Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Språkåret - Harald, konge over Nordvegen". Hamar Dagblad, 21.02.2013, s. 21. [> pdf av denne artikkelen]
Også publisert som ”Språkåret - Harald, konge over Nordvegen" i Gudbrandsdølen Dagningen, 23.02.2013, s. 53. [>pdf]
Også publisert som ”Språkåret - Kongen over Nordvegen" i Hamar Arbeiderblad, 21.03.2013, s. 31. [>pdf]


Språkåret - Harald, konge over Nordvegen

 

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark / Hamar dialekt- og mållag
__________________________________________________________

Kong Harald er Noregs konge. Han er den femte i Harald-rekkja. Kong Harald den andre var den første som offisielt blei omtalt som «Noregs konge» i skriftlege kjelder. Denne Harald II, var Harald Eiriksson Gråfell, som var konge frå ca. 961 til 970. Eiriksson var etternamnet hans, sidan han var son av Eirik Blodøks. Snorre bruker elles også namnet Harald Gunnhildsson, etter mora, Gunnhild Gormsdotter – også kalla Gunnhild kongemor, som var søstera til Harald Blåtann.

«Gråfell» var eit såkalla tilnamn. Snorre prøvde å forklare dette tilnamnet i Heimskringla med ei historie der kong Harald fekk eit skinn av ein islandsk handelsmann, og at det nærmast blei mote å gå med skinnfell etter dette. Men denne forklaringa er nok helst berre ei god forteljing.

Cirka hundre år tidlegare var Harald den første «dróttinn norðmanna», dvs. hovding eller konge over nordmennene, som det blant anna står i Haraldskvadet. Det var Harald Hårfagre.

Namnet på landet Noreg finn ein som «Norðweg» i ei engelsk kjelde som byggjer på forteljingane til Ottar frå Hålogaland. Ottar var hos kong Alfred den store rundt år 890. Namnet Norway eller Norwegen bruker ein framleis i engelsk og tysk, mens det hos oss har fått lydleg «slitasje», og ð og v blei «slukte». Dei to variantane «Noreg» og «Norge» har eg forklart tidlegare. Men namnet «Nordvegen» på eit land er jo interessant i seg sjølv. Ein veg er jo gjerne noko ein bruker når ein skal ein stad. Det er ikkje eit namn nokon ville bruke som sjølv bur i dette landet.

Nordvegen var først og fremst den lange kyststripa heilt opp til Hålogaland. Ifølgje Claus Krag si noregshistorie sa Ottar at han budde lengst mot nord av alle nordmenn (om lag på høgde med Tromsø). Landet strekte seg sjølvsagt lenger mot nord, men det var for det meste øydemark, bortsett enkelte stader der samar heldt til. Ottar fortalde at landet var langt og smalt; i nord var det gjerne berre nokre får kilometer inn til fjellet, mens det i sør kunne vere nokre mil. Denne beskrivinga passar altså mykje betre på ein veg enn på eit land.

Nordvegen var først og fremst ein handelsveg i dei tidlegaste tidene, og oppe i nord var det blant anna kvalfangst. Ottar fortalde at han og fem andre hadde klart å fange 60 kvalar på to dagar. Men det var nok kvalross, eller helst kvalrosstennene, som representerte den største verdien som handelsvare frå nord den gongen. Dei var visst svært ettertrakta lenger sør i Europa og kunne nok freiste fleire til å reise den lange vegen mot nord. Ein viktig nordisk handelsplass i vikingtida var Hedeby i Danmark (no i Tyskland). Krag kan fortelje at det tok Ottar godt over ein månad å segle dit. Hedeby var den første mellomalderbyen i Nord-Europa, og det var der folk frå Skandinavia, Nordsjø-områda og Baltikum møttest for å byte og selje varer.

Harald Hårfagre var vikingkonge og først og fremst ein sjøkonge. Men sjølvsagt var det også kontakt innover i landet, og det blei derfor «naturleg» at Nordvegen som rike etter kvart omfatta større og større område lenger bort frå kysten. Derfor er det nok også naturleg at ingen i Noreg i dag oppfattar landsnamnet som namnet på ein veg.