Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Skriftspråk og talespråk i mellomalderen". Hamar Dagblad, 11.04.2013, s. 16. [>pdf av denne artikkelen]
Også publisert som: "Språkåret - Språk i mellomalderen" i Hamar Arbeiderblad 15.04.2013, s. 27 [pdf].


Språkåret -
Skriftspråk og talespråk i mellomalderen

 

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark / Hamar dialekt- og mållag
__________________________________________________________

Vi har hundrevis av ulike dialekter i Noreg, som vi vanlegvis deler inn i fire store hovudområde: austnorsk, vestnorsk, trøndsk og nordnorsk. Dei fleste vil relativt lett kunne plassere ein språkbrukar innanfor desse fire landsdelane, og mange vil også kunne plassere enkeltpersonar i konkrete regionar eller byar og tettstader ut ifrå bestemte målmerke.

I tillegg til alle dialektene har vi to offisielle norske skriftspråk, og dei fleste av oss snakkar som regel ikkje på same måte som vi skriv. Likevel er det fleire og fleire som tilpassar talespråket sitt til skriftspråket – dei normerer. Det er då først og fremst snakk om ei normering mot bokmål. Mange ser på skriftspråket som det mest korrekte språket, mens ulike talemål er degenererte eller mindre høgverdige språkformer.

Innanfor norskfaget studerer ein både dialekter og sosiolekter, dvs. talemålsvariantar som er eit resultat av ulike sosiale omstende. Dei fleste har hatt litt dialektkunnskap på skolen og i det minste lært litt om målmerke som kjenneteiknar den lokale dialekta, og kanskje også korleis dialekta skil seg frå bokmål eller nynorsk. Det mange sikkert ikkje har tenkt så mykje over, er at ein også hadde dialekter i mellomalderen, og at ein faktisk også kan studere forholdet mellom skriftspråk og talemål på 1200-talet.

Éin av dei som har undersøkt skriftspråket og talemålet i mellomalderen, var språkforskaren Didrik Arup Seip, som skreiv om dette i bl.a. «Nye studier i norsk språkhistorie» (1954). Det interessante er at ein også i mellomalderen kan påvise at skriftspråket kunne påverke talespråket. Dette kunne ein t.d. sjå når eldre, «stivare» former blei brukt i visse samanhengar, når ein visste at desse ikkje lenger var i bruk i vanleg talespråk. Seip meiner t.d. at verbformer som «kastet» og «hoppet» må vere leseformer, og at eit slikt «lesespråk» er mest typisk for byane. Dei fleste norske dialektene har jo «kasta» og «hoppa» i dag.

Eitt lydfenomen i norsk var at rn gjerne gjekk over til nn, derfor seier ein gjerne «honn» eller «konn» (eventuelt med palatalisering høinn, køinn). Likevel skriv vi «horn» og «korn» den dag i dag og har også desse formene som «standarduttale». Språkforskarane meiner dette kan ha med skriftspråkpåverka talemål å gjere.

Ein hadde ikkje eitt felles skriftspråk på 1200-talet, sjølv om ein kan snakke om ei idealisert norm. Det fanst fleire skrivesentrum i Noreg, og det er mogleg å sjå dialektinnslag i diplom og andre tekstar frå dei ulike regionane. Ein har t.d. Oslo og Tønsberg som representantar for austnorsk, Bergen for vestnorsk og Nidaros/Trondheim for trøndsk. Det er rimeleg å tru at ein allereie på 1200-talet ville kunne plassere ein språkbrukar innanfor dei store landsdelane, sjølv om vi gjerne seier at dagens dialekter blei etablerte på 1500-talet.

Det kan elles nemnast at ein skreiv «ek» på gammalnorsk (for «eg»), sjølv om ein allereie den gongen brukte «jak» (seinare «jeg») i mange austnorske dialekter. I dag skriv ein «jeg» på bokmål, men det er faktisk ingen som uttaler ordet slik det er skrive. Det vil nok alltid vere eit visst misforhold mellom talespråk og skriftspråk.