Språkåret 2013 handlar blant anna om 200-årsjubileet til Ivar Aasen og 100-årsjubileet til Det Norske Teatret. Begge desse er representantar for den nynorske språkhistoria. Men 2013 er også 200-årsjubileet for Jørgen Moe, som ein kan rekne som ein representant for bokmålet si historie.
Jørgen Engebretsen Moe blei altså òg fødd for 200 år sidan – nærmare bestemt 22. april. Det er derfor god grunn til å feire han akkurat no. Men det er òg god grunn til å feire han gjennom heile Språkåret 2013.
Jørgen Moe og Peter Christen Asbjørnsen (som hadde jubileumsåret sitt i 2012) følgde i brørne Grimm sine fotspor og gjorde ein stor innsats ved å samle inn norske segner og folkeeventyr på 1800-talet. Sånn sett hadde Asbjørnsen og Moe faktisk mykje felles med Ivar Aasen. Aasen vandra landet på langs og tvers for å samle inn norske ord, mens Asbjørnsen og Moe gjekk rundt og samla inn norske forteljingar. Boka «Norske folkeeventyr» kom ut i 1841, og for første gong kunne ein lese større samanhengande tekstar som ikkje berre var skrivne på dansk.
Skriftspråket på midten av 1800-talet var framleis dansk, og dette var eit «problem» – ikkje berre for Ivar Aasen, men også for Asbjørnsen og Moe, som prøvde å ta vare på språket i dei norske eventyra dei hadde fått fortalt i ulike delar av landet. Noko av stilen i desse forteljingane var jo nettopp knytt til språket.
Jørgen Moe skreiv i 1840 kor fortvila han var over forskjellen mellom skriftspråket og talemålet: «vort Folkesprog er noget ganske andet end vort Skriftsprog. Jeg har nesten til Desperation følt dette i Behandlingen af mit Eventyrmanuskript». Dei færraste tenkjer over dette i dag. Skriftsspråket i folkeeventyra har blitt revidert mange gonger sidan 1841. Folkeeventyra har komme ut i mange opplag, og dei har følgt rettskrivingsreformene frå slutten av 1800-talet fram til i dag.
Jørgen Moe tenkte i grunnen ikkje så veldig annleis enn Ivar Aasen, sjølv om dei valde ulike løysingar på språkproblemet. Aasen skreiv i 1841: «Dette Sprog var nemlig det, som jeg egentlig kunde kalde mit Modersmaal og som jeg ikke fandt behandlet i nogen Grammatik.»
Både Jørgen Moe og Ivar Aasen var fødde i 1813. Begge er jubilantar i Språkåret 2013 utan at dette har blitt særleg framheva i denne samanhengen. Men det er kanskje eit viktig poeng i Språkåret 2013, der ein blant anna ønskjer å skape større aksept for den språkdelte norske kulturen.
Det var eingong eit land som hadde dansk som skriftspråk. I 2013 er Noreg eit land med fleire variantar av norsk i skrift og tale. Er ikkje dét eit skikkeleg folkeeventyr, så veit ikkje eg.