Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Fy til grisen - for eit stilig namn!". Hamar Dagblad, 13.12.2012, s. 15. [>pdf av denne artikkelen]
Kommentar til Bjørn Frang: "Julekveldsmaten" i Hamar Arbeiderblad, 10.12.2012, s. 28 [>pdf]

Fy til grisen - for eit stilig namn!

 

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark
______________________________________

Bjørn Frang skreiv i HA 10.12. at «ett av de mest spiste når det gjelder den norske bondens dyr har av de styggeste navnene i språket vårt, grisen og svinet».

No var dette ikkje vondt meint, og Frang skreiv mykje positivt om grisen i same tekst. Men er no orda «gris» og «svin» så stygge? Korleis var det igjen med høna og egget?

Er det sånn at nokon gav grisen eit «stygt» namn? Eller finst det dei som forbind noko stygt med det grisen gjer eller representerer? Ord er som regel ikkje stygge i seg sjølv. Dei består jo berre av meir eller mindre tilfeldige lydar. Det er det vi menneske eventuelt forbind med orda, som nokon eventuelt kan karakterisere som stygt eller fint.

Vi har jo utan tvil ordavleiingane «grise» og «grisete» som kan tyde å skitne til eller å vere skiten eller møkete, som igjen refererer til «skit» og «møkk». Nei, huff, ein kan miste appetitten av mindre. Men kva var det som skjedde no? Vi starta med «gris» og gjekk via «grise» og «grisete» og hamna i møkka. Men det var jo ikkje nødvendigvis grisen sin feil.

No veit vi jo at grisen faktisk er eit svært intelligent dyr, og grisen likar visst også helst å vere rein (som adjektiv altså). Men etter at vi menneske tamde grisen og byrja å halde han innestengd, blei det jo ikkje så lett for grisen å komme seg ut av møkka, og dermed vil kanskje mange forbinde ein gris med å vere grisete. Men denne koplinga er altså sekundær.

Det norske/nordiske namnet «gris» er faktisk det same som det tyske ordet «Greis», som er ein gammal mann. No vil sikkert mange tenkje «gamle grisen». Men igjen – dette føregår i hovudet til språkbrukarane i dag og har ingenting med den opphavlege tydinga å gjere. Adjektivet «greis» tyder «veldig gammal(t)», og ordet er i slekt med «grå», som jo ofte kjenneteiknar menneske som er gamle. Den gamle ordrota som ligg til grunn for «grå», tydde «stråle», «glinse», «skimre» iføgje dtv si etymologiske ordbok. Det er vel ikkje mykje stygt over dette?

Bjorvand og Lindeman kan fortelje at italiensk lånte inn ordet som «griso» og fransk som «gris» med tydinga «grå», mens engelsk har «grizzled» og «grizzly», som i «grizzlybjørn». Det er visst berre dei nordiske språka som bruker ordet «gris» om grisen, altså svinet. Kanskje ser alle griser gamle ut? Kanskje er dei som oftast grå – fordi dei er grisete?

Det andre ordet på grisen er «svin», som ein finn i tysk som «Schwein». Tysk bruker ikkje «gris»/»Greis» om svin i det heile. Både «gris» og «svin» har gjennomgått såkalla diftongering i nyhøgtysk, dvs. at germansk lang i blei til ei. Det same skjedde med engelsk «swine», men der endra ikkje skrivemåten seg fordi engelskmennene ikkje har vore like opptekne av stadige rettskrivingsreformer.

Ordet «svin» kan følgjast tilbake til det latinske adjektivet «suinus», som tydde noko sånt som «frå svinet». Opphavleg blei «svin» visst berre brukt om grisungar, noko ein ser på endinga «-inus». Grunnordet er då rett og slett «su», som vi har som «su» eller «sugge» i norsk, og som i tysk blei til «Sau», altså «hogris». Ifølgje dtv si etymologiske ordbok reknar ein med at «su» rett og slett var eit lydhermande ord, dvs. eit onomatopoetikon. Ikkje noko griseri den gangen. Men i dagens tysk kan ein bruke «sauen», «versauen», «rumsauen» og liknande ord med tydinga å oppføre seg dårleg, å grise (til) eller øydeleggje. Ein har altså i ettertid byrja å bruke ordavleiingar og ord med overførd tyding for å uttrykkje noko som kan ha å gjere med korleis grisen eventuelt oppfører seg. Men det var altså ikkje noko tyding som var der i utgangspunktet, og det er nok mennesket som har fått grisen til å oppføre seg dårleg.

Elles kan det jo vere verdt å hugse på at gris eller svin også er forbunde med lykke, jf. tysk «Schwein haben» eller den norske varianten «å ha griseflaks». Denne tydinga er visst ikkje så gammal. Ifølgje dtv oppstod dette uttrykket på 1800-talet blant studentar som var med i skyttarstemne der taparen fekk ein gris i trøystepremie.

For mange av oss er grisen hovudpremien i juletida, om det no er som ribbe eller som marsipangris. Men send no det stakkars svinet ein tanke før du set det til livs – og nyt det. Namnet skjemmer ingen!