Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Språkåret - Håkon IV Magnusson og frue". Hamar Dagblad, 07.03.2013, s. 18. [> pdf av denne artikkelen]
Også publisert som: ”Språkåret - Håkon IV Magnusson og frue". i Hamar Arbeiderblad 25.03.2013, s. 33 [pdf].


Språkåret -
Håkon IV Magnusson og frue

 

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark / Hamar dialekt- og mållag
__________________________________________________________

Eg har skrive om fleire gamle kongar i det siste. Denne teksten har Håkon VI i overskrifta, men handlar meir om kona hans – og sjølvsagt om språk. Håkon Magnusson var konge på 1300-talet. Han starta karrieren sin tidleg, sidan han blei konge allereie som toåring. Men han blei ikkje regent før han fylte fjorten. I 1363 blei han gift med dottera til den danske kongen Valdemar IV Atterdag. Dottera var ikkje meir enn ti då – og ville ha gått på barneskolen i dagens samfunn.

Jenta heitte Margrete og blei seinare dronning over Noreg, Sverige og Danmark. Ho kom dermed til å bli mykje større enn alle dei norske kongane før ho. Men litle Margrete var ikkje noko koneemne for den 23 år gamle kongen enno og blei sendt til Akershus slott, der ho blant anna skulle få oppseding og utdanning. Det er denne biten som er spennande i samband med Språkåret. Håkon var norsk, Margrete var dansk, og lærarinna til Margrete var svensk.

Tida etter svartedauden var ei vanskeleg tid. Margrete var gravid då ein ny pest ramma Oslo, mens kongen og ektemannen Håkon var borte. Vi er så heldige at vi har eit brev frå 1370 som Margrete skreiv til Håkon for å fortelje kor ille det var på slottet, og for å be om hjelp. Dette brevet vitnar om ei språkleg brytingstid i Noreg med innslag frå dansk, svensk og tysk, men det vitnar også om at Margrete hadde fått relativt god opplæring i skriving – når ein tenkjer på forholda.

Brevet startar svært høfleg: «Idhir min aldrakæraste herra, helsar jak Margareta jnnerligha med gudh». Med kjennskap til dansk og norsk og litt fantasi er dette ikkje vanskeleg å forstå for oss i dag. Det første ordet ville ha vore «yðr» på gammalnorsk, mens forma på dansk seinare blei til «eder». Margrete bruker verken ð eller þ, som var typiske bokstavar i dei gamle nordiske språka. Her finn vi i staden dh og th for å markere desse lydane; ofte er h-en sløyfa. Kanskje var desse lydane allereie på veg ut av talespråket.

Margrete skreiv elles at «jak ok mine thiænara liidhum stora nøødh, vm mat oc dryk» - eg og tenarane mine lir stor nød, om mat og drikke. Her ser vi den austnordiske eller svenske forma «jak» i staden for den gammalnorske forma «ek». Vi ser også at Margrete prøver å skrive nokre vokalar dobbelt for å markere at desse skal vere lange. I gammalnorsk brukte ein aksent over vokalane. Elles er det naturleg for danske Margrete å skrive «nøødh» i staden for «nauð» med diftong, som ville ha vore den gammalnorske forma.

Margrete ber Håkon om å skrive til Vestfal - «ok bider iak ider at j scriuin till Væstfall». Ho bruker både k og c for k-lyden, noko som kan tyde på at ho også har fått opplæring i latin, og ho vekslar mellom i og j for i-lydar. Vestfal skulle få lovnad om at han skulle få tilbakebetalt det han eventuelt ville låne ho: «oc sighin honom at j vilin honom væll bytala thet sem han mik borghar». Ordet «betale» er eit typisk tysk lånord.

Brevet sluttar like høfleg som det starta: «gudh vare med ider min kære herra». I norsk fekk vi seinare «kjære», og i dag seier mange «skjære». Det gjer ikkje Haakon Magnus, heldigvis.