Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Språkåret - Håkon jarl i Oppland og Hedmark". Hamar Dagblad, 28.02.2013, s. 14. [> pdf av denne artikkelen]
Også publisert som: "Språkåret og Håkon jarl" i Hamar Arbeiderblad 02.03.2013, s. 34 [pdf].


Språkåret -
Håkon jarl i Oppland og Hedmark

 

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark / Hamar dialekt- og mållag
__________________________________________________________

Håkon jarl eller Håkon Sigurdsson var eineherskar i Noreg frå ca. 970 til 995. Håkon var sjølvaste Ladejarlen og dermed trønder. Mange hugsar kanskje helst den meir eller mindre dramatiske måten Håkon jarl døydde på. Han og trælen Tormod Kark gøymde seg for Olav Tryggvason i ein grisebinge under huset til den «kjære venninna» Tora i Melhus. Men det var faktisk Kark som tok livet av herren sin. Det enda med at begge fekk hovuda sine plasserte på nidstong på Munkholmen utanfor Trondheim.

Elles var det ikkje berre i Melhus Håkon jarl hadde ei elskarinne. Snorre kan fortelje at Håkon fór til Opplanda ein vinter og låg der med ei kvinne, og dei fekk ein son saman. Sonen Eirik blei fostra opp hos Torleiv Spake i Trøndelag. «Spake» er det gammalnorske adjektivet «spakr», i bestemt form, og har tydinga «vis» eller «klok» i denne samanhengen. Han var kjend for å ha store kunnskapar om lov og rett.

Håkon jarl hadde også andre ærend i Opplanda, som også Hedmark var ein del av. Snorre skreiv t.d. (her på normalisert gammalnorsk): «Þat var á einu hausti, at Hákon jarl fór til Upplanda; en er hann kom út á HeiðmQrk, þá kemr þar í móti honum Tryggvi konungr Ólafsson, ok Guðrøðr konungr Bjarnarson; þar kom ok Dala-Guðbrandr. Þeir áttu stefnulag með sér ok sátu lengi á einmæli, en þat kom upp, at hverr þeirra skyldi vera vin annars; ok skiljast þeir síðan, fór hverr heim til síns ríkis.»

No i Språkåret kan det kanskje vere spesielt artig å sjå at dei fleste truleg vil skjønne ein del av innhaldet i denne tekstpassasjen – sjølv om dette altså er gammalnorsk. Meir eller mindre direkte omsett til moderne norsk står det: «Det var ein haust at Håkon jarl fór til Opplanda; og då han kom ut til Hedmark, då kjem der kong Tryggve Olavsson imot han og kong Gudrød Bjørnsson; der kom òg Dale-Gudbrand. Dei åtte/hadde stevnelag med kvarandre og sat lenge i einmæle; og det kom opp at kvar av dei skulle vere ven til den andre; og dei skilst sidan (og) fór kvar heim til sitt rike».

Dette var då verkeleg eit hyggeleg og vennskapleg møte! Men det gjekk jo ikkje særleg bra med desse i ettertid – bortsett frå Dale-Gudbrand kanskje. Det grammatiske systemet til gammalnorsk gjekk det heller ikkje så bra med. Det fekk svært hard medfart gjennom lydlege endringar og ikkje minst gjennom svartedauden, som gjorde at skriftkulturen fekk eit alvorleg slag for baugen. I neste omgang kom språklege påverknader frå svensk, dansk og nedertysk. Men vi kjenner altså likevel igjen grunnstammen i det norske språket frå nesten tusen år tilbake i tid. Gammalnorsk er ein del av den språklege arven og ein del av det språklege mangfaldet. Det kunne kanskje vere ein idé å lese litt Snorre i omsetjing i år – i Språkåret 2013.