Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Språkåret - Norrønafolket, det vil fare". Hamar Dagblad, 14.02.2013, s. 18. [>pdf av denne artikkelen]
Også trykt som ”Språkåret - norrønafolket, det vil fare"i Gudbrandsdølen Dagningen, 16.02.2013, s. 60. [pdf]
Også trykt som ”Norrønafolket, det vil fare"i Hamar Arbeiderblad, 28.02.2013, s. 29. [pdf]


Språkåret -
Norrønafolket, det vil fare

 

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark / Hamar dialekt- og mållag
__________________________________________________________

Bjørnstjerne Bjørnson skreiv om norrønafolket i 1872, men kva er eigentleg norrønt?

Mange vil kanskje seie «gammalnorsk» utan å nøle. Det er altså eit språk; og det er gammalt på eitt eller anna vis. I språkhistoria snakkar ein gjerne om gammalnorsk, mellomnorsk og nynorsk; og då er nynorsk ikkje det eine skriftspråket vårt, men moderne norsk etter 1500-talet sett under eitt.

Gammalnorsk er dialekta eller språket som utvikla seg frå urnordisk, som vi rekna med var fellesspråket for dei germanske stammane som budde i nordområda, og som vi finn spor av i bl.a. runeinnskrifter. Over eit tidsrom på nokre hundre år endra urnordisk seg veldig, og vi fekk eit skilje mellom austnordisk og vestnordisk. Vestnordisk blei til gammalnorsk, som etter kvart også blei eksportert til Island og Færøyane og fleire andre område vestanfor fastlandet. Eitt tidleg skilje var t.d. at urnordisk «eka» blei til «ek» i vest, mens det blei til «jak» i aust.

Sjølve ordet «norrønt» tyder eigentleg berre ‘det som ligg i nord’ eller «nordfrå», jf. engelsk «northern», men blei etter kvart brukt om språket til nordmennene. Å snakke vestnordisk eller gammalnorsk var å snakke norrønt. Men samtidig var ikkje dei nordiske dialektene eller språka meir forskjellige frå kvarandre enn at dei kunne bli oppfatta som det same språket. Allereie i vikingtida brukte ein også namnet «dansk tunge» om det nordiske språket. Det kan nesten vere litt skjebnens ironi at moderne norsk i dag delvis ville kunne kallast «dansk tunge» etter dei mange hundre år under dansk styre som følgde den norrøne stordomstida i høgmellomalderen.

Det gamle norrøne språket heldt seg best på Island, sjølv om moderne islandsk faktisk blei delvis restaurert, dvs. normert tilbake i utviklinga. Ein islending vil som regel kunne lese tekstar som blei skrivne for sju-åtte hundre år sidan, mens vi ville trenge ein god del opplæring for å forstå det gamle språket. Samtidig vil ein islending måtte lære seg dansk, svensk eller norsk for å kommunisere med oss på fastlandet, mens dei fleste av oss skjønner fastlandsskandinavisk relativt godt.

På slutten av 1800-talet var det framleis nokon som hadde tankar om eitt felles skriftspråk for Noreg, Sverige og Danmark. Men det blei berre med tanken. Dei politiske straumane i Norden og i Europa og den spesielle historia til dei tre nordiske landa gjorde dette prosjektet vanskeleg. No i den nyaste tida står Noreg i alle fall formelt sett utanfor den europeiske unionen, mens nabolanda er innanfor. Det kan òg verke som om dei fleste nordmenn etter kvart skjønner engelsk betre enn svensk og dansk.

Norrønafolket fór ut og tok språket sitt med seg og lét det gro på Island og på Færøyane. Det levde også lenge i fleire område innanfor det britiske imperiet. Men i dag finst det fleire og fleire ungdommar som meiner at det hadde vore like greitt om vi alle snakka engelsk.

I Gunnlaugssaga kan ein lese «Ein var þá tunga á Englandi sem í Noregi ok í DanmQrku» - ein hadde det same språket i England som i Noreg og Danmark. I dag kranglar ein del folk om former som «jeg» og «eg». I framtida vil fleire kanskje føretrekkje å seie «I».  Men då ville det vere nok å dra til Romsdalen – ein treng faktisk ikkje å reise heilt til England for å finne «i». Språkhistorie og språk er spennande!