Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Språkåret - Norsk, eit asiatisk tungemål og gudespråk". Hamar Dagblad, 07.02.2013, s. 21. [>pdf av denne artikkelen]
Også trykt som ”Språkåret - Norsk, eit asiatisk tungemål og gudespråk" i Gudbrandsdølen Dagningen, 08.02.2013, s. 46. [pdf]
Også trykt som ”Norsk, eit asiatisk tungemål og gudespråk" i Gudbrandsdølen Dagningen, 09.02.2013, s. 52. [pdf]
Også trykt som "Eit asiatisk tungemål og gudespråk" i Hamar Arbeiderblad, 14.02.2013, s. 24. [pdf].


Språkåret
- Norsk,
eit asiatisk tungemål og gudespråk

 

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark / Hamar dialekt- og mållag
__________________________________________________________

Snorre Sturlason skreiv ei lærebok i skaldskap og gammal, norrøn mytologi på 1200-talet, populært kalla «Snorre-Edda» eller «Den yngre Edda». I innleiinga til dette verket prøver Snorre blant anna ein stad å forklare kvar dei nordiske eller germanske språka kom frå.

I normalisert form såg språket til Snorre om lag slik ut: «Eptir þat fór hann norðr þar til er sjár tók við honum, sá er þeir sQgðu at lægi um Qll lQnd, ok setti þar son sinn til þess ríkis er nú heitir Nóregr.» Denne setninga blir i Ivar Mortensson-Egnunds omsetjing til: «Deretter fór han til dess han kom til den sjøen som dei trudde låg rundt alle land, og sette son sin til å rå i det riket som no heiter Noreg.»

«Han» er Odin i dette tilfellet, og sonen hans heitte Sæming, mens det var sonen Yngve som blei konge i Svitjod, dvs. Sverige. Ifølgje Snorre stamma Odin frå Asia, eit land der jorda var fagrare og betre enn andre stader, mens det i den nordre delen av Europa var så kaldt at det ikkje voks gras der og ingen budde i den delen av verda.

Odin og kona Frigg hadde spådomsevner og fann ut at dei ville bli heidra i den nordlege delen av verda. Derfor reiste dei frå Asia og Tyrkland, som det står skrive. Dei stoppa ikkje før dei kom til Saksland, som vi kjenner som Sachsen, og som ligg midt i hjartet til det germanske området. Deretter gjekk turen vidare via Reidgotaland, som seinare heitte Jutland, og som i dag heiter Jylland, før han kom til Svitjod, altså Sverige, og så var det Noreg sin tur.

Dei gamle gudane blei kalla «æser»; i eintal «ås». Snorre trudde at dette måtte tyde «menn frå Asia». Han fortel at æsene tok seg koner i norderlanda, dvs. Sachsen, Danmark, Sverige og Noreg, og at det var tungemålet til æsene, asiaspråket, som spreidde seg i desse landa. Dette verka rimeleg. Snorre skriv (i Mortensson-Egnund si omsetjing): «Dette tykkjest folk kunna skjøna av det at når namna på son etter far hjå dei er oppskrivne, så har desse namna følgt med dette tungemålet, og at æsene lyt ha ført det med seg hit i heimen, til Noreg og Svitjod, Danmark og Saksland. Men i England er det gamle namn på land og stader som tyder på at dei er komne av eit anna tungemål enn dette.»

Moderne språkforsking ser ikkje nødvendigvis nokon samanheng mellom «æser» og «menn frå Asia». Likevel er det slik at norsk og nordiske språk høyrer til den germanske språkgreina, som i sin tur høyrer til den indoeuropeiske språkgreina, som fører oss til India og Asia. Denne kunnskapen er relativt ny. Det er først og fremst på 1800- og 1900-talet ein har forska på slik språkslektskap.

Vi har eit omgrep «folkeetymologi», som tyder at ein prøver å lage seg ei forklaring på eit ord som verkar sannsynleg, men som likevel er feil på vitskapleg grunnlag. Snorre tok kanskje feil av opphavet til ordet «ås», men han hadde likevel rett i at dei germanske språka faktisk har sitt opphav i Asia.