Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Ragnarocking around the Christmas tree". Hamar Dagblad, 20.12.2012, s. 14. [>pdf av denne artikkelen]

Ragnarocking around the Christmas tree

 

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark
______________________________________

Blir det jul i år? Det er ikkje mange dagar igjen, men så finst då dei som meiner at verda går under like før jul. Mayaene – eller i alle fall kalenderen deira – innhentar oss, og akkurat som Nostradamus sine profetiar, har også mayaene sin kalender blitt tolka i alle slags rare retningar. Vi menneske er «flinke» til å tolke. Vi tillegg ting og hendingar meiningar og intensjonar. Mennesket har eit grunnleggjande behov for å finne ei meining i alt rundt seg. Dette kan til tider vere litt slitsamt, men det har òg ført til mange former for kulturelle uttrykk. I nokre tilfelle blir tolkingar overleverte i lang tid og blir til kulturgods som for nokon også kan få ein rituell eller religiøs funksjon.

Vitskapen i dag meiner å kunne rekne seg fram til jordas undergang ut ifrå diverse til ein viss grad etterprøvbare fakta om sola, planetane og verdsrommet. «Global oppvarming» får mykje meir alvorlege konsekvensar når sola eingong nærmar seg sin undergang og brenn opp jorda og planetane rundt seg. Men dette skjer visstnok ikkje før om fleire milliardar år. Akkurat dette vil altså ikkje vere noka potensiell årsak til at det eventuelt ikkje blir jul i år.

Verdas undergang eller dommedagen er eit kjent omgrep i vår kultur. Det er ikkje usannsynleg at ulike naturkatastrofar opp igjennom historia til menneskeslekta har ført til eit behov for å takle angsten for at det ein dag vil vere slutt. Spådommar, om dei no blir oppfylte eller ikkje, kan i alle fall hjelpe nokon til å vere mentalt førebudd på at noko kan komme til å skje ein gong i framtida. På den andre sida kan det jo også vere veldig slitsamt dersom ein gløymer å leve livet og berre tenkjer på den dagen livet tek slutt.

I vår vestlege kultur har mange vore prega av det kulturelle og litterære uttrykket som har blitt skriftfest og vidareformidla gjennom Johannes’ openberring, apokalypsen. Det er vanskeleg nok å tolke meir eller mindre konkrete «teikn», men tolking av spådommar er i praksis tolking av tolkingar. Dette har ført til uendeleg mange grupperingar av menneske som meiner dei har funne sanninga – på grunnlag av tolkingar av tolkingar av tolkingar.

Ein del av dette tanke- og tolkegodset fann også vegen til den nordiske mytologien. Verdas og gudanes undergang var «ragnarok». Sidan denne historia er knytt til namngjevne gudar som vi «veit» ikkje er «ekte», er det få som bryr seg om denne spådommen i dag. Dessutan har vi jo blitt overfôra med både bibelhistorie og generell norrøn mytologi, og det er så langt lite som har skjedd av det som står skrive. Det er altså ikkje særleg spennande lenger. Då er det mykje meir spennande å grave fram noko frå ein annan kulturtradisjon, og helst skrive i ei form som er vanskeleg tilgjengeleg for folk flest. Det gjer det mykje lettare å få fram fleire tolkingar og fleire sanningar.

Men dersom ein no først skal velje seg éin av desse dommedagsprofetiane, kunne det jo vere like greitt å velje den nordiske versjonen. Ragnarok, gudanes og verdas undergang, er riktig nok slutten på denne verda, men det vil komme ei ny jord og ei ny menneskeslekt, og ein treng ikkje eingong å tru på noko som helst eller vere del av eit organisert samfunn. No er det neppe noka tilfeldigheit at Snorre sin versjon av den norrøne mytologien framstiller Balder som lysguden som vil komme tilbake, og Loke sitt namn liknar mistenkeleg på ei kortform av Lucifer. Men kultur og tolkingar kjenner ingen grenser.

Noko som ville vere mykje enklare akkurat her og no, var å tru på julenissen. Han kjem i år som i fjor som året før. Om han er ekte eller ikkje, spelar absolutt inga rolle. Jula, med eller utan nisse, dette kulturelle uttrykket, sørgjer i alle fall for at mange menneske vil søkje saman og oppleve og dele inntrykk saman. Det er ingen grunn til å ikkje nyte jula og julestemninga. Kanskje ein skal gå eller ragnarocke éin ekstra tur rundt juletreet eller einebærbuska i år, berre for å markere at det blei jul i år også.