Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Språkåret - Mellomnorsk". Hamar Dagblad, 14.03.2013, s. 16. [>pdf av denne artikkelen]
Også publisert som: "Språkåret - Mellomnorsk" i Hamar Arbeiderblad 15.03.2013, s. 28 [pdf].


Språkåret -
Mellomnorsk

 

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark / Hamar dialekt- og mållag
__________________________________________________________

Har du høyrt ordet «mellomnorsk» før? Vi har to offisielle skriftspråk, og vi har hundrevis av dialekter. Alt dette er norsk, moderne norsk. Dei som har eit anna morsmål og prøver å lære seg norsk, vil som regel ha ein litt ufullstendig variant av norsk over ein kortare eller lengre periode, som ein kallar for eit mellomspråk. Dette er ein term ein bruker om eit stadium i språklæringa der ein er på veg mot eit målspråk. Mellomspråket er gjerne prega av at grammatikken og uttalen ikkje er heilt på plass. Det kan òg hende at ein gjer noko riktig i éin samanheng, for så å gjere feil i ein annan samanheng. Mellomspråket er altså ikkje stabilt. Det vil også kunne vere periodar med større framgang, stillstand, men også tilbakegang i innlæringa av målspråket.

Språkvarianten til nokon som held på å lære norsk, kallar vi likevel ikkje for «mellomnorsk». Det er eit mellomspråk på veg mot eit målspråk. Sidan det er fleire hundre tusen innbyggjarar i Noreg med ein annan språkbakgrunn, finst det svært mange variantar av norsk som eit mellomspråk. Denne variasjonen er også ein del av det språklege mangfaldet. Men alle desse snakkar altså ikkje «mellomnorsk».

Mellomnorsk er språkperioden mellom gammalnorsk (norrønt) og nynorsk, som er alle former for norsk språk frå 1500-talet til i dag. Vi seier gjerne at den gammalnorske perioden slutta med svartedauden. No er det sjeldan slik at eit språk «døyr» eller går ut av bruk frå eitt år til eit anna. Når ein set ei grense ved ca. 1350, er det først og fremst på grunn av ytre faktorar. Etter svartedauden var det mange færre som kunne skrive og lære bort skriftkulturen til nye språkbrukarar, og etter kvart tok dansk over i offisiell, skriftleg kommunikasjon. Men det hadde likevel allereie skjedd ein god del endringar i det gamle norske språket – lenge før vi set grensa for denne språkperioden.

Mellomnorsk er først og fremst ein språkhistorisk term. Det ville ikkje vere så lett å skrive ein samanhengande grammatikk for mellomnorsk. Eg har studert gammalnorsk i fleire år og hadde diverse grammatikkar og ordbøker eg kunne bruke i dette studiet, men det er altså mykje vanskelegare å sjå på mellomnorsk som eit konsistent språk. På den måten kan ein seie at mellomnorsk faktisk har mykje felles med norsk som eit mellomspråk, som er ein term vi har frå norsk som andrespråk, dvs. frå den fagdisiplinen som ser på korleis ein lærer seg norsk som eit nytt språk. Den største forskjellen mellom mellomnorsk og norsk som mellomspråk er at ein på 1300- og 1400-talet ikkje visste kvar ein «skulle». Det fanst ikkje noko målspråk. Når vi i dag snakkar om gammal-, mellom- og ny-, er det fordi vi ser på språkutviklinga i etterkant, og vi veit korleis det gjekk med språket.

Eit enkelt ord som «det» blei skrive «þat» på gammalnorsk. I den mellomnorske perioden finn ein etter kvart former som «þæt» og «þet». Så sluttar ein å bruke bokstaven þ og skriv «thæt» og «thet». I dag skriv vi «det», men vi uttalar ikkje t-en. Det er eit kort ord som består av tre lydar, og kvar enkelt av desse lydane blei utsett for slitasje slik at heile ordet endra karakter. Den same lydlege slitasjen skjedde overalt i språket, noko som førde til at endingane som før markerte ord for t.d. person eller kasus, ikkje lenger kunne haldast frå kvarandre, og det gamle grammatiske systemet braut rett og slett saman. Dette høyrest dramatisk ut, men det var jo ikkje slik at éin generasjon ikkje forstod den førre. Endringane skjedde over svært lang tid, og no har vi jo snakka nynorsk i fem hundre år allereie – teoretisk sett.