). Men Odin heitte òg Ygg (den forferdelege), Gagnråd (han som rår for siger), Herjan (hærguden), Hå (den høge), Jamhå (den jamhøge), Tredje (som ein kjenner igjen frå treeininga), Nikar, Nikud, Biløyg, Båløyg, Bolverk, Sigfader, Gaut, Roptaty, Valfader m.m. Dette kan ein t.d. lese meir om i P. A. Munchs Norrøne gude- og heltesagn. I mange tilfelle må ein vere svært godt opplesen i norrøn mytologi for å skjønne korfor skalden valde å bruke det eine eller det andre uttrykket.

Når eit tre blir kalla for «Odins galge», må ein kjenne til Håvamål der det blir fortalt at Odin hang i eit tre då han lærte seg runer. Det fanst òg ein skikk der ein ofra menn til Odin ved å hengje dei i ein galge. Ordet «havhest» for «skip» er då lettare å skjønne, mens «kampens eld» for «sverd» og «spydet sitt høgsete» for handa som held spydet, nok berre kan tolkast i ein bestemt samanheng. Ordet «gangar» for «hest» kan ein kanskje framleis høyre i dag i eitt og anna dikt.

Så neste gong du snublar over eit merkeleg uttrykk i ein tekst, kjenner du kanskje lusa på gangen.