Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Språkåret - Den første grammatikar". Hamar Dagblad, 31.01.2013, s. 17. [>pdf av denne artikkelen]
Også trykt i Hamar Arbeiderblad, 01.02.2013, s. 33 [pdf].
Også trykt i Gudbrandsdølen Dagningen, 01.02.2013, s. 38 [pdf]

Språkåret - Den første grammatikar

 

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark
______________________________________

Grammatikk kan vere så mykje. For dei fleste handlar det først og fremst om dei underliggjande reglane for eit språk. Men grammatikk kan bl.a. òg vere historie.

Grammatikk er eitt av kjenneteikna på nasjonalromantikken som kom som kulturell påverknad frå Tyskland til Noreg på 1800-talet. Éi side ved nasjonalromantikken var at dei enkelte nasjonane prøvde å forske på historia til sitt eige språk for å definere og legitimere nasjonen. Dette hadde, som vi veit, delvis uønskte politiske konsekvensar, men det er ei anna sak.

Ein sentral person innanfor den germanske grammatikkforskinga var Jacob Grimm; den eine av dei to brørne Grimm. Jacob Grimm gjorde eit banebrytande arbeid som sette spor etter seg. Det kan vere interessant å leggje til at våre eigne eventyrinnsamlarar, Asbjørnsen og Moe, er direkte inspirerte av brørne Grimm. Jørgen Moe var også interessert i språk, og dette gjeld i enda større grad sonen hans, Moltke Moe, som var ein viktig bidragsytar i revisjonen av det danske skriftspråket i Noreg, og som ofte blir kalla samnorskens far.

Mens far og son Moe nok er mindre interessante i eit internasjonalt perspektiv, er Ivar Aasen den norske grammatikaren som har vått ei viss merksemd utanfor Noregs grenser. Dei fleste nordmenn vil nok også kjenne til Ivar Aasen, mens det kanskje blir vanskelegare å komme på andre norske grammatikarar – sjølv om vi faktisk har fleire som har sett spor etter seg i moderne tid, bl.a. min eigen rettleiar på doktorgraden, professor Jan Terje Faarlund, som den eine av dei tre forfattarane bak Norsk referansegrammatikk.

Men det folk flest ikkje veit noko om i det heile, er at den første grammatikken på eit germansk språk faktisk kom frå det norrøne språkområdet – Island, for å vere heilt presis. Verket som gjerne blir kalla «Den første grammatiske avhandling», blei skrive rundt 1150. Nordgermanarane brukte stort sett runer før det blei behov for å kunne skrive lengre tekstar i samband med danning av kongerike og innføringa av kristendommen. Den første grammatikar, som vi dessverre ikkje veit namnet på, prøvde å systematisere lydane i det gammalnorske, norrøne språket og føreslo måtar å skrive på. Blant anna føreslo han teikn for lydar som ein ikkje kunne skrive med latinske bokstavar. Den første grammatiske avhandlinga hadde svært stor innverknad på restaureringa og revisjonen av den islandske rettskrivinga, og var nok også ei rettesnor for Ivar Aasen i sitt arbeid.

Den første grammatiske avhandling vitnar om eit høgt utdanningsnivå blant norsk-islandske lærde i mellomalderen. Den vitnar også om at språk og grammatikk er viktige ingrediensar i ein nasjon. I Noreg har vi gjort 2013 til det nasjonale språkåret for å bevisstgjere og feire språk. Dette er eit godt høve for å minnast den første grammatikar – som altså snakka gammalnorsk eller norrønt.